Å være inspirert, handler om å ta kontroll over livet sitt. Å kjenne seg sjølv og leve sitt eget liv. Og å være se sjølv. Og virkelig glede seg over det.
På denne sida ønsker eg å dele med deg den visdommen eg har opparbida meg gjennom et langt liv som illustratør og kunstner. Om å invitere deg inn i min verden slik at du kanskje oppdager fleire sider av din. Liker du det eg gjer, forteller det noko om deg. Om det du liker. Og som gir deg glede. Når me kjenner igjen noko me liker, er det alltid noko som gir gjenklang i oss sjølv. Om det er eit bilde, ein tekst, ein sang eller noko anna.
Lever du ditt ideelle liv? Om ikkje så er aldri tida så ideell som akkurat no til å gjere noko med det. Når me kjenner etter kva som gjer oss glade og lei oss, så kan me begynne å velge. då begynner livet virkelig å bli magisk!
Tegne- og maleundervisning via:
Onlinekurs:
Bli god til å tegne og male - et årskurs med feedback Påmeldingslink: Bli god til å tegne og male
Bli god til å tegne portrett 1495,- Påmeldingslink: Bli god til å tegne portrett
Tegnekurs - svane i vatn med feedback - starter no 15.6.20 Påmeldingslink: Teiknekurs
Enkelt tegnekurs - påmeldingslink: Grunnleggande tegnekurs
Det er og eiga Facebook-gruppe - Bli kreativ med skisser - der du kan få inspirasjon og lære å tegne skisser, som er ein av dei beste metodane til å bli god - både til å teikne og male. Fordi det både er enkelt, lite tidkrevande og billig, er det ein fantastisk ting å jobbe med. Gruppa er gratis og det er som regel ukentlige oppgave og nye innspill. Masse kjekke folk som er engasjerte og legger ut. Det er livesendinger og video og mange, mange tegninger. Her kan du trygt være nybegynner eller meir erfaren, og ein av hensiktene med skisser er å komme ut av hovet og inn i flyten. Oppgaver og læring er fra tirsdag til torsdag, og noko vert liggjande i gruppa slik at du har tilgang heile tida. Link: Bli kreativ med skisser
Du kan abbonere på alt eg underviser i i skissegruppa for kr 75,- pr mnd og samtidig får du og det enkle tegnekurset. Link for påmelding: Tegning, skisser og inspirasjon
Workshops og eventer - følg med. Det er planlagt et danse-og malekurs med Anne Marie Sander som danseinstruktør på Kreta, Paleohora i mai 2021 22.-29. Ta kontakt for info. Kr 6000,- for kurset - opphold og reise kjem i tillegg.
Privattimer: 475,- for 45 min og 750,- for 90 min Ta kontakt for tidspunkt. Kan og gjerast på zoom.
Galleri med maleri, bilete og illustrasjonar:
Originalar
Bestilling/kommisjon
Trykk
Kort og produkt med motiv
Du kan få bilete både med og uten ramme. Av og til er det ventetid på rammer eller trykk som ikkje er på lager.
Galleriet er no i sommar stort sett open mellom 12 og 14 på fredagar, elles etter avtale. Eg blir i området det meste av tida, så det er berre å ta kontakt på 45 45 33 46 om du har gjester eller ønsker å komme innom.
Link til webside: www.anitavaamartveitart.com
Min historie:
Eg trudde eg hadde funn min veg i livet då eg fulgte drømmen min og blei illustratør. Eg drømte om det som 12-åring og kunne mest ikkje tru det då eg kom inn på den perfekte utdannelsen ved Gemini school of illustration. Der eg 3 år seinare gjekk ut med diploma With distinction. Og i mange år var det ein fantastisk drøm. Heilt til eg ein dag satt der og var tom, kunne ikkje male meir og trudde eg måtte legge alt på hylla for godt.
Lite visste eg at me av og til har egenskaper me ikkje veit om, og det skulle ta mange år før eg skjøna at eg og følte meg kalla til å undervise i det eg hadde lært, og har etterkvart oppdaga kor mykje det faktisk var eg visste. Eg ante ingenting om mine evner til å undervise. Eller at ein må ta hensyn til det å være sensitiv og kanskje leve på ein annan måte enn eg trudde eg skulle.
Etterpå har eg hatt utrulig mange på kurs som i løpet av kort tid, får til veldig mykje bra. Meir enn dei trudde, nett som meg. Eg oppdaga ved eit tilfelle at mange fleire kan lære å tegne og male enn dei sjølv trur. Me kan ha blitt fortalt ein gong i oppveksten at me ikkje har evner, at me ikkje duger, at det ser “feil” ut. Enda teikning kanskje var det faget me fekk minst undervisning i. Me skulle liksom finne ut av det sjølv.
