17/08/2026
KVA VIL EG MED TONANE MINE?
HAR DEI NOKO Å FORTELJE?
Ja, dei er forteljande. Men ikkje som i ei logisk samansett historie eller med ein klar bodskap. Tonane er meir spor etter livserfaringane mine. Så dei “handlar om” - i tydinga «spring ut av” - det å leve. Om å miste. Om å finne. Om å sjå den djupe verdien i kvarandre. Om å vone. Om å lengte. Har dette interesse for ein lyttar? Kvifor sa eg ja då Kaja Skatvedt Robak spurde om eg ville vere med og starte ein festival (som vart heitande “tonehimmel”) der me kunne gjere folka i bygdene våre kjende med tankane og tonane til nolevande komponistar? Grunnen var nok draumen om at musikken som blir skriven idag kan bli lytta til og samtala om av fleire. Kanskje ville det vekse fram eit miljø på våre kantar der det å lytte til nye tonar var like naturleg som å lytte til susen i graset?
Violinisten og dirigenten Lars-Erik ter Jung og hans strykeorkester Terjungensemble har lenge vore eitt av mine djuptloddande talerøyr, gjennom bestillingar, konsertar og CD-utgjevingar. No er dei klare til å kome til Volda-kyrkja og spele heile mitt 9-satsige verk “kintsukuroi - den knuste krukka (haustsuite)”.
Tittelen viser til den japanske kunstforma der ein set saman igjen ei knust krukke, men bruker forgylt lim. Slik kan brestane og såra verte synlege og bli ein vesentleg del av den nye heilskapen.
Då kona mi, Liv Åm, gjekk bort i vinter, let ho etter seg ei stor samling naturfoto, tekne på dei mange turane i skog og fjell for å registrere plantemangfaldet rundt oss. Ho hadde også starta å velje ut nokre av fotoa som ho assosierte til ulike satsar i haustsuiten min. Bildet eg lar stå saman med dette innlegget mitt, er eitt ho syns passa
til satsen “fønvind”.
Satsane i haustsuiten er: “venger”, “fargar”, “dropar”, “frost”, “fønvind”, “oppløysing”,
“snøflak”, “knoppar”, “famn”.
Magnar Åm
Tusen takk til samarbeidspartnarane som gjer konserten mogleg
Kulturrådet Sparebanken Møre Møre og Romsdal fylkeskommune Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre Volda kyrkje Høgskulen i Volda
Les meir om konserten her: https://fb.me/e/8VaGRPdTj