Kunstlåven i Seljord

Kunstlåven i Seljord Seljord Kunstforening Kunstlåven i Seljord er ein særeigen utstillingsstad midt i Seljord sentrum, driven av Seljord Kunstforening.

Bygget vart ombygd frå fjøs og låve til galleri, og teke i bruk i 1996. I dag rommar Kunstlåven om lag 1000 m² utstillingsareal fordelt på fire etasjar og 16 utstillingsrom, i tillegg til kafé og resepsjon. Romma har behalde mykje av den opphavlege forma si, noko som gjer dei svært ulike i storleik og uttrykk. Dette gir ei eiga oppleving for både kunstnarar og publikum, og er med på å gjere Kunstl

åven til ein særprega stad for kunst og kunsthandverk. Seljord Kunstforening vart etablert i 1968. Same år vart den første Sommarutstillinga arrangert – på ei tid då det ikkje var vanleg med opne galleri og museum i sommarferien. Sidan den gong har Sommarutstillinga vore kunstforeininga sitt flaggskip og eit årvisst høgdepunkt i Seljord-sommaren. Gjennom åra har Sommarutstillinga fått mykje anerkjenning, både frå kunstnarane som har stilt ut og frå publikum. Under Sommarutstillinga blir vanlegvis heile Kunstlåven teken i bruk. Velkomen til Kunstlåven i Seljord! Besøks- og postadresse:
Brøløsvegen 4
3840 Seljord

Sommarutstillinga er over for i år, og me i styret vil takke alle som har bidrege til at utstillinga har vore, i vår bok...
04/08/2026

Sommarutstillinga er over for i år, og me i styret vil takke alle som har bidrege til at utstillinga har vore, i vår bok, ein suksess. Det er mykje arbeid som ligg bak det å skipe til Sommarutstillinga, og me hadde ikkje klart det utan dugnadshjelp og godt samarbeid med medlemane våre. Takk for innspel og hjelp, både før, under og etter utstillinga. Ekstra takk til dei som stod i kafeen og tok imot gjester med smil og glede, og bidrog til å skape den hyggelege atmosfæra me håpar og trur alle som besøkte oss kunne kjenne på.

Tusen takk til Seljord Husflidslag v/Borghild Telnes som gjorde utstillinga “mellom himmel og halm” med Mari Bryhni og Gjertrud Hals. Ekstra takk til Borghild som også kuratera og gjorde i stand årets galleributikk med eit stort utval lokal kunst og handverk. Takk til sponsorar og samarbeidspartnarar, nye som gamle.

Tusen takk til Billedkunstnerne i Telemark som skapte utstillinga “naturen i oss” med totalt 13 kunstnarar sine arbeid; Meta Norheim, Mona Grini, Vebjørn Guttormsgaard, Stine Gonsholt, Hilde Iren Dølheim, Phillip Dommen, Torhild Grøstad, Anne Stabell, Hilde Skevik, Ellen Henriette Suhrke, Arne Svalastog, Sigvei Ringvold og Marilyn Ann Owens. Takk til det kunstnarlege rådet frå BiT som kuraterte utstillinga, og til montørane som hjalp realisere den. Takk til Stina Glømmi som fotograferte og dokumenterte den.

Sist, men ikkje minst; tusen takk til alle våre besøkande. Om du kom for første gong, eller tek turen fleire gongar i løpet av sommaren. Om du tok med familie og vener for kaffi og kunst, eller om du trengte litt tid for deg sjølv. Om du er gamalt medlem, eller om du vart det for første gong i år. Om du berre streifa innom galleributikken, eller om du bruka tid i utstillinga. Uansett vil me takke for besøket, og ynskjer deg hjarteleg velkomen att neste år!

Beste helsing, Ola Snippen, på vegne av styret i Seljord Kunstforening.

PS: Låven stenger ikkje heilt ned fram til neste år. For det er nemleg mogleg å leige delar av lokale våre til selskap, møte, foredrag eller anna. All informasjon finn du på nettsidene våre seljordkunst.no.

