Tysnes Ungdomslag

Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag er eit ungdomslag som held til i ungdomshuset, Vonheim, i Våge. Huset vart bygd i 1923, men er bygd ut fleire gongar.

Seinast i ´03/04 då det vart bygd nytt storkjøken. Huset er mogleg å leige for dei som måtte ynskje det. Huset passar til dei fleste arrangement ein kan tenkje seg. Kontakt utleigeansvarlig på: [email protected] eller send ei melding til oss her på facebooksida vår! Styret som er vald for Ungdomslaget 2022 er følgjande:

Styreleiar: Irene Dalland
Nestleiar: Marianne Tvedt
Styremedlem: O

liver Nordtveit Fagerbakk
Styremedlem: Samuel Dalland
Styremedlem: Mathias Bakke
Styremedlem: Sigvard M Madsen
Kasserar: Steffen Sleire Opdal
Vara: Erlend Tvedt
Vara: Marcus Dalland
Vara: Johanne Dalland

Utleigeansvarleg: Cecilie F Hauge Hansen, epost: [email protected]

Nytt styre i Tysnes Ungdomslag 2026 ✨På årsmøtet 18.03.26 blei det valt nytt styre i Tysnes Ungdomslag, med nokre nye me...
01/05/2026

Nytt styre i Tysnes Ungdomslag 2026 ✨

På årsmøtet 18.03.26 blei det valt nytt styre i Tysnes Ungdomslag, med nokre nye medlemmer og nokre trufaste medlemmer med lengre fartstid:

Leiar:
Marianne Tvedt
Styremedlemmer:
Sigvard M Madsen
Steffen Sleire Opdal
Johanne Dalland
Oliver N Fagerbakk
Samuel Dalland
Monica Løvaas

Vara:
Erlend Tvedt
Tora Austvik
Sofie Bjerkøen

Utleigeansvarleg:
Cecilie F Hauge Hansen

Me er glade og takksame for engasjementet og innsatsen frå dei som no tek på seg verv i laget, og ser fram til arbeidet vidare 🧡

Samtidig vil eg, Irene, takka for tilliten eg har fått som leiar dei siste åra. Det har vore både kjekt og lærerikt å få vere ein del av dette arbeidet saman med så mange flinke og engasjerte folk. Eg er stolt av det me har fått til i lag!

No gjer eg stafettpinnen vidare til Marianne og det nye styret, og eg ynskjer dykk masse lukke til i tida som kjem. Eg heiar på dykk, og gler meg til å følgje arbeidet vidare 🥰

Tusen takk til alle som bidreg og bryr seg om Tysnes Ungdomslag!

Beste helsing Irene Dalland, tidligare leiar i TUL

1. mai-dugnad!Dei siste åra har vore ein samanhengande dugnad i og rundt huset 🤩😇Difor har me bestemt oss for å la denne...
26/04/2026

1. mai-dugnad!

Dei siste åra har vore ein samanhengande dugnad i og rundt huset 🤩😇
Difor har me bestemt oss for å la denne litt innklemte 1. mai-fredagen gå stille forbi.

Men tvil ikkje – det kjem snart nye dugnadsmoglegheiter! 🥳😍
Og hugs: det finst mange måtar å bidra på.

Eit medlemskap er òg ein del av dugnaden – og det lønner seg!
Som medlem får du redusert leige av huset, så det betalar seg fort om du planlegg å bruke Vonheim.

Me treng alltid fleire med på laget – bli medlem i dag😍

Ungdom: 150 kr
Vaksen: 250 kr
Familie (2 vaksne + 2 born): 500 kr
Bedrift: 1500 kr
Vipps: 131180 Hugs å merka med navn/familie

Heia Vonheim, heia samhald og fellesskap! 💛

🎉 FOR EIN DAG – OG FOR EIN FEST I VONHEIM I GÅR PÅ PÅSKEAFTA 🎉Vonheim kokte i går – og FOR ein suksess det vart 🎊Me slo ...
05/04/2026

🎉 FOR EIN DAG – OG FOR EIN FEST I VONHEIM I GÅR PÅ PÅSKEAFTA 🎉

Vonheim kokte i går – og FOR ein suksess det vart 🎊

Me slo Norgesrekorden i stolleik med heile 221 deltakarar – heilt rått!! 🪑
Tryllekunstnar, ansiktsmaling og kiosk nede i labyrinten i 1 etg var ein stor suksess 👌og me reknar over 250 menneske var innom huset på dagtid i går 🇳🇴🎉

