Sindie Concerts

Sindie Concerts Konsertarrangør på Sandane i Gloppen kommune. Vi fyller på i ein allereie fantastisk kulturkommune. Sandane er indie. Sindie.

10/02/2025

Eit høgdepunkt i fjor var å få mine favorittar i Dropkick til Sandane. No er bandet ute med ny plate kalla "Primary Colours". I samband med det har dei også laga livevideo frå Lauget! Det var første gong dei spelte "Too Much of The Same" frå albumet. Sjekk videoen ut og lytt gjerne også til albumet! https://open.spotify.com/album/6iFZwIu5kloJ24Xmj7LuS3?si=PFFZ2HNuQsyEQXsaBsy68w

Bedroom Eyes ❤️🔥❤️
03/12/2024

Bedroom Eyes ❤️🔥❤️

Eit døgn igjen til Bedroom Eyes går på scena på Skg.vinkafé!Glede, glede, glede!Det er 7 billettar til 50, 100 eller 150...
28/11/2024

Eit døgn igjen til Bedroom Eyes går på scena på Skg.vinkafé!

Glede, glede, glede!

Det er 7 billettar til 50, 100 eller 150 kr igjen på Tikkio.no. Er du i tvil må du sjå denne nedpå versjonen av Stream of Consciousness og la deg overbevise ❤️🔥

https://youtu.be/4n5WIfbhJSg?si=qKTZQOb0sqNql-8m

Billett: https://tikkio.com/tickets/51534-bedroom-eyes-akustisk

Live session of Bedroom EyesFilmed in Farsta, Stockholm in August 2023 · ▾ read more ▾© Valerie Toumayan / I Love Swedenhttps://bedroomeyes.se• Full review h...

Det blir ikkje Sindie-konsert på Sandane denne sommaren trass i nokre iherdige forsøk, men vi har også i år mekka norges...
03/07/2024

Det blir ikkje Sindie-konsert på Sandane denne sommaren trass i nokre iherdige forsøk, men vi har også i år mekka norgesturné for fantastiske Gary Olson og Ole Johannes Åleskjær. Det aller kulaste er at Værlandet står for tur! Har du ingen planar, men har lyst å sjå fantastisk natur i havgapet MÅ du ta turen dit i slutten av juli!

Arrangement, billettar og heile turnéen finn du her:

Gary Olson og Ole Johannes Åleskjær på Hamnaholmen, Værlandet 26. juli.

Billett: https://tikkio.com/tickets/48577-gary-olson-ole-johannes-aleskjaer-hamnaholmen-vaerlandet

03/06/2024

Sindie jobbar meir eller mindre konstant med konsertar. Ikkje berre prøver vi å lure artistar til Sandane av og til, men i like stor grad trekk vi også i trådane andre stader i landet. På kontoret ligg sigartåka tjukk og det klirrar i gullkjeder medan vi tilbakelent i Chesterfield-stolar forhandlar med verdas tøffaste konsertarrangørar. Ein av desse held til på Værlandet.

Men først anbefalar vi fredag på Lauget kaffi & kultur og det eminente coverbandet American Girls i regi av Glopperock!

Om du så har vurdert ein dag i havgapet, men ikke fått fingeren ut, så tipsar vi om god middag og konsert på fantastiske Hamnaholmen laurdag som kjem. Ola Tennes tek turen frå Sandane for gratiskonsert! Matservering til 21 og så går Ola på etter det. Begrensa antall plassar.

https://www.facebook.com/share/xAYxtwCEHRusajRG/

31/03/2024

Dropkick med nydeleg Sandane-reklame i sitt siste innlegg. Liveopptak av songen "The Other Side" med bilder frå bygda (og turen Bergen - Sandane) undervegs.

Straks Bergen, Sandane og Oslo på gjengen + Ola Tennes!Tickets:https://tikkio.com/organizer/5437-
13/02/2024

Straks Bergen, Sandane og Oslo på gjengen + Ola Tennes!

Tickets:
https://tikkio.com/organizer/5437-

1 day till Norway!
Thanks to Sindie Concerts for setting these shows up 🙏
Wed 14th Feb - Skg. vinkafé, Bergen
Thu 15th Feb - Bergendal Gard, Bergen
Fri 16th Feb - Lauget, Sandane
Sat 17th Feb - House Concert, Oslo SOLD OUT

All show details- https://linktr.ee/dropkickmusic

Dropkick akustisk live på spansk radio for nokre år sidan 🔥🔥Snart Sandane, Bergen og Oslo!
10/02/2024

Dropkick akustisk live på spansk radio for nokre år sidan 🔥🔥

Snart Sandane, Bergen og Oslo!