Då eg lærte ein 12 år gamal elev å teikne som aldri hadde fått til å teikne før, og ei gammal venninne som kun hadde misunt meg mine evner, skjøna eg at mange lar være pga manglande tru på at dei kan. Som med mykje anna me egentlig aldri har prøvd ut. Men trur me ikkje har evner til.
På et NLP-kurs lærte eg at det me seier til oss sjølv har uante konsekvensar, siden hjernen vår ofte trur at det er sant. Då eg trudde eg kunne få til det meste, gjorde eg det. Men då eg begynte å tru det motsatte, gjekk og prestasjonen ned, og sjølvtilliten forsvant. Og eg såg kva eg kunne hjelp meg sjølv med når eg jobba med det eg fortalte meg sjølv. Då eg gjekk på dette kurset, hadde eg kommen inn i ein enorm stress-situasjon ang nøklar av alle ting. Eg kunne bruke fra 1/2 til 1 time på å finne dei når e skulle ut dørene. Ikkje spesielt kjekt. Og kva sa eg til meg sjølv? - jo - eg finner ikkje nøklane mine :-)
Derfor blei det test 1. Eg begynte å sei: eg vil finne nøklane mine, og eg finner nøklane mine. Og etterkvart kom det seg. No har eg stort sett kontroll på dei. Det hender det glipper, men livet er utrulig mykje meir behagelig når det gjeld nøklar.
Kva har dette med deg å gjere? Jo - kan hende har du evner du ikkje veit om. Kan hende kan du ting, berre du får litt hjelp på veien og lærer det du og.
Vil du lære å tegne og male - gjer noko med det. Meld deg på kurs hos nokon du likar. Det fungerer ofte best. Dei har lært det du ønsker å lære. Me kan sjølvsagt finne ut av det sjølv. Men me kan ofte komme fortare av gårde ved å lære av andre.
Lytt til stemma inni deg som gjerne vil oppdage og lære noko nytt. Det du enno ikkje har opplevd som du så gjerne ønsker. Ein annan ting eg oppdaga på vegen var at bilete kan hjelpe oss med å oppfylle draumar. Fordi dei fungerer som påminnelsar for oss. Og det me fokuserer på, får me ofte meir av.
Då eg mala eit bilete av ungane mine som haldt rundt karandre, slutta dei å krangle. Fullstendig. Iallfall i mitt nærvær. For meg som blir stressa av for mykje lyd, var det ein fantastisk velsignelse. Og sikkert for dei og som fekk det litt fredeligare heime.
Derfor - ha bilete heime med motiv du gjerne vil ha meir av og som gir deg gode assosiasjonar og gode følelsar. Set vekk det som gjer deg deprimert og tung til sinns. Vil du ha meir ro, ha bilete som gjer deg ro. Rydd. Fjern det som stressar deg.
Skal du kjøpe bilete til nokon som gåve, set deg gjerne inn i kva personen likar. Då kan du velge lettare. Hos meg er det returrett på gåver sidan det er viktig at mottageren blir fornøyd. Så sei gjerne det om du kjøper eit bilete hos meg som gåve. At det kan byttast om det ikkje fell i smak. Smak kan me ikkje pådytta nokon.
Mitt navn er Anita Våmartveit. Eg har jobba i mange år som frilansillustratør, mykje for ukeblader i Norge, Sverige og Danmark, men eg var innom TV, har laga livredningsillustrasjonar, kortmotiv, portrett, landskap, dyr og fuglar med mer og - møtte veggen fullstendig i 2005. Der eg trudde eg måtte slutte. Men fant meg sjølv igjen i ein meditasjon og skjøna at maling - det måtte eg fortsette med.
Men - og undervisning. Eg elsker nemlig å lære bort det eg kan, og hadde enormt stor glede av å lære sjølv som ung ambisjonsrik kunstnarspire. På veien oppdaga eg at det eg ikkje kunne eller hadde lært, var å ta vare på meg sjølv oppi alt det kuntneriske, og difor får du på denne sida ein blanding av alt det eg trur kan være til nytte.
Spør om det er noko du lurer på, spør om du vil ha tips om noko, ta kontakt om du vil ha hjelp til noko. Eg kan masse om tegning og maling med akryl på papir og lerret, illustrasjon og det å drive som illustratør. Eg kan og ein del om det å være sensitiv, ta vare på oss sjølv i ein verden full av påvirkning, og sikkert masse anna eg ikkje kjem på akkurat no. På websida til kursene mine og over, finn du alle kursene mine om du vil kikke på dei. www.blissfulartist.com
Mitt beste råd - for å bli og halde deg inspirert - følg DIN EGEN PASSION!!!!!
Ikkje la andre som ikkje forstår deg, fortelle deg kva som er bra eller dårleg. Det er plass til deg og, med akkurat det du elsker. Bruk geniet ditt, vær deg sjølv og søk trøst blant likesinnede når ingen forstår deg. Dei finnes!
Ha ein aldeles fantastisk, inspirert og magisk dag!
Klem fra Anita