Klingenberg frå Nordbygdo

Klingenberg frå Nordbygdo Klingenberg består av musikarar med tilknytning til Høgskulen på Vestlandet Campus Stord. Vokal: Gunhild Aadland Rolfsnes
Ak.

gitar: Åsmund Espeland
El-gitar: Jonas Selås Olsen
Bass: Frode Hammersland
Saksofon og perk: Jonas Cisar Romme Dei spelar musikk som tek utgangspunkt i kvar medlem sin musikalske styrke og interesse, noko som skapar eit variert og spanade repertoar. Ein kan kanskje seie at dei tek utgangspunkt i jazz, og fort beveger seg over i andre rytmiske sjangrar. Ofte har dei med seg fleire på scena.

Tusen takk for oppdraget, Stord Jazzklubb!! Vi koste oss skikkeleg!
26/04/2026

Tusen takk for oppdraget, Stord Jazzklubb!! Vi koste oss skikkeleg!

For ein ettermiddag! Tusen takk til alle som kom for å høyre, og for alle fantastiske tilbakemeldingar - det betyr veldi...
26/04/2026

For ein ettermiddag! Tusen takk til alle som kom for å høyre, og for alle fantastiske tilbakemeldingar - det betyr veldig mykje. Og tusen takk til Peter Tubaas og Vestland Media for dei flotte bileta!

DER var dobbeltsingelen ute!  Link i kommentarfeltet! Håpar du likar litt jazza popmusikk no på vårparten! Vi er alle pr...
24/04/2026

DER var dobbeltsingelen ute! Link i kommentarfeltet! Håpar du likar litt jazza popmusikk no på vårparten! Vi er alle produsentar på desse låtane, men ein særleg "shout-out" til Jonas Selås Olsen og Frode Hammersland som også har vore studioteknikarar og er ansvarlege for dei gode rå-filene. Takk til Roald Råsberg i Sanden Studio for nydelig miksing og mastring, og ikkje minst til The Norwegian Sound for utgjevinga!

På singelen finn du to låtar:

"The wind (that shakes the barley)" er ein feelgood-låt med latinjazzrytmar som beskriv korleis naturen i seg sjølv kan gje oss musikalske opplevingar. Teksten er av Katharine Tynan, ein irsk poet som skreiv diktet på slutten av 1800-talet.

"Du for eit hell" er ein låt i 5-takt med ein søt tekst skrive av Birger Røksund, ein lyrikar frå Bømlo som også Kenneth Sivertsen skreiv musikk til. Vi ser for oss at Birger som godt vaksen tenker attende til tida då han møtte sin første kjærleik og spaninga rundt dette, og korleis det kjendest då det vart meir enn avstandsforelsking. Då vi skulle informere familien om at låta skulle komme ut, fann vi ut at Birger sin første son Sigmund ville hatt bursdag i dag. Ekstra fint å kunne gi ut denne låta akkurat i dag.

Vi har nedtelling - to dagar til slepp!
22/04/2026

Vi har nedtelling - to dagar til slepp!

Vi gler oss stort til å dele dette med verda! Låtane er spelte inn i HVL sitt studio på Campus Stord, produserte av oss ...
16/04/2026

Vi gler oss stort til å dele dette med verda! Låtane er spelte inn i HVL sitt studio på Campus Stord, produserte av oss sjølv, og miksa og mastra av Roald Råsberg i Sanden Studio.
Tusen takk til The Norwegian Sound som gir musikken vår ut!
Musikken er melodiøs og jazz-prega, og ber tydelege spor av inspirasjon frå Kenneth Sivertsen, særleg i melodikk og harmonikk. Vi nyttar òg tekst av diktaren Birger Røksund frå Bømlo – ein poet som også Sivertsen arbeidde med.

Du kan førehandslagre musikken slik at den kjem direkte inn på ei speleliste 24. april: https://orcd.co/klingenberg

Sist, men ikkje minst - de kan høyre desse låtane og andre låtar, både eigne originalar, tolkingar av Kenneth Sivertsen-låtar og standardlåtar live på Stord Jazzklubb, laurdag 25.april kl 17! Her er link til billettsal: https://www.stordjazzklubb.no/konsertar/klingenberg

24.april kjem vår første utgjeving - ein dobbeltsingel med original musikk, spelt inn og produsert av oss i vårt eige st...
09/04/2026

24.april kjem vår første utgjeving - ein dobbeltsingel med original musikk, spelt inn og produsert av oss i vårt eige studio på HVL Stord, miksa og mastra av Roald Råsberg i Sanden studio, og gitt ut på The Norwegian Sound. "Pre-save" oss, då vel!

Vi blir glad for alle delingar og førehandslagringar!

Choose your preferred music service

07/04/2026

Vi har fått oss Instagram: Følg oss på PS: Ny musikk kjem snart!

24/03/2026
Laurdag 25.april kl 17.00 spelar vi igjen på Stord jazzklubb - landets beste jazzklubb. Vonar mange vil kome og vere sam...
23/03/2026

Laurdag 25.april kl 17.00 spelar vi igjen på Stord jazzklubb - landets beste jazzklubb. Vonar mange vil kome og vere saman med oss der! Denne gongen har vi laga ein avdeling på nynorsk, med mellom anna låtar av Kenneth Sivertsen og eigne låtar til tekstar av Birger Røksund. Og så framfører vi låtar vi likar å spele - noko "nytt" og noko "gamalt", både roleg jazz og meir bluesy/soul-prega musikk. Vi kan love ein melodiøs og variert jazza ettermiddag! Berre å kjøpe billettar!

Klingenberg består av lærarar ved musikkavdelinga på Høgskulen på Vestlandet (avdeling Stord) som alle er utøvande musikarar i tillegg til at dei forskar og underviser. Med seg på konserten har dei sin faste tr

Vi reiser på ein liten mini-turné neste veke! Gratis konsert open for alle som vil komme - på Fana folkehøgskule torsdag...
09/02/2026

Vi reiser på ein liten mini-turné neste veke! Gratis konsert open for alle som vil komme - på Fana folkehøgskule torsdag 19.februar kl 18!

Adresse

Klingenbergvegen 8
Stord Island
5414

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Klingenberg frå Nordbygdo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del