Det blir ein vill månad med konsertar fire kveldar til endes for Sindie og medsammansvorne!Billettar til konsertane på  ...
17/01/2024

Det blir ein vill månad med konsertar fire kveldar til endes for Sindie og medsammansvorne!

Billettar til konsertane på og .vinkafe finn du på Tikkio.no.
Bergendal gård brukar TicketCo.
Oslo er utselt!











Foto av Ola Tennes: Magnus Skrede

OLA SPELAR FRANK- kun på Lauget - Det er eksepsjonelt stor stas å kunne seie at same februarkveld som Dropkick inntek La...
15/01/2024

OLA SPELAR FRANK
- kun på Lauget -

Det er eksepsjonelt stor stas å kunne seie at same februarkveld som Dropkick inntek Lauget, skal Ola også spele. På Lauget skal han gjere noko eksklusivt kun for sandanepublikummet.

20. januar i fjor døydde ein av både underteikna og Ola sine store popheltar. Han var frontfigur i Pogo Pops og Popium. Han hadde ei strålande solokarriere. Han var låtskrivar, vokalist og bandmedlem i The Love Connection og Evig Din For Alltid. Han bidrog på andre band sine låtar, blant anna Audrey Horne sine "Devil's Bell" og "All is Lost" i 2022, sjølv om han var alvorleg sjuk.

Berre 53 år gamal sovna Frank Hammersland inn i heimbyen Bergen etter lang tids sjukdom.

Fredag 16. februar skal Ola spele låtar frå Frank Hammersland si karriere.

Det må du få med deg.

Foto: Magnus Skrede

Det er ei sann glede å meddele at Sindie skal arrangere konsert i Bergen også! Etter å ha møtt nokre skikkelege ja-menne...
14/01/2024

Det er ei sann glede å meddele at Sindie skal arrangere konsert i Bergen også! Etter å ha møtt nokre skikkelege ja-mennesker på den veldig koselege og utsøkte vinkafèen Skg var det gjort.

Onsdag 14. februar blir det heilt nedstrippa dobbelkonsert med Dropkick og Ola Tennes i Steinkjellergaten 2. Her blir det mulighet for å nippe til vin av skyhøg kvalitet, eller drikke deilig brus og øl medan du nynnar og vaggar lett frå side til side. Lett matservering har dei også.

Det er svært begrensa med plassar!

Dette blir heilt magisk.

Billettar:

Dropkick er skotsk power pop og country pop som slektar på Teenage Fanclub og Tom Petty. Etter å ha vore aktive i fleire tiår er Dropkick endeleg klare for Norge! Med ei lang rekke albumutgivelsar i bagasjen har bandet seinast i 2023 turnert i Spania, Sverige og UK, men i 2024 tek dei turen som d...

Vi ønskjer alle eit godt nytt konsertår og ser fram til kva 2024 kan by på! Sindie er vanvittig fornøgde med å ha fått M...
31/12/2023

Vi ønskjer alle eit godt nytt konsertår og ser fram til kva 2024 kan by på!

Sindie er vanvittig fornøgde med å ha fått Misty Coast til bygda i 2023, og så var det særdeles kult å teste Ryssfjøra med Gary Olson, som eg veit synst det var heilt sjukt å spele ein så vakker plass.

Gloppen er ein fantastisk kulturkommune og kalenderen ser allereie ut til å fyllast opp med opplevingar for born og vaksne utover våren! For Sindie er Dropkick (UK) // Lauget, Sandane i februar neste stopp! I januar offentleggjer vi kven Dropkick skal dele scena med denne kvelden. Det blir noko veeeeldig fint.

Har du lyst på Lauget den kvelden kan du rote deg inn her for billett:

Likar du The Byrds, Teenage Fanclub, Tom Petty, eller Wilco? Glad i country pop, power pop eller enkelt og greit poprock? Då må du sjekke ut Dropkick! Det får du mulighet til på Sandane i februar 2024! Skotske Dropkick tek turen for ein eksklusiv og kort norgesturné som inkluderar storbyane Ber...

Adresse

Sandane

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sindie Concerts legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del