Kong Arthurspelet

Kong Arthurspelet Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel med lokale aktørar i rollene på Sandsøya. Spelet si målgruppe er familien, med humor som går på fleire nivå.

Vi gler oss til det brakar laust igjen med tre framsyningar andre helga i august, 2028! Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel, som vert framført på Sandsøy i Sande kommune. Spelet er difor god underhaldning for folk i alle aldrar. For informasjon
www.kong-arthur-spelet.no


VED SPØRSMÅL: Send oss ei melding her på Facebook, eller ta kontakt med Aadne Sandanger (tlf: 91834355).

TAKK FOR I ÅR! 🎭🤩Då var Kong Arthurspelet over for denne gong. Du kan sjå oss på vollen neste gong i år 2028, sidan vi h...
09/08/2026

TAKK FOR I ÅR! 🎭🤩

Då var Kong Arthurspelet over for denne gong. Du kan sjå oss på vollen neste gong i år 2028, sidan vi har pause i det komande. Vi har storkosa oss ilag på vollen! ☀️✨

I overkant av ei veke med øving og «variert» vêr vart til tre framifrå og storslåtte førestillingar. Ei stor takk til alle som tok turen, trass «noko» nedbør. Vi er så glade for at så mange tok turen til Sandsøya for å sjå oss!

Takk også til alle aktørar i, på, rundt og bak scenen! Vi set så utruleg pris på alle hender som bidreg til å skipe magi på Kongsvollen, år etter år. Trass nokre dråpar frå ovan og «gjørmebad» ☔️

Vi nyttar høvet til å rette ei stor takk til sponsorane våre. Vi hadde nok ikkje kunne drive med mykje spel utan dokke. De gjer Kong Arthurspelet mogleg! Tusen hjarteleg til kvar og ein! 🤩💯☀️

TIL KVAR OG EIN; TUSEN TAKK FOR I ÅR. RYKTA OG MINNA VIL LEVA! ❤️✨

Foto: Håkon Vestnes; Tommy Wiik

I DAG ER SISTE MOGLEGHEIT! 🙌🏼🤩Kl. 15:00 i dag, 9. august, står vi klare på Sandsøya for siste spelet for i år. Neste Kon...
09/08/2026

I DAG ER SISTE MOGLEGHEIT! 🙌🏼🤩

Kl. 15:00 i dag, 9. august, står vi klare på Sandsøya for siste spelet for i år.

Neste Kong Arthurspel skjer i år 2028. Ser vi deg i tribunene?

Lørdag er det duket for Norges eneste humoristiske sogespel. Neste mulighet kommer ikke før om to år.

👉 Les mer via lenken i kommentarfeltet

TRANSPORT MED BÅT OG BUSS ⛵️🙌🏼Du finn informasjon om ekstra oppsette tider til Sandsøya med ferge inne på heimesida våra...
07/08/2026

TRANSPORT MED BÅT OG BUSS ⛵️🙌🏼

Du finn informasjon om ekstra oppsette tider til Sandsøya med ferge inne på heimesida våra. I tillegg går båten «Liv» i morgon. Tek de ferge er det lurt å ta skyttelbuss eller samkøyre. Det vert mykje folk på øya i helga. 💯☀️

Info. her: https://www.kong-arthur-spelet.no/transport/

Kjøp billett via lenkje i bio eller på staden.

07/08/2026

RADIOINTERVJU MED NRK 🎭🤩

Arne Flatin i NRK kom til Kongsvollen på Sandsøya for å sjekke ståda på spelet. Odd Kåre Wiik og nevøen Tommy Wiik vart i høve dette intervjua på spelplassen. Vi er takksame for at NRK tok turen til Kong Arthurspelet! 🤩🙌🏼💯

Spelet skjer i morgon og søndag!🥳☀️

GLER SEG TIL ALT DET NYE! 🤩🎭🔥Oskar Fjørtoft Sandanger skal igjen spele Isak av Dollsøy, hovding på Kongsvollen. Han vist...
07/08/2026

GLER SEG TIL ALT DET NYE! 🤩🎭🔥

Oskar Fjørtoft Sandanger skal igjen spele Isak av Dollsøy, hovding på Kongsvollen. Han viste oss ein ny og meir laid-back gardshovding i fjor, (ref. Vestlandsnytt) og vi gler oss til å sjå meir av han.

«Eg gleda meg mest til å få framføre alt det gøye vi har planlagd og øvd på i øvingsveka. Eg gleda meg til å sjå publikum kose seg, samtidig som vi aktørane kosa oss.

Ikkje minst er det mange nye andlet i rollene også i år. Det vert ekstra spanande! 😀

«Og eg gleda meg til å sjå korleis Saudedansen blir i år, og tingscena, og ny Merlin, og ny Gneildre, og ny musikar - gleda meg generelt sett veldig mykje. Og så gleda eg meg til strålande sol på Sunnmøre» ☀️🙌🏼

Foto: privat

Kjøp billett via lenkje i bio eller på staden.

07/08/2026

NRK PÅ KONGSVOLLEN! 🙌🏼🎭

Sjå intervjuet frå Distriktsnyheitene. Vi gler oss veldig til å vise kva vi har øva på denne veka. Vi håpar de vil kome og skå på oss denne helga, 8. eller 9. august!

Billettsal via lenkje i bio (Ticketco) 🤩✨

VORE MED HEILE SITT LIV! 🎭🙌🏼Slett ikkje alle kan skryte på seg eit heilt liv i Kong Arthurspelet. Men det er altså tilfe...
05/08/2026

VORE MED HEILE SITT LIV! 🎭🙌🏼

Slett ikkje alle kan skryte på seg eit heilt liv i Kong Arthurspelet. Men det er altså tilfellet!

«Etter kvart har spelet også blitt ein del av familielivet. Då eg fekk born, måtte sjølvsagt dei små få bli med på dette fantastiske eventyret!» seier Eilen Kvamme. Ho vart med i spelet som 11-åring og var tidlegare å sjå som Møyfrid. No er ho sjølvaste Dondrå.

«No har den eldste sonen min fylt 5 år, og i år skal han nok ein gong få vere med i spelet - for tredje gong. Frå han var liten har han fått vere med å sett på og blitt kjend med menneskja og stemninga - og no byrjar han verkeleg å finne sin eigen plass i dette fantastiske universet.» 🤩😊

Kvamme seier dette set ting veldig i perspektiv.

«Det er ganske spesielt å tenkje på at eg sjølv starta som 11-åring, og at eg no får oppleve at mine eigne born veks opp med Kong Arthur.»

Ho trekk fram det som noko heilt spesielt og seier:

«Kanskje det er nettopp dette som er noko av det finaste med Kong Arthur spelet - at det ikkje berre er eit teater, men eit fellesskap og ein tradisjon som kan gå frå generasjon til generasjon.» 👑⚔️

Foto: privat

Kjem du og ser oss 8. eller 9. august? Billettar via bio.

Adresse

Sandsøy
Sandshamn
6089

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kong Arthurspelet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kong Arthurspelet:

Snarveier

Del