Når kvelden kom… då var det igjen FULLT hus! 🎶
Fest og basar med gode premiar, mykje godt i baren og topp stemning frå start til slutt 🍻

Etter to kjekke rundar med åresal tok Årstein Tislevoll gitaren fatt og leverte både god musikk og kjekk stemning 🕺🎊

💛 TUSEN TAKK til alle som kom, støtta og bidrog!
Det betyr utruleg mykje for oss – og det er akkurat sånne dagar som gjer Vonheim til den møteplassen det skal vere 🙌 🥹

Og du… stolleiken?
Den vart ein kjempesuksess! 😄
Kanskje det blir tradisjon med stolleik kvar påskeafta? 🐣💛

Vyrde helsingar
Styret i Tysnes Ungdomslag 💛

Elleville PREMIAR på stolleiken i dag kl 14.00 🎊🎉🥳 Det nærmer seg stolleiken, om få minutt!! Sjå her ka du kan vinna:🎉 G...
04/04/2026

Elleville PREMIAR på stolleiken i dag kl 14.00 🎊🎉🥳
Det nærmer seg stolleiken, om få minutt!! Sjå her ka du kan vinna:

🎉 Gåvekort Våge Senter - 5000kr
🎉 Tre-retters middag på Mandelhuset
🎉 Medlemskap på Svingen Puls
🎉 Festivalpass Tysnesfest

03/04/2026

Bli med på forsøk i Norgesrekord i stolleik i morgon laurdag i Vonheim 🎊🪑
For å høyra om forsøket, slå på Radio P1 i morgon i 08-09 tida på morgonen 🎉
Me sjåast kl. 14.00 i Vonheim 🤩

Velkomen til Vonheim laurdag 4 april! 💛GRATIS inngong og underhaldning heile dagen 🎊 Ein opningsfest du aldri har sett l...
01/04/2026

Velkomen til Vonheim laurdag 4 april! 💛
GRATIS inngong og underhaldning heile dagen 🎊

Ein opningsfest du aldri har sett liknande av før 🇳🇴🎉🥳 Dette blir heilt ellevilt!
På laurdag melder dei ikkje så flott påskevêr 🐣 men fortvil ikkje! For inne i Vonheim er det både varmt, opplett og kjempestemning heile dagen 😍🎊

Sjå på dette knallkjekke programmet:

13:00: Dørene opnar – GRATIS tryllekunstnar og ansiktsmaling, popcorn 🍿 aktivitetar for barn og familiar 🎈

14:00–15:30: Noregs største stolleik – rekordforsøk med ablegøyer, speaker og mykje gøy 🪑🎉
👉 Meld deg på her: https://www.letsreg.com/no/register/stolleik #/
(Om du ikkje har meldt deg på er du velkomen likevel - me vil prøva å slå Norgesrekorden og då treng me alle som kan vera med 👏🤩)

15:30–19:30: Mingling i heile bygget, servering av mat, drikke og kake i «Labyrinten» 🎂 🌭 🥤

19:30–23:30: Fest og basar 🎶💃🕺
Tidenes basarstemning og livemusikk levert av ingen ringare enn Årstein Tislevoll!
Her blir det sal av GODE drikkevarer i baren 🥂🍾🍻og basaren har skikkelig feite premiar 🎁🥳🎉

⏰ 13:00–19:30: Ope for alle
⏰ 19:30–23:30: Arrangement for dei over 18 år
🎟️ Gratis inngong og underhaldning heile dagen!
Velkomen til oss 😊

Mykje bra program i Vonheim på fyrstkommande laurdag - men gløym ikkje å setja av kvelden, for då kjem trubadur Årstein ...
30/03/2026

Mykje bra program i Vonheim på fyrstkommande laurdag - men gløym ikkje å setja av kvelden, for då kjem trubadur Årstein Tislevoll og spelar opp til dans 💃 Før han freister oss ut på dansegolvet så blir det basar med mykje feite premiar 🎉🥳 Dette vil du få med deg 🤩

Kvelden startar: 19.30 NB! 18 års aldersgrense
💛 Gratis inngong
💛 Sal av ymse god drikke og snacks i baren 🍷 🥃 🍻
💛 Ta med ein ven og ha ein knallgøy kveld 🕺

Ser fram til å sjå DEG i Vonheim på laurdag 🎉

Vonheim Gjenopningsfestival – samhald, fellesskap og Den Største Stolleiken!

Adresse

Våge
Tysnes
5680

Telefon

+4795049131

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes Ungdomslag:

Del