Røldalsspelet

Røldalsspelet Musikalforestilling som fortel Røldal si pilegrimshistorie. Ved Røldalsvatnet 3.-5. Juli 2025

Til alle Røldalsspelets venner: god jul og godt nytt år!🌟 2026 skal brukast til å planlegga eit endå betre spel i 2027. ...
24/12/2025

Til alle Røldalsspelets venner: god jul og godt nytt år!🌟 2026 skal brukast til å planlegga eit endå betre spel i 2027. Håpar me sjåast då! 📷 Bråkmakar

Har du sett Røldalsspelet? Me vil veldig gjerne høyre frå deg!Teaterrøyken har etter kvart lagt seg ved Røldalsvatnet, m...
12/08/2025

Har du sett Røldalsspelet? Me vil veldig gjerne høyre frå deg!

Teaterrøyken har etter kvart lagt seg ved Røldalsvatnet, men me jobbar trufast vidare mot neste spel 🤩
Me vert kjempeglade om du tek deg eit lite minutt til å legge igjen ei omtale av opplevinga di. Det betyr mykje for oss – og hjelper fleire med å oppdage spelet!

Slik gjer du det:

Gå til Røldalsspelet si Facebook-side (klikk på namnet øvst i denne posten).
Under profilbiletet finn du menyen – trykk på «Omtalar», «Anmeldelser» eller «Reviews», alt etter kva språk du nyttar.
Klikk på Ja eller Nei om du anbefalar oss eller ikkje og del nokre ord om kva opplevingar du hadde av spelet.
Tusen takk for at du hjelper oss å spre ordet – din omtale betyr mykje! ❤️

👉 Har du eit favorittøyeblikk frå spelet? Del det gjerne i kommentarfeltet!

📷Bråkmakar

Vil du forlenga spelfølelsen kan du få kjøpt effektar frå Røldalsspelet i Røldal turistinformasjon!
08/07/2025

Vil du forlenga spelfølelsen kan du få kjøpt effektar frå Røldalsspelet i Røldal turistinformasjon!

Me vil retta ein ekstra stor takk til alle på scenen – ikkje minst våre lokale amatørar, som presterer som proffe! Me er...
07/07/2025

Me vil retta ein ekstra stor takk til alle på scenen – ikkje minst våre lokale amatørar, som presterer som proffe! Me er spesielt stolte over dei yngste, som har vist eit så imponerande engasjement og uthald gjennom heile den lange perioden med øvingar og førestillingar. Fantastisk levert!🙌 Foto: Bråkmakar

Røldalsspelet 2025 er gått over i historien, men for nokre dagar me har hatt ute ved Røldalsvatnet! Store skodespelarpre...
06/07/2025

Røldalsspelet 2025 er gått over i historien, men for nokre dagar me har hatt ute ved Røldalsvatnet! Store skodespelarprestasjonar, rørande augneblinkar, sterk musikk! Takk til Gunn Gravdal Elton for dette fantastiske verket, til regissør Kurt Mega Herdlevær og koreograf Ann-Terese Aasen - koreografi & regi for det genuine uttrykket som er skapt saman med kostymedesigner Gunvor Øvregård. Takk til vêrgudane som har halde handa si over spelplassen og trossa Yr og alle frivillige som har bidratt med stort og smått. Og ikkje minst takk til alle som tok turen til Røldal for å få med seg spelmagien og som har gitt oss så mange positive tilbakemeldingar! Foto Bråkmakar og Gunn Gravdal Elton.

Me er komne til siste dag for Røldalsspelet 2025, men du har framleis sjansen til å sikre deg ein av dei siste billettan...
05/07/2025

Me er komne til siste dag for Røldalsspelet 2025, men du har framleis sjansen til å sikre deg ein av dei siste billettane til årets spelmagi ved Røldalsvatnet. Me har eit heilt fantastisk ensemble på scena! Det blir ein våt dag og kveld, men framleis like sterke kjensler og stor dramatikk! Foto: Bråkmakar Media https://roldalsspelet.ticketco.events/no

Det vart ein fantastisk premiere i går for fulle tribunar, avslutta med ståande applaus!🙌 Framleis nokre ledige billetta...
04/07/2025

Det vart ein fantastisk premiere i går for fulle tribunar, avslutta med ståande applaus!🙌 Framleis nokre ledige billettar til i dag og i morgon. I kveld er det meldt litt regn, og sjølv om det er tak over tribunane, oppfordrar me alle til å kle seg godt med ull og regnklede for å vera på den sikre sida – det kan nok bli noko vått, særleg på dei fremste radene og på sidene. Fortvil ikkje, det kjem til å bli magisk likevel! Sjåast på Røldalsspelet!🌟 Foto: Bråkmakar

Adresse

Røldal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røldalsspelet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Røldalsspelet:

Del