09/06/2026
Fyr meg opp
Eit samla kulturliv er eit sterkt kulturliv. Kulturnatt i Førde er ein berebjelke i den kulturelle infrastrukturen vår, og vi er utruleg stolte og takksame for at vi fekk vere med.
Takk, Cecilie Leganger, for at du vart med oss og skapte magisk stemning på theremin – og var med å markere vår første gang som aktør under arrangementet.
Takk til alle som kom innom og snakka med oss, og tok med seg flyer med program og kunstnaroversikt for Vevringutstillinga 2026, og takk Julian og Ane for all bistand.
Vi håpar at de alle tek turen til Vevring 18. – 20. september når Vevringutstillinga vert avhelden for 47. gong. Vi gler oss veldig!