Jølster Jazzklubb

Jølster Jazzklubb Jølster jazzklubb – ein musikalsk møteplass for dei med øyre. Jølster jazzklubb blei stifta i 2010. Klubben har arrangert 11–12 konsertar kvart år sidan starten.

Såleis er vi er framleis ein relativt ung og liten klubb, men vi ser med glede at medlemsmassen auker sakte, men sikkert. Hovudarrangementet vårt er jazzfestivalen Jazz på Jølst, som går av stabelen midt i oktober kvart år. I tillegg til konsertar for vaksne, har vi barnejazz og ein konsert for og med ungdom og musikkverkstad for unge musikarar. Når det gjeld artistar, vekslar vi mellom kjende og

ukjende, nasjonale og lokale namn innan jazz og nærliggjande musikkformer. Vi har eiga heimeside, www.jolsterjazz.com. Frå vedtektene: "Alle som sluttar opp om formåla og vedtektene til foreininga, kan vere medlemmer i Jølster Jazzklubb." Sjå resten av vedtektene og anna informasjon under "Notat". Her på facebook kan de sjølsagt "like" utan å vere medlem:)

Adresse

C/o Hallvar Helgheim
Skei
6843

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jølster Jazzklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jølster Jazzklubb:

Snarveier

Del