Ose Kammerspel

Ose Kammerspel Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Ose Kammerspel, Festival, Sandane.

Ose Kammerspel er draumen om ein kammermusikkfestival i verdsklasse - med dei beste musikarane og den vakraste musikken - der vi saman med publikum skal skape nære, lidenskaplege og varme musikkopplevingar.

Vi vil gjerne rette ein ekstra takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre etter årets festival. Utan dei er det va...
22/03/2026

Vi vil gjerne rette ein ekstra takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre etter årets festival. Utan dei er det vanskeleg å sjå for seg at det går an å få til ein festival, så takk til alle som har vore med oss i år!
Vestland fylkeskommune*Gloppen kommune*Gloppen kulturskule*Gloppen Hotell*Sølvane - matbar*Sandane bedehus*Frydenbø Bil*Hans Lote*Sogn og Fjordane Energi*Sparebanken Norge

Kjære publikum💚Uten dokke blir det ingen festival! Vi er så glade for alle dei faste gjengangarane våre, og for dokke so...
18/03/2026

Kjære publikum💚
Uten dokke blir det ingen festival!
Vi er så glade for alle dei faste gjengangarane våre, og for dokke som kanskje besøkte festivalen for første gang!
Vi gjer alltid vårt beste for å levere den finaste festivalopplevinga, men alt som vi styrar med og jobbar for og ordnar betyr ingenting dersom der ikkje er nokon å dele det med.
Takk for at du kom, og sjåast igjen neste år!🌷

P.S. Vi tar alltid imot ønsker og tips fra publikum! Du kan nå oss gjennom alle kanalar

Foto: Jostein Vedvik

«Det som vart att - røyster frå krigen» Laurdagskonserten vekte mange kjensler, då musikarane tok oss med på ei reise gj...
12/03/2026

«Det som vart att - røyster frå krigen»
Laurdagskonserten vekte mange kjensler, då musikarane tok oss med på ei reise gjennom nokre av 2. verdskrigs musikalske skattar. Festivalen blei runda av med jubel og begeistring!
Takk til alle som kom🩵

Foto: Jostein Vedvik

Lunsjkonserten på Sølvane Matbar kan vi leve lenge på! Fullt hus, nydeleg lunsj og fantastisk fin musikk 🤩 Dei lokale ta...
09/03/2026

Lunsjkonserten på Sølvane Matbar kan vi leve lenge på! Fullt hus, nydeleg lunsj og fantastisk fin musikk 🤩 Dei lokale talenta Ane Fitje Woxen, Silje Øisang og Karl-Emil Gade Østerbye imponerte oss, heldige er vi i Gloppen som både har Gloppen kulturskule og Musikk, dans, drama på Firda vgs! Dei betyr svært mykje for musikkinteresserte born og unge, og dannar heile grunnlaget for at desse unge kan få leve ut sine talent og interesser innan musikk - sjølv om dei kjem frå ei lita, vakker vestlandsbygd! Takk til publikum og Sølvane Matbar - dette var veldig kjekt!
Foto: Jostein Vedvik

Så har vi landa etter den 7. festivalen vår 💙 Tusen takk til  musikarane som har gjesta oss i år, det var ei sann glede ...
06/03/2026

Så har vi landa etter den 7. festivalen vår 💙 Tusen takk til musikarane som har gjesta oss i år, det var ei sann glede å ha Ssens Trio på besøk. Dei lokale talenta Ane Fitje Woxen, Silje Øisang og Karl-Emil Gade Østerbye imponerte oss stort på lunsjkonserten, kjekke og dyktige unge musikarar! Takk til alle publikummarane som fann vegen både til Sølvane Matbar og til Bedehuset, takk for alle gode og hjartevarme tilbakemeldingar!
📸 Jostein Vedvik

Tusen takk Frydenbø Bil🫶Under festivalen var vi så heldige å få låne ein Polestar 4, som sørga for at musikarane våre va...
03/03/2026

Tusen takk Frydenbø Bil🫶

Under festivalen var vi så heldige å få låne ein Polestar 4, som sørga for at musikarane våre vart transportert trygt, raskt og med stil🔥

Vi set stor pris på samarbeidet - Takk for lånet!

28/02/2026

Vil du høyre meir av dette?

Då må du komme til Sølvane Matbar i dag kl. 13:00🤩

Firda Tidend har vore på besøk på opningskonserten vår! Les kva dei har å sei her🫶
28/02/2026

Firda Tidend har vore på besøk på opningskonserten vår!

Les kva dei har å sei her🫶

- Dette var fantastisk. Det rørte meg - tårene kom til og med. At vi kan få oppleve noko slikt i Gloppen, er utruleg, seier Elin Gro Skaaden, og legg til at ho tykkjer det er svært kjekt å oppleve Ose-jentene spele.

27/02/2026

Ose Kammerspel opna årets festival med konserten 'Tonar mot lyset' i Sandane bedehus fredag kveld.

27/02/2026

Ose Kammerspel byr inn til ny festival komande helg. - Temaet krig er meir relevant enn nokon gong, og i ei turbulent tid har vi valt å fokusere på lys og mørke, fortel festivalsjef Ann Karin W. Ose.

Mens vi ventar på festivalmusikarane som kjem om nokre timar har Ingrid og Maria dei siste dagane besøkt barnehagar på S...
26/02/2026

Mens vi ventar på festivalmusikarane som kjem om nokre timar har Ingrid og Maria dei siste dagane besøkt barnehagar på Sandane, og det er alltid veldig kjekt!😍 Her er et par bilder frå Mona Barnehage og Nygård Barnehage🥳🎈

Her kan du kjøpe billettar til årets festival! ✨
25/02/2026

Her kan du kjøpe billettar til årets festival! ✨

Finn og kjøp Ose Kammerspel billetter på ticketmaster.no

Adresse

Sandane
6823

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ose Kammerspel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ose Kammerspel:

Del

Type