10/08/2026
Kjære alle saman! 💙
No står vi ved slutten av Havbrisfestivalen 2026, vår aller fyrste festival. Det er ikkje lett å setje ord på alt vi har fått oppleve saman.
For ein kveld. For ei helg. Og for ein festival!
Først og fremst: Tusen takk til alle dei frivillige!
De er sjølve hjartet i Havbris. De har rigga, rydda, teke imot gjestar, stått i billettluka, hjelpt artistar og ordna mat og drikke – tidleg om morgonen og seint om kvelden.
Takk for at de stiller opp, brukar fritida dykkar på Havbris og møter alle med humør og tolmod.
Utan dykk hadde det ikkje blitt festival! 👏🏻
🎶 Takk til årets lydmann og artistar – Kjell Holko, The Pink Robots, DJ Smiley og Ytterst!
Takk for musikken, energien og alle dei fine augneblikka de har gitt oss. Det er noko heilt spesielt med livemusikk når publikum og artistar skaper stemninga saman. De har vore ein viktig del av Havbris 2026! 🎸🎉
🤝 Takk til samarbeidspartnarane våre:
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Ulvesund Elektro
Selje Auto
Argo Junior
Bortne Maskin & Dekk
Selje Camping
Takk for at de har tru på Havbris og støttar oss i å skape noko saman.
Takk til Fjordenes Tidende som har fulgt oss sidan starten, og dekka arrangementet på ein framifrå måte!
Og ikkje minst: Takk til lokalsamfunnet! 💙
Havbris skjer her, midt i bygda, og det betyr mykje at de ønskjer oss velkomne, stiller opp og heiar på. Ein festival handlar ikkje berre om musikk, scene, lys og lyd – det handlar om menneske, fellesskap og minner vi skapar saman. Vi håpar Havbris kan bli ein festival folk kan vere stolte av – og ein tradisjon framtidige generasjonar kan sjå tilbake på og seie: «Eg hugsar Havbris då eg var liten.»
Det er de som skapar liv framfor scena. De syng, dansar, klappar, ler og løftar stemninga. Vi håpar de har fått gode opplevingar og mange gode minner med heim. 💙
Kjære publikum – denne helga har de verkeleg levert! 🙌🏻
Havbris viser at vi kan få til store ting når vi står saman. At frivilligheit, kultur, musikk og møteplassar betyr noko. Vi håpar Havbris kan vere nettopp ein slik møteplass også i åra som kjem.
Så til slutt:
Tusen takk for at de kom! ❤️
Takk for latteren.
Takk for musikken.
Takk for dansen.
Takk for fellesskapet.
Takk for alle minna.
Ta godt vare på kvarandre, og ta med dykk dei gode minna vidare.
Skål for Havbris 2026! 🥂
Vi sjåast på Havbris i 2027!
Helsing
Steffen, Marianne og Rikard