Nynorskens hus

Nynorskens hus Nynorskens hus skal vere ein kulturarena i hovudstaden der ulike uttrykk møtest: musikk, dans, språk, litteratur, teater, design, debatt og forsking.

Nynorskens hus skal vere ein kulturarena i hovudstaden der ulike uttrykk møtest: musikk, dans, språk, litteratur, teater, handverk, design, debatt og forsking. Det skal vere ein arena for born, unge, amatørar og profesjonelle. Det skal vere eit rom for å undersøke og formidle nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk, bygge kunnskap og samhald. Huset skal vere ein aktør i utviklinga av Noreg, ein talar

stol, ei scene for ulike stemmer. Nynorskens hus skal gi fleire tilgang til nynorsk språk. I august 1913 opna Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) dørene til nybygget i Rosenkrantz’ gate 8 og Teatersalen. Inn dørene gjekk kunstnarar, politikarar, akademikarar, bønder, ungdom. Dei heitte Sletten, Kviberg, Garborg, Semb, Johannessen, og mange var med dei. Med debatt, dramatikk, folkedans, song og framsyningar, i møte mellom elitisme og folkelegheit, samla og skapte dei kulturuttrykk som spegla eit heilt folk. I oktober same år fann den store teaterslaget stad i gatene og i huset. Det var blod på veggene. Huset er ein aktivitetsarena, eit diktarhotell, ei systove og Kaffistove, med kultur for alle, der BUL sine eigne aktivitetar i Songlaget, Teaterlaget, Leikarringen og Idrottslaget med øvingar, framsyningar og konsertar held hus. Men vi har også plass til musikarar, kunstnarar og organisasjonar i huset vårt. I 2008 blir ei ny dør opna. 150 barn og ungdom, kunstnarar, BUL, Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret stiftar Den mangfaldige scenen - eit teater der dei unge kan uttrykke seg, lære og skape. Nye fellesskap veks fram. Huset og verksemda blir rusta opp med dugnad og støtte frå private og offentleg pengesekker. I 2013 ynskjer Jon Fosse og Kai Johnsen at Hav kan spelast i dette huset, med BUL som hovudprodusent, og saman med BUL og fleire organisasjonar blir ideen om eit nynorskens hus i hovudstaden fødd. I 2014 vedtar årsmøte til BUL at denne staden i Rosenkrantz’ gate, mellom aust og vest og regjeringskvartalet og Stortinget, skal ha ein ambisjon det står respