Ryfylke Kunstlag

Ryfylke Kunstlag Kunst og Kultur Ryfylke Kunstlkag vart stifta i 1978 og er paraplyen for dei 6 Ryfylkekommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Stavanger og Kvitsøy.

Styret i Ryfylke Kunstlag er sammensatt av 1 person frå kvar kommune og kommunane har og ein obersvatør i styret. Laget har og ein dagleg leiar i 35 % stilling. Formålet med Ryfylke Kunstlag er å vekkje interesse for kunst og kunstopplevingar i heile regionen.

Velkommen til Ryfylke Kunstlag sin vandreutstilling med Jan Terje Rafdal frå 18.04. - 04.05.26 på Kulturhuset i Suldal. ...
13/04/2026

Velkommen til Ryfylke Kunstlag sin vandreutstilling med Jan Terje Rafdal frå 18.04. - 04.05.26 på Kulturhuset i Suldal.
Opninga laurdag 18. april kl 13.00 med musikkinnslag ved Vidar Seljen Høydal.

Velkomen til Ryfylke Kunstlag si utstilling med Jan Terje Rafdal i biblioteket på Finnøy.
04/04/2026

Velkomen til Ryfylke Kunstlag si utstilling med Jan Terje Rafdal i biblioteket på Finnøy.

Ryfylkeutstillinga 2026🎨Ryfylke Kunstlag inviterer deg som driv med kunst i Ryfylke til å delta på Ryfylkeutstilling 202...
23/03/2026

Ryfylkeutstillinga 2026
🎨Ryfylke Kunstlag inviterer deg som driv med kunst i Ryfylke til å delta på Ryfylkeutstilling 2026.
🎨 Bli med på Ryfylkeutstillinga 2026 – Ei unik moglegheit for kunstnarar i Ryfylke!

Er du ein kunstnar som bur og skapar i Ryfylke? Då har du sjansen til å vise fram verka dine på Ryfylkeutstillinga 2026 – ei spanande, juryert utstilling som skal reise rundt i fleire av Ryfylkekommunane denne hausten! ✨

🌟 Kva er Ryfylkeutstillinga? Ryfylkeutstillinga er ein plattform som løftar fram mangfaldet av kunst frå vår region. Enten du arbeider med måleri, foto eller andre kunstformer, oppmodar vi deg til å delta og dele kunsten din med publikum i heile Ryfylke.

🖼️ Korleis delta?

Send inn bilete av inntil tre (3) originale verk – måleri, fotografi eller annan kunst, som vedlegg i e‑posten til [email protected]. Ta med storleiken på verket.
Juryering: Verka blir vurderte av ein jury beståande av to profesjonelle kunstnarar og ein representant frå Ryfylke Kunstlag.
Påmelding: For å delta må du vere medlem av eit lokallag i Ryfylke eller direkte medlem i Ryfylke Kunstlag. Dersom du ikkje er medlem enno, kan du enkelt bli det! Ta gjerne kontakt med Brith på mobilnr.: 97 08 76 78.
📅 Viktig informasjon

Frist for påmelding: 30. mai.
Send bilete av verka som vedlegg i e‑posten til [email protected]

Juryering frå tidlegare Ryfylkeutstilling

Velkome til utstillinga med Jan Terje Rafdal på Spinneriet på Hjelmeland. Opning på laurdag 14. mars kl 16. Minikonsert ...
10/03/2026

Velkome til utstillinga med Jan Terje Rafdal på Spinneriet på Hjelmeland. Opning på laurdag 14. mars kl 16. Minikonsert med Istvan Horvath. Jan Terje Rafdal blir til stades på opninga.

Velkomen til Ryfylke Kunstlag si utstilling med Marius Martinussen i biblioteket på Finnøy.
24/02/2026

Velkomen til Ryfylke Kunstlag si utstilling med Marius Martinussen i biblioteket på Finnøy.

22/01/2026

.

22/01/2026

Vandreutstilling med Marius Martinussen

14/11/2025
Adressa er Suldalsvegen 2040, 4237 Suldalsosen
10/11/2025

Adressa er Suldalsvegen 2040, 4237 Suldalsosen

Pia MYrvoLDRyfylke kunstlag er stolte av å presentera ein ny utstilling med den anerkjende biletkunstnaren Pia Myrvold. ...
15/10/2025

Pia MYrvoLD
Ryfylke kunstlag er stolte av å presentera ein ny utstilling med den anerkjende biletkunstnaren Pia Myrvold. Utstillinga opnar på biblioteket i Sauda 11.10.25. Sjå annonsen i Ryfylke.
Pia Myrvold er ein norsk kunstnar og designar med ei banebrytande karriere som strekkjer seg over fire tiår. Ho jobbar med kunst i skjeringspunktet mellom teknologi, mote og interaktivitet.
Frå 1992 til 2022 var ho basert i Paris. MYrvoLD har markert seg som ein av Noregs mest internasjonalt profilerte samtidskunstnarar. Med prosjekt som "Clothes as Publishing" og "Female Interfaces", har ho utfordra grensene for kva kunst kan vere – og korleis ho kan opplevast.
I utstillinga “Time Machines” vert ei rekkje grafiske verk og måleri presentert som utforskar ulike sider ved omgrepet tid. Utstillinga tek òg føre seg Venusforma – eit kraftfullt symbol frå tidleg kunsthistorie, som representerer fruktbarheit, femininitet og overleving blant urfolk. Venusfiguren står som eit symbol på mennesket si tilknyting til naturen og vår felles kulturarv. Straumane i bileta symboliserer endring, rørsle og samspelet mellom universet og menneskelege erfaringar.

Adresse

Kulturhuset I Suldal
Suldal
4230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ryfylke Kunstlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ryfylke Kunstlag:

Del

Type

Our Story

Ryfylke Kunstlag blei stifta i 1978 og er paraplyorganisasjon for dei 8 Ryfylkekommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy sine lokale kunstlag. Styret i Ryfylke Kunstlag er sammensatt av 1 person frå kvar kommune og kommunane har og ein obersvatør i styret. Laget har og ein dagleg leiar i 50 % stilling. Formålet med Ryfylke Kunstlag er å vekkje interesse for kunst og kunstopplevingar i heile regionen.