Juli er snart forbi og årets Sommarutstilling nærmar seg slutten. Du har fram til fredag 31. juli å oppleve Billedkunstn...
27/07/2026

Juli er snart forbi og årets Sommarutstilling nærmar seg slutten. Du har fram til fredag 31. juli å oppleve Billedkunstnerne i Telemark, og Seljord Husflidslag si utstilling med Mari Bryhni og Gjertrud Hals.

Me minner om at galleributikken er ein ypparleg plass å handle unike gåver til bursdag, bryllup, dåp, jul eller anna. Me har noko i alle prisklasser og hjelper deg gjerne å finne noko passande!

Velkomen til oss mellom kl 11 og 17!

Avbileta er Vebjørn Guttormsgaard sitt arbeid “dobbeltheten”.

For første gong på fleire år, har me trykt opp fysisk katalog frå årets Sommarutstilling. I den kan du lese om alle kuns...
23/07/2026

For første gong på fleire år, har me trykt opp fysisk katalog frå årets Sommarutstilling. I den kan du lese om alle kunstnarane frå årets utstilling, og få unike innblikk frå leiaren av kunstnerisk råd for Billedkunstnerne i Telemark, styreleiar i vår eigen kunstforening og om Hovlandskrona som er rekonstruert i årets utstilling. Katalogen er trykt i eit begrensa opplag og er eit fint minne om årets utstilling for berre 60kr. Kjøp den i resepsjonen hos oss, velkomen!

No gjeng me snart inn i den siste veka av årets Sommarutstilling og oppmodar alle til å ta turen før det er for seint. Me er ope kvar einaste dag, kl 11-17, til og med 31. juli. Ta gjerne med ein ven eller to, me håpar å sjå dykk!

18/07/2026

Rull ut den raude løparen med fjellrekka laga av Phillip Dommen som ein protest mot eit forslag om fire-felts motorveg i Vest-Telemark. Fjellrekka lagar eit buldrande bråk når den rulles ut, og kan rulles heilt saman og puttast i ein boks. Kom innom for å sjå oss demonstrere den. Me er ope kvar dag i juli frå kl 11 til 17. Velkomen!

15/07/2026

Me steiker ferske vaflar laga her på Kunstlåven heile juli. Sett deg ned i den svale kafeen vår og nyt ein vaffel, is, eller noko kaldt i glaset etter du har sett Sommarutstillinga. Velkomen til oss!

Kunstsosiolog Dag Solhjell haldt opningstala for årets Sommarutstilling. Her kan du lese eit utdrag;"Denne utstillingen ...
12/07/2026

Kunstsosiolog Dag Solhjell haldt opningstala for årets Sommarutstilling. Her kan du lese eit utdrag;

"Denne utstillingen er en bauta i norsk kunstliv, og har vært det siden den første ble holdt etter at foreningen ble stiftet i 1968. Jeg har sett mange av dem, særlig de første årene. I denne tiden har utstillingslokalene gått fra å være ganske primitive og midlertidige i skolebygningen ved siden av her, til denne spesialombygde låven. Med sitt mangfold av ulike rom er den meget fleksibel, og kan tilpasse seg de utfordringer ulike utstillinger stiller gjennom året.

I år skjer denne fredelige utstillingen mot en krigersk bakgrunn, ikke minst i Europa og Midt-Østen. Det har den eldste av dagens utstillere, Meta Norheim på 92 år, fått frem i det vakre og tilsynelatende uskyldig blomsterbilde «Fredsliljer» (viste frem gjengivelsen av det i katalogen). De skjønne liljene står frem mot en brennende blodrød bakgrunn, det er kunsten som lever i en truet tid og tilbyr fred.

Vår livsform i dag, ikke minst i Telemark, har uendelig større geografisk og sosial spredning. Også kunsten har fått langt større spennvidde, noe som kommer tydelig til syne i denne utstillingen med kontemporær Telemarkskunst. Den viser seg her gjennom et mangfold av kunstneriske teknikker, både tradisjonelle som maleri og skulptur og tekstil og foto, eksperimenter med slike tradisjonelle, og med kontemporære medier som video og installasjon. Samtidig ser vi både tradisjonell og fri kunstnerisk bruk av halm i utstillingen «Mellom himmel og halm», som knytter seg til gammel regional tradisjonskunst.

