Vestnorsk kulturakademi

Vestnorsk kulturakademi Her finn du info om kurs og nyhende ved Vestnorsk kulturakademi (VKA) på Voss. Kontakt tlf 903 68 990 Bygdene er i omstilling og utvikling.

VKA er eit regionalt kunnskapssenter for kultur og bygdenæring. Akademiet er utvikla sidan 1993 i eit nært samarbeid mellom lokale eldsjeler, Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland husflidslag, og universitetet og høgskulen i Bergen. Det krevst kunnskap om regionen og medvit om korleis lokale ressursar og verdiar skal forvaltast og korleis bygdene skal profiler

ast i framtida. Mange unge menneskje ynskjer vidare utdanning. VKA gjev eit lokalt tilbod om vidareutdanning og er eit godt alternativ til å flytta eller pendla. Undervisningsinstitusjonar har ei sterk tiltrekkingskraft og bestemmer i stor grad også framtidig bustad, og er difor ein ressurs for lokalmiljøet.

Så er dag 3 av kurs i komposisjonsmaling over og det er stille på Tvildemoen. Fornøgde deltakarar er reist heim med mykj...
16/08/2026

Så er dag 3 av kurs i komposisjonsmaling over og det er stille på Tvildemoen. Fornøgde deltakarar er reist heim med mykje kunnskap, som instruktør og malarmeister Tor Meusburger har delt i helga. Alt frå å koka maling, arbeida med ulike teknikkar som sjablongar, prosedyrer for trekking av tak, lage limfargar med plante- og beinlim, trekking av strekar, linoljemaling og mykje meir har vi vore innom i kurset. Til de som lurte på om de skulle vera med på kurset, så har VKA tenkt å ha fleire kurs i tradisjonell maling. Om du er interessert gje eit ord til: [email protected]

Dag 2: Smio ser fin ut etter eitt strøk med raud komposisjonsmaling. Det kjem eit strøk til og få vil fargen bli litt mø...
15/08/2026

Dag 2: Smio ser fin ut etter eitt strøk med raud komposisjonsmaling. Det kjem eit strøk til og få vil fargen bli litt mørkare. I dag arbeider vi også med limfargar, der instruktør Tor Meusburger demonstrerer og deler av kunnskapen din.

Dag 1 av kurs i komposisjonsmaling er snart over. Flinke og interesserte deltakarar. Vi har kokt maling og gjort klart l...
14/08/2026

Dag 1 av kurs i komposisjonsmaling er snart over. Flinke og interesserte deltakarar. Vi har kokt maling og gjort klart limfargar. Fargepigment i malinga er raudt jernoksid. Smia på Tvildemoen blir no fin og raud. Fint vær i dag.

Nydela fint på Tvildemoen i dag! Og hugs det er ledige plassar på kurs i komposisjonsmaling - startar 14. - 16.08.2026. ...
04/08/2026

Nydela fint på Tvildemoen i dag! Og hugs det er ledige plassar på kurs i komposisjonsmaling - startar 14. - 16.08.2026. Lær å laga di eiga utandørsmaling!

15/07/2026

Ledige plassar på kurset i komposisjonsmaling 14.-16. August på Tvildemoen, Voss. Lær å laga di eiga maling saman med malermeisteren Tor Meusburger.

Vil du lære å lage di eiga komposisjonsmåling?Tradisjonell komposisjonsmåling er rimeleg, miljøvenleg, vakker og svært g...
27/06/2026

Vil du lære å lage di eiga komposisjonsmåling?

Tradisjonell komposisjonsmåling er rimeleg, miljøvenleg, vakker og svært godt eigna til trehus, naust, løer og andre trebygningar. På dette praktiske kurset lagar vi målinga frå grunnen av og går gjennom både oppskrifter, råvarer, påføring og vedlikehald.

Du treng ingen forkunnskap – berre interesse for tradisjonshandverk, bygningsvern og berekraft.

Få plassar att – meld deg på no!

Kurset er 14.-16.08.2026 på Voss

Påmelding til: [email protected]

Det er ikkje berre Norge og Vestlandet som driv med brygging av tradisjonsøl. Under den største nordiske middelalderfest...
27/06/2026

Det er ikkje berre Norge og Vestlandet som driv med brygging av tradisjonsøl. Under den største nordiske middelalderfestivalen i Åbo i Finland denne veka, var VKA med å brygga det finske tradisjonsølet sahti saman med Mika Laitinen

Norgesvenn og tradisjonsbryggar Mika er finsk ølskribent og bryggeekspert. Han har skrive bøkene Sahti – Elävä muinaisolut og den engelskspråklege Viking Age Brew: The Craft of Brewing Sahti Farmhouse Ale. Sahti er eit tradisjonelt finsk gårdsøl. Bryggemetoden er ikkje ulik den vestnorske brygginga av øl med kveik. Mika brukar både bygg og rug og einer under meiskinga. I dette brygget brukte faktisk Mika både norsk kveik frå Voss og gjær frå Litauen.

I Finland får ein lov til å selje sahti frå staden der ølet er bryggja i motsetnad til i Norge, der ein førebels kun har lov å selje sider frå gardane. Det er no ute ei høyring om endring av alkohollova for å få lov til å selja heimebrygga øl frå gardane. VKA håper at dette blir lovleg, då det vil sikra vidare bruk av kveiken og styrka vidareføringa av den levande kulturarven knytt til fleire tusen års tradisjon med brygging av kveikøl. Sikring av ølbryggartradisjonen med kveik er også grunnen til at VKA har utarbeidd og levert søknad til KUD om å få heimabrygging av øl med kveik inn på UNESCO si Representative List, som døme på menneska sin immaterielle kulturarv. Akademiet har gjort dette på vegne av alle bryggarane i Indre Vestland.

VKA håper å få til ei samling/festival på Voss i 2027 med fokus på tradisjonell ølbrygging, der vi kan visa både brygging m.a. sahti og kveikøl. Vestnorsk kulturakademi til UNESCO Mika Laitinen

https://www.ba.no/no-ma-staten-gje-oppreising-til-oltorste-vestlandske-anarkistar/o/5-8-3447524 At nokre utvalde småskal...
27/06/2026

https://www.ba.no/no-ma-staten-gje-oppreising-til-oltorste-vestlandske-anarkistar/o/5-8-3447524 At nokre utvalde småskalaprodusentar i nokre få vestlandsbygder får driva kontrollert og regulert gardssal, er det minste den norske staten kan gjera for å heidra dei som i tusen år har tatt vare på kunnskap, kultur og biologisk verdsarv

Den mest anarkistiske vestlendingen er på full fart inn på verdsarvlista. Då skulle det berre mangla at staten gjorde opp for gammal urett.

Adresse

Magasinvegen 26, Tvildemoen
Vossavangen
5705

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00

Telefon

+4790368990

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestnorsk kulturakademi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vestnorsk kulturakademi:

Snarveier

Del