Borghild Telnes er kalligraf og kunstnar og har drive verksemd i Seljord sidan 1998. Ho har utdanning innan kalligrafi og arbeider med skrift i kombinasjon med teknikkar som handsaum, trådteknikkar, illustrasjon og trykk av ulike slag. Borghild seier om arbeidet sitt:«Vegen fram til ferdig produkt er det viktigaste for meg og den langsame prosessen i det å utføre eit handverk er avgjerande. Eg ser
parallellar mellom pennen og nåla. Sting og strøk arbeider saman i ein repetitiv prosess i arbeida mine. Motiva er ofte henta frå naturen tett ved der eg bur: skogen, treet, lauvet, be**en, steinen, fjellet, fuglen, vegen osb.»
Borghild Telnes arbeider med tekst som inspirasjon og tolkar dette i sitt skrift- og biletspråk. Ho har arbeidd saman med andre handverkarar og kunstnarar i fleire utstillingsprosjekt dei siste 20 åra og har stilt ut arbeida sine på utstillingar i Noreg, England, Russland og Japan. Litt om teknikkarne ho brukar:
Kalligrafi: Kalligrafi tyder vakker skrift og er kunsten å skrive med ulike penner, penslar eller andre skrivereiskaper. Xylografi: Teknikken går ut på å skjera inn motivet med ein graveringskniv i ei lita treblokk frå endeveden av seintveksande treslag som barlind og ulike frukttre. Linotrykk: Ein skjer ut motivet i ei linoleumsplate og trykker på same måte som eit tresnitt. Japansk tresnitt: Dette er ein teknikk som har opphav i Japan. Ein skjer i plater av bjørkefinér eller andre treslag som t.d. Nokre av knivane skil seg frå dei ein brukar til vanleg tresnitt. Fargane er vassbaserte akvarell- eller gouashe-fargar som vert blanda ut med risstivelse (Nori), påført plata med ein børste og trykt for hand utan presse. Telebinding: Teknikken er ein bindingsteknikk og vert i andre delar av landet kalla filering. Binding vert brukt til å lage blonder som kantar på skaut og mellomverk på forklede. I Valdres vert bindinga nytta på hetta til bunaden. I arbeida eg viser her er bindinga nytta i dei sydde smykka og i nokre av arbeida i ramme. Verksemda Firingan Kalligrafi (Firingan er garden der ho budde og hadde verkstad og kurslokale fram til 2020) har no endra namn til Borghild Telnes og heimesida er også endra frå www.firingan.com til www.borghildtelnes.com