Med sin åpenhet er verkene på denne utstillingen særlig godt egnet til å samtales om, om temaer som er viktige for oss, både i det små og i det store, til å utveksle følelser for og forståelser av det enkelte verk. Det er en rikdom å ta med seg, som publikum. Med sine mange og varierte rom, i en låve i et tradisjonelt Telemarkstun, er lokalene særlig godt egnet til både å romme en utstilling med temaet «Naturen i oss», men også til å stimulere det samtalende publikum når vi beveger oss fra rom til rom."

Les heile tala her; https://www.seljordkunst.no/blogg/dag-solhjell-om-sommarutstillinga-2026

Det er ei ære for oss å stille ut Gjertrud Hals sine arbeid i årets Sommarutstilling. Ho gjorde tidlegare i år historie ...
09/07/2026

Det er ei ære for oss å stille ut Gjertrud Hals sine arbeid i årets Sommarutstilling. Ho gjorde tidlegare i år historie som den første norske finalisten til Loewe Craft Prize som har som mål å løfte fram tradisjonelle handverk frå heile verda i nye drakter.

Loewe er eit spansk motehus som vart starta heilt tilbake i 1846, og er eit av dei eldste og største motehusa idag. I den spede byrjnga laga dei vesker i skinn, og mens dei sakte men sikkert vaks, var det alltid handverket som var deira største prioritet. I 2016, under kreativ leiar Jonathan Anderson, vart prisen Loewe Craft Prize oppretta.

Kvart år blir det vald ut 30 finalistar frå heile verda som får stille ut i ei global utstilling. Denne prisen har raskt blitt eit kvalitetsstempel, og spelar ei stor rolle for handarbeidet i moderne kultur ved å gje den ein ny relevans.

Med ei 50 år lang karriere, er det ikkje berre Loewe som har lagt merke til Gjertrud Hals. Ho er kjøpt opp av mellom anna Pompidou-senteret i Paris og det Amerikanske Handverksmuseet, og har den største kundegruppa si i San Francisco, USA.

Kom og opplev Gjertrud Hals sine arbeid i Kunstlåven før juli er omme. Me har ope kvar dag frå 11-17. Velkomen innom!

06/07/2026

Det er mange som blir inspirert av årets utstilling, og de er hjarteleg velkomen til å sette dykk ned i kafeen for å teikne, skrive eller berre diskutere det de har sett. Me serverer både kaffi, te, iskaffi og lokalt produsert eple-brus!

Har du tenkt å reise innom Sommarutstillinga i år med ein ven? Då bør du vurdere å bli medlem!Ved å registrere deg som m...
05/07/2026

Har du tenkt å reise innom Sommarutstillinga i år med ein ven? Då bør du vurdere å bli medlem!

Ved å registrere deg som medlem for 350kr støttar du arbeidet vårt, og får gratis inngong til Sommarutstillinga for deg og ein ven. Du kan kome innom så mange gongar du vil, og ta med deg ein ven gratis kvar gong.

Registrering kan du enkelt gjere på nettsidene våre ved å trykke "bli medlem" og fylle inn informasjonen på under eit minutt. Du kan og kome innom oss, så hjelper me deg ☺️

I dag har det vore workshop med Mari Bryhni som stiller ut, og slår eit slag for, halm-handverk i årets Sommarutstilling...
02/07/2026

I dag har det vore workshop med Mari Bryhni som stiller ut, og slår eit slag for, halm-handverk i årets Sommarutstilling. Opplev det imponerande tradisjonelle handverket i Kunstlåven som er open kvar dag heile juli frå kl 11 til kl 17. Velkomen hit!

Adresse

Brøløsvegen 4
Seljord
3840

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kunstlåven i Seljord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kunstlåven i Seljord:

Snarveier

Del