08/08/2026
Sommaren er på hell, og i går avslutta me eit vellukka seks veker langt ungdomsprosjekt på VBF. 🌞🎱
Jørund, Knut og Sara har i dei siste vekene halde dørene opne for lokale og tilreisande som har ønskja seg ein ferieaktivitet i Valle.
Me fekk også ein bonusopningsdag, då Lucas og Adrian frå Mandal vart stranda i Valle grunna bilhavari. Ein snartenkt svigerfar tok kontakt for å høyre om det var mogleg å opne VBF denne dagen. Det enda med at Lucas og Adrian no kan oppdatere CV-en med arbeid for VBF. 😎
Alle unge under 24 år har desse sommarmånadene kunna spele gratis biljard, og me har hatt ein aktiv og uformell møtestad i Valle sentrum.
Gjennom sommaren har det vore innom besøkjande frå både inn- og utland, i alle aldrar. I starten hadde me også ein del fotballinteressert publikum som kom innom. ⚽🎱
Basert på Vipps-trafikk frå kiosksal og drop-in-speling blant dei over 24 år, ser me at det har vore 58 unike registrerte brukarar på VBF i perioden 8. juni–8. august. I tillegg kjem alle gjentakande brukarar og alle besøkjande som ikkje har lagt att digitale spor. 🔥🙌
Det har vore null ugreier og eksemplariske gjestar, og når det største problemet i sentrum har vore Eivind Beinlaus på enkelte dagar, må ein kunne slå fast at det har vore ein vellukka sommar.🌬 😅
Ein annan observasjon er at mange turistar er på jakt etter mat i kveldinga. Der kom VBF til kort, men det syner seg å vere eit potensial for fleire sommarjobbar i åra framover, for unge kremmarar. 🌭🍔
Takk for innsatsen til Jørund, Knut og Sara, og til alle som har nytta tilbodet! 👏
Me håpar og trur at hausten også vil by på stor aktivitet i Valle sentrum, og ønskjer spesielt fleire nye fjes velkomne innom! 🎱🔥