01/03/2026
Vi unner oss eit tilbakeblikk på eit fantastisk lyskunstverk, nemleg "Let there be light", presentert inne i Geiranger kyrkje. Samstundes takkar vi støttespelarane våre som har gjort dette mogeleg; spesielt Stiftinga Mrs Looi og hovudsponsor Sparebanken Møre
Vi skal dele fleire lyskunstopplevingar framover, og gler oss over alle som vil dele sine bilete og filmar frå verket :)
Foto: Hyke Studio
Under finn du teksten som skildrar kunstnarane sine tankar bak verket:
«Let There Be Light» er ei stadsspesifikk, oppslukande audiovisuell oppleving projisert på veggar og tak i Geiranger kyrkje. Gjennom arkitektonisk mapping utforskar installasjonen dei unike strukturelle detaljane i kyrkja, samstundes som ho inviterer publikum til å reflektere over eigenskapane til lyset, symbolikken det ber på, og opphavet til universet og jorda.
Verket har kreativitet og utviding som kjerne, og hentar inspirasjon frå Første Mosebok kapittel 1, fysikk og filosofi. Det fungerer som ei påminning om at vi alle er laga av stjernestøv – samanbundne delar av den same store skapinga.
Installasjonen samsvarer med FNs berekraftsmål nr. 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar.
Konsept, video, lyd og produksjon: blekksprut1
______
“Let There Be Light” is a site-specific, immersive audiovisual experience projected onto the walls and ceiling of Geiranger Church. Through architectural mapping, the installation explores the church’s unique structural details while inviting the audience to reflect on the properties of light, its symbolism, and the origins of the universe and Earth.
The work centers on the power of creativity and expansion, drawing inspiration from Genesis 1, physics and philosophy. It serves as a reminder that we are all made of stardust—interconnected parts of the same vast creation.
The installation aligns with UN Sustainable Development Goal #16: Peace, Justice, and Strong Institutions,
Concept, Video, Audio, and Production: blekksprut1
Den norske kirke