09/06/2026
🎸Michael Schenker Group til Skånevik Bluesfestival!
Fredag 3. juli får Skånevik Bluesfestival besøk av eitt av dei mest ikoniske namna innan hardrock og klassisk rock: Michael Schenker Group (MSG). Fronta av den legendariske gitaristen Michael Schenker, kjend frå både Scorpions og UFO, har han gjennom fleire tiår etablert seg som ein av dei mest innflytelsesrike gitaristane i rockehistoria.
MSG blei danna i 1979 og har sidan levert ei rekkje klassiske album og låtar som har inspirert generasjonar av gitaristar og rockefans. Publikum kan sjå fram til udødelege favorittar som «Armed and Ready», «Into The Arena», «Attack of the Mad Axeman», «Doctor Doctor» og «On and On»!
Michael Schenker er kjent for sitt særprega gitarspel, sin karakteristiske Flying V-gitar og ei karriere som strekkjer seg over meir enn fem tiår. Med ein katalog full av klassiske riff, virtuose soloar og tidlaus rock, ligg alt til rette for ei kraftfull konsertoppleving i Skånevik.
📍 Michael Schenker Group spelar på Skånevik Bluesfestival fredag 3. juli. Ei unik moglegheit til å oppleve ein ekte rockelegende på nært hald!