Kosterikjedagane

Kosterikjedagane Kosterikjedagane er bygdefestivalen som vert arrangert ei helg kvar vår i Syvde på Sunnmøre.

Kosterikjedagane kallast bygdedagane som vert arrangert ei helg kvar vår i Syvde på Sunnmøre. Då er det ulike arrangement der kunst og kultur er viktige ingrediensar.

Med nokre glimt i frå årets Kosterikjedagar (både før, under og etter) ønskjer vi å seie tusen takk til alle besøkande😊 ...
26/05/2026

Med nokre glimt i frå årets Kosterikjedagar (både før, under og etter) ønskjer vi å seie tusen takk til alle besøkande😊 Tusen takk til dei som har sponsa oss, og ei spesiell takk til alle kjekke dugnadsfolk som gjer det mogleg å arrangere dette flotte arrangementet i bygda vår!😊🧡

Ny Kosterikjedag😊 med blant anna loppemarknad i teltet, kunstutstilling, middag på Samfunnshuset og ope i Kristitunet🤗
24/05/2026

Ny Kosterikjedag😊 med blant anna loppemarknad i teltet, kunstutstilling, middag på Samfunnshuset og ope i Kristitunet🤗

Program for Kosterikjedagane 2026🤩

23/05/2026

Kom på kunstutstilling med Evy Anne Brotnow og Martin Bakkebø på «Mekken» på Myklebust ungdomsskule 🤩🙌🏻🎨 Inngang på nedsida av skulen!

21/05/2026

Mat under Kosterikjedagane!🍴

🌟Thaimat frå Nok Berge (fredag og laurdag)
🌟Potetbaker’n Ålesund (fredag og laurdag)
🌟Kaker og kaffi på Møteplassen/Brukthandelen (fredag og laurdag)
🌟Gratis frukost på Fredtun (laurdag kl.9)
🌟Potetball på Fredtun (laurdag frå kl.13)
🌟Middag på Samfunnshuset: Gresk lammegryte + hamburger og chips (søndag 12-15)

I tillegg vert det mykje gode kaker i Kosteteltet fredag, laurdag og søndag😊🍰☕️

Best Syvde, Tip Thaimat og Cafe au Kle har også ope i sine vanlege lokale og på Bryggen Kro vert det servert pizza, burger og mår m/chips fredag og laurdag og i tillegg bacalao på laurdagen😊

Fredrik Steen er ein av veteranene i det norske standup-miljøet som skaut fart på byrjinga av 1990-talet. I år har han s...
21/05/2026

Fredrik Steen er ein av veteranene i det norske standup-miljøet som skaut fart på byrjinga av 1990-talet. I år har han stått på scena som komikar og artist i 33 år - i tillegg til å ha vore med i ei rekke filmar, TV-seriar og teaterproduksjonar.
Mange kjenner Fredrik best som den eksentriske husmora Hildegunn Moltubakk, men det er standup som har vore basen hans i alle desse åra. Kun ein mann og ein mikrofon - og ei unik evne til å legge merke til alle dei små, absurde og komiske
tinga som vi menneske brukar tida vår på.

Det er mange år sidan han gjorde standup i Syvde, og difor er vi ekstra glade for at han startar showet sitt «Uanmeldt besøk» på Kosterikjedagane. Vi gledar oss stort🤩

Billettar til showet fredag kl.20 kjøper du på Tikkio. Lenke i kommentarfeltet😊

20/05/2026

Standar på årets Kosterikjedagar🍭💍👗💵

🌟Kraken Jewelry - handlagde smykker i resin
🌟Lappelina - syr kjolar og skjørt, vesker, forklede, hattar m.m., alt i eige design.
🌟Ivar Mork/Artige skruar - figurar av skruar og sjøvskrivne bøker
🌟Brenda Koers - luftfrisker med egenskaper av Aroma Terapi. Romduft, olje med duftpinner, bilduft og body/massasjeolje
🌟Bestaloftet - mat av diverse slag, blant anna flatbrød, lefser og fiskekaker
🌟Sigrun Strand -småstrikk og flatbrød
🌟Sparebanken Møre
🌟Godteriboden
🌟Landbruksorganisasjonane i Vanylven
🌟Vanylven Mållag
🌟Personskadeforbundet LTN Søre Sunnmøre Lokallag

30/06/2025

Kosterikjedagane 2025 enda med eit fint overskot og komiteen ønskjer å dele noko av overskotet.
Syvde Samfunnshus og Fredtun er to viktige bygg i bygda og dei vil få kr.25 000 kvar som vi håper kjem godt med😊👍🏻

Elles har også Kosterikjedagane dekt reparasjon av julestjernene i bygda og blomstrar/potter gjennom Syvde sentrum som vi syns er gode tiltak for trivsel i bygda😊

Med ønskjer om ein god sommar til alle frå Kosterikjekomiteen🌸

Kosterikjedagane 2025 er over og det har vore ei flott helg!😊Vi ønskjer å takke alle som har møtt opp, alle frivillige o...
01/06/2025

Kosterikjedagane 2025 er over og det har vore ei flott helg!😊

Vi ønskjer å takke alle som har møtt opp, alle frivillige og alle sponsorane våre!😊

For å få til ei slik helg er vi avhengige av at mange flinke folk stiller opp og bidreg. Og det er det mange som gjer. Vi avsluttar med eit bilde frå nattas arbeid. Her er det nedrigging av lyd og lys frå Lydkjellaren etter dansen. Det er eit stort stykke frivillig arbeid som skal til for å få til ei helg som Kosterikjedagane. Og vi skal vere stolte over det vi klarer å få til ilag. Tusen hjertelig takk til alle som bidreg!🧡💛🙌🏻👏🏻

01/06/2025

Gudstenesta i dag kl.11 vert i Syvde kyrkje!

31/05/2025

Ein smakebit frå Broad Line si lydprøve😎🎸

Adresse

Kvia 2
Syvdsbotn
6140

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kosterikjedagane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kosterikjedagane:

Del