Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, er ein årleg festival som Sølvberget bibliotek og kulturhus arrangerer. Kapittel er blant Norges største litteraturfestivalar, og har utvikla seg til å bli ein viktig litterær arena både nasjonalt og internasjonalt.
Kapittel i 2020 finn stad 16. -20. september.
Leiar for festivalen er Siri O. Risdal.
Det aller første Kapittel blei skrive i 1995 av og på Sølvberget bibliotek og kulturhus, og sidan den gong har Sølvberget vore arrangør og hovudarena for festivalen. Då Kapittel blei grunnlagt, etter at Sølvberget i fleire år hadde arrangert Uke Alexander, var dette i takt med Stavangers rolle som friby, og med eit ønske om å orientera seg internasjonalt, samtidig som ein ville ha ein større plattform for eit fokus på ytringsfridom som allereie hadde vore med under Uke Alexander.
Ytringsfridom og smale sjangrar
Kapittel er ein engasjert festival. Ytringsfridomen skal gjennomsyra programmet, og leia til at me får belyst brennbare tema frå fleire verdshjørner. I tillegg skal ein sjølvsagt også finna det nye norske og dei som er med å prega den norske bokheimen. Nettopp møta mellom desse sfærane er noko av det viktigste ein festival kan tilby både sitt publikum og sine deltakarar.
Festivalen skal vidare ta vare på dei sjangrane som ikkje får mest merksemd i ålmenta. Med Kapittels tematiske interesser følger også ei spesiell merksemd for sakprosaen og journalistikken. I tillegg vil sjangrar som dokumentarfilm, poesi og illustrert litteratur alltid finna god plass i programmet.
Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom vil ta vare på den fulle bredden innanfor eit utvidet omgrep om litteratur, og samtidig formidla dette på ein måte som skapar og treff publikum.
www.kapittel.no