19/08/2026
🎲 Endeleg kan me vise fram noko me har jobba med ei stund – vår eigen D&D Character Tracker!
Denne har me utvikla frå botnen av sjølve hos Miniastyr. Me har designa, laga prototypar, testa, justert og testa igjen – fram til me sat igjen med ein fysisk tracker me sjølve har lyst til å ha på spelebordet.
Tanken er enkel: Du skal kunne halde styr på det som endrar seg gjennom spelet utan papir, blyant eller mobilen. Med magnetiske stålkuler og fysiske teljehjul har du verdiane rett framfor deg og kan justere dei undervegs.
Trackeren har mellom anna:
⚔️ HP-teljar frå 0–399
🎲 Teljehjul og ekstra delar som kan lagast om til 6 separate teljarar frå 0–59
🧲 Innebygde magnetar og magnetiske stålkuler
✍️ Personleg namneplate, gravert på begge sider med to namn du sjølv vel
🔵 Ekstra kuler med eigen lagringsplass
Og me stoppa ikkje der.
Me lanserer både ein Standard og ein Premium-versjon.
Premium inneheld alt frå Standard, men du får i tillegg:
+ 5 ekstra trackerar
+ Oppbevaringspose til trackeren og tilbehøyret
+ Ei ekstra dobbeltsidig namneplate – slik at du totalt kan få fire forskjellige namn
Sidan dei ekstra teljarane kan brukast til det du sjølv ønskjer, er trackeren heller ikkje låst til berre D&D. Han kan brukast til andre rollespel, miniatyrspel og brettspel der du treng å halde styr på verdiar eller ressursar.
Utvikla og produsert lokalt
Dette er eit produkt me har utvikla sjølve, og kvar tracker blir produsert og sett saman lokalt av Miniastyr. Treverket me bruker er norsk, og me har bevisst valt ei trebasert løysing framfor å produsere hovuddelen i plast.
🎉 No opnar me for førehandsbestilling!
Standard
Førehandsbestilling: 499 kr
Ordinær pris: 599 kr
Premium
Førehandsbestilling: 699 kr
Ordinær pris: 799 kr
Du sparer altså 100 kr ved å vere med på den første produksjonsrunden.
📦 Dette er ei førehandsbestilling, og forventa utsending er frå 1. oktober 2026.
👇 Du finn Premium-versjonen og meir informasjon i lenka under.
Premium-utgåva inneheld alt frå standardversjonen, men kjem i tillegg med ei komplett utvidingspakke for deg som vil ha endå fleire moglegheiter ved spelebordet. I Premium får du i tillegg: 5 ekstra trackerar som kan brukast ved sida av hovudtrackeren Oppbevaringspose med plass til trackeren og ...