11/06/2026
Heimen er hjartet i kunstnarskapen til Nikolai Astrup. Familieliv og kvardagsgleder kjem fram i scener frå favorittstadene til familien, både heime og i fjellbygda. Barndomsheimen på Jølster prestegard og kunstnarheimen på Sandalstrand var begge rike kjelder til motiv i kunsten hans.
Bli med inn i årets utstiling "Ein kreativ heim". Her møter du Nikolai nettopp på heimebane, med familie og kvardagsliv som set kunsten i eit nytt lys.
Verka i denne utstillinga er valde ut for å belyse verkstadkulturen rundt Nikolai – eit kollektivt og kreativt samspel i Astrup-familien. Somme av dei er lånte inn frå private eigarar og har ikkje vore synte i tunet sidan Engel og Nikolai Astrup si levetid
🖼
Utstillinga vert ståande til midten av september og er tilgjengeleg i tunet sine opningstider.