01/09/2021
Du har kanskje høyrd eventyret "Jutulen og Blessomen" av Asbjørnsen og Moe? Men har du vore på Jutulheimen i Vågåmo?
Høgt oppe i Prestberget med utsyn over Vågåmo, ligg friluftsmuseet Jutulheimen. Husa er sett opp som inntunet til ein gamal storgard. Kring tunet står ni hus, mellom anna to stover, ein stall med stalltrev og ei smie. Husa er frå 1600-, 1700- og 1800-talet og kjem frå ulike gardar i Vågå.
Jutulheimen er kalla opp etter næraste ”naboen”, trollet Jutulen, og har aldri vore ein gard. Porten inn til Jutulen ser du i berget like under Jutulheimen. Eventyrsankarane Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjent i heile Noreg då dei skreiv ned eventyret om ”Jutulen og Blessomen”.
Imorgon klokka 18 kan du vere med Vågå historielag på vandring til Tingvasletta der Olav Digre etter segna heldt ting med vagverane. Etterpå samlast vi på Jutulheimen.