Vi har lokaler i Sjøholt småsenter, adresse Sjøholtvegen 5, på Ørskog. Vi arrangerer husflidskveld kvar siste mandag i månaden, og aktivitetskveld kvar måndag kl. 18.00 - 21.00. Vi har eit tema for kvelden, eller en kan gjere anna handarbeid, eller berre kome for å slå av en prat. Vi har ei ganske god boksamling som er tilgjengelig for medlemmane. Vi reiser på kurs, og vi har eit trivelig og inspi
rerande fellesskap. Medlemmane kjem frå Ørskog, Skodje og fleire andre bygdelag. ALLE ER VELKOMNE. Vi har no 2024 65 vaksne medlemmer, og nokre barne- og ungdomsmedlemmer. For ungdom blir det eige opplegg, Ung Husflid, der dei unge kan få opplæring i f.eks. strikking, hekling, søm, toving eller det som dei sjølve måtte ønske, så berre ta kontakt.. Medlemsmøta har hatt ulike aktiviteter som pjoning, strikking av tøfler, toving, hekling av påskeegg, hentaband, bunadsaum, skjortesaum, mm. Vi har hatt fleire kurs i skinnfellsøm, der det blei sydd mange fine skinnfeller og kurs i sying av skinntøfler. Dei siste åra har vi hatt kurs i brodering og montering av Ørskogskjorta, eller Berte Melle-skjorta, ei bunadskjorte med uttrekkssaum, basert på linningar funne på gardane i Ørskog.