Møre Støyperi

Møre Støyperi Foreininga Møre støyperi skal fremje kulturlivet i Volda og regionen.

Foreininga for Møre støyperi har føremål om å eige, drifte og ta vare på kulturminnet Møre Støyperi på eigedomane i Volda, herunder å kunne leige-/låne ut lokale og uteområde.

Les meir om vårens arbeid og planane for hausten i Møre
22/06/2026

Les meir om vårens arbeid og planane for hausten i Møre

Arbeidet med å restaurere Møre Støyperi held fram med jamn framdrift. Eit omfattande gravearbeid er fullført.

Denne veka reiste Liisa, Daniel og Gunnar til Bergen for å besøke USF Verftet og Bergen Kjøtt - to av dei mest spennande...
18/06/2026

Denne veka reiste Liisa, Daniel og Gunnar til Bergen for å besøke USF Verftet og Bergen Kjøtt - to av dei mest spennande kulturhusa i landet. Begge starta som fråflytta industribygg. I dag er dei levande møteplassar fulle av kunst, musikk, kreativitet og fellesskap 👥🏚

For oss som arbeider med framtida til Støyperiet var dette ein stor energiboost og inspirasjon! Noko av det vi tek med oss vidare:

✓ Ein tydeleg visjon er avgjerande
✓ Start å teste aktivitet så tidleg som mogleg
✓ Mangfald og inkludering skaper engasjement
✓ Fleksible rom gir fleire moglegheiter
✓ Du kan aldri få nok lagerplass...

Det viktigaste vi lærte? Kulturhus handlar ikkje først og fremst om bygg. Dei handlar om menneske, fellesskap og gode idéar.

Takk til USF Verftet og Bergen Kjøtt for inspirerande omvisingar og gode samtalar. No tek vi med oss erfaringane heim og vidare inn i arbeidet med Støyperiet!

📸 Liisa Mänd/Pinea Studio

Kulturrom Gjenklang

Kva skal du i morgon? Foreslår at du legg søndagsturen din til Elvadalen, og forbi Møre Støyperi. Sjå kva støtte frå Spa...
06/06/2026

Kva skal du i morgon? Foreslår at du legg søndagsturen din til Elvadalen, og forbi Møre Støyperi. Sjå kva støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og det framifrå arbeidet til Anleggsgartnar Jan Erik Sandal
har betydd!
Ver snill å respekter sperringane rundt bygget❤️

Vi er i gang med ei spørjeundersøking for Støyperiet, som skal brukast i behovsstudien til Kulturrom Gjenklang!Denne und...
20/05/2026

Vi er i gang med ei spørjeundersøking for Støyperiet, som skal brukast i behovsstudien til Kulturrom Gjenklang!

Denne undersøkinga er retta mot deg som publikum/brukar av huset. Lag, organisasjonar og kreativ næring vil motta eiga undersøking 😊

Om du er i målgruppa og har fem minutt til overs, set vi stor pris på om du vil svare på undersøkinga. Lenke til spørjeundersøkinga: https://forms.gle/7a2H1SaSyvDV5Bbm8

Tusen takk!

Vi jobbar med å utvikle Møre Støyperi som møteplass og kulturarena. Denne undersøkinga handlar om korleis du vil bruke staden og er ein del av behovsstudiet for Gjenklang-ordninga til Kulturrom. Det tek 2– 4 minutt å svare. Tusen takk for hjelpa!

Vil du være med oss på DUGNAD? Vi får fått tilbakemeldingar på at fleire vil være med, og det synes vi er SÅ kjekt!!🤩Fyr...
15/04/2026

Vil du være med oss på DUGNAD? Vi får fått tilbakemeldingar på at fleire vil være med, og det synes vi er SÅ kjekt!!🤩
Fyrste anledning er no på laurdag kl 10:00. Vi skal rydde og rive litt, ta med eigne hanskar.
Vi vil opprette ei messenger-gruppe for dugnad, trykk «liker» her så legg vi deg til der.
Vi sjåast 👷‍♀️👷‍♂️ 🔨

Takk for godt oppmøte på årsmøtet og det opne møtet for Møre Støyperi i dag! Det var kjekt å få gode spørsmål, og tusen ...
11/04/2026

Takk for godt oppmøte på årsmøtet og det opne møtet for Møre Støyperi i dag! Det var kjekt å få gode spørsmål, og tusen takk for bidraga til behovsanalysa. Det gir oss ei tydelegare retning vidare 🏚

For dei som ikkje hadde høve til å delta i dag, og som har innspel til prosjektet, er de velkomne til å ta direkte kontakt med oss!

Ha ei god helg vidare 😊

Ei stor takk til Retura Søre Sunnmøre AS  som har sponsa oss med containerar og avfallshåndtering. Mykje gammalt skrot h...
18/03/2026

Ei stor takk til Retura Søre Sunnmøre AS som har sponsa oss med containerar og avfallshåndtering. Mykje gammalt skrot har hopa seg opp gjennom åra etter ulike bedrifter som har leigd. Etter foreninga tok over har vi måtte kaste ein god del.

Då forsvant endelig den store 40-fots containeren frå eigedommen. Takk til Sunnmøre Kranservice som henta ☺️👍🏼🛻Litt mind...
13/03/2026

Då forsvant endelig den store 40-fots containeren frå eigedommen. Takk til Sunnmøre Kranservice som henta ☺️👍🏼🛻
Litt mindre trykk ned mot massa som er bakom bygget. Snart starter gravinga for fult.

Adresse

Volda

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Møre Støyperi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Møre Støyperi:

Snarveier

Del