Stine Eide

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Stine Eide Handteikna Blyantkunst
Handmade Pencil Art

For ei helg det vart!For nokre venar eg har! Då me fekk regn, vind og gjørma til knea halvvegs oppå vidda lurte eg på om...
04/09/2026

For ei helg det vart!
For nokre venar eg har!
Då me fekk regn, vind og gjørma til knea halvvegs oppå vidda lurte eg på om eg var komplett idiot som gjorde dette frivillig. Men heldigvis var eg ein idiot i godt selskap. Då krampen trua og motivasjonen var tynnslitt høyrde me "heia heia, de e råååå!" frå eit bjørkekratt. Der stod støtteapparat og motivator, Monica Slettemark Grønås og fekk oss over kneika. Og då beina song på det siste verset, og det viste seg å vera oppoverbakkar inn mot målområdet, er det gull å ha verdas beste og staaste joggekompis, som kan kunsten å tyna siste rest melkesyra ut av både sine og mine bein 💪🏼

Som restitusjon etter sånne idiotpåfunn funkar feiring av Monica 40 år med hjortebiff, bobler og badestamp på casa Grønås som ei kula! 🥂

No er eg klar for å sitja heeeilt i ro i teiknestolen ei stund framover 😅

#❤️

28/08/2026

🌟
Galleriet held stengt Laurdag 29.08!
🌟
Då stikk eg på Hardangervidda og kosar/ sjølvpinar meg saman med andre friskusar i midtlivskrisa. Sjåast på andre sida av helga!

Berre litt snø att no ❄️Når eg vågar meg på eit realistisk gjett på dato for ferdigstilling av "Nistetur" skjer det spen...
14/08/2026

Berre litt snø att no ❄️

Når eg vågar meg på eit realistisk gjett på dato for ferdigstilling av "Nistetur" skjer det spennande ting!
Eg har faktisk 10-års jubileum for galleriet mitt i år, og har store planar for kombinert jubileumsfeiring og lanseringsfest 🥳

Då vert det råd å sikra seg førsteeksemplar av dei ulike trykkvariantane 🤩

Forhåpentligvis skjer det til hausten. Men først må eg teikna ferdig. Og laga trykk.
Det einaste som er sikkert er at det må bli før året er omme 😅
Stay tuned!

08/08/2026

Kome heilt til Thermosen!
No nærmar det seg 🤩

Eg har teikna eit helteportrett.Det har tittelen "MANNEN SOM TOK OPPVASKEN" 😉Vil du ha MANNEN SOM TOK OPPVASKEN får du h...
04/08/2026

Eg har teikna eit helteportrett.
Det har tittelen "MANNEN SOM TOK OPPVASKEN" 😉

Vil du ha MANNEN SOM TOK OPPVASKEN får du han i ulike fargevariantar og storleikar frå 3500 kr. Alle variantane finn du på www.stineeide.com

drawing

🌟KUNSTKALENDEREN 2027 er på plass i gallerihylla! Eg er kjempenøgd med kvalitet og trykk, og meinar sjølv, audmjukt og o...
21/07/2026

🌟
KUNSTKALENDEREN 2027 er på plass i gallerihylla!
Eg er kjempenøgd med kvalitet og trykk, og meinar sjølv, audmjukt og objektivt, at det er den beste til no! 😎

Sommar i galleriet 😎Barnehage og skule-ferien er støtta av Ludo og Roald Dahl 😉
09/07/2026

Sommar i galleriet 😎
Barnehage og skule-ferien er støtta av Ludo og Roald Dahl 😉

Kjem badetemperaturen endeleg?SJØHEST eller ei, har ikkje bading vore den store sommaraktiviteten på vestlandet til no i...
08/07/2026

Kjem badetemperaturen endeleg?
SJØHEST eller ei, har ikkje bading vore den store sommaraktiviteten på vestlandet til no i år 🥶☔️

Du får SJØHEST i ulike fargevariantar og storleikar frå 1000 kr. Alle variantane finn du på www.stineeide.com

🌟KUNSTKALENDEREN 2027 Er prøvetrykt, og forhåpentlegvis på plass i gallerihyllene i neste veke! 🤩Må seiast at eg er meir...
01/07/2026

🌟
KUNSTKALENDEREN 2027
Er prøvetrykt, og forhåpentlegvis på plass i gallerihyllene i neste veke! 🤩
Må seiast at eg er meir nøgd med resultatet enn nokon gong! 😎
Heil-nynorsk og heilproft trykt av Unik print 👌🏼
#2027

Adresse

Vangsgata 33
Voss
5700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stine Eide legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stine Eide:

Snarveier

Del

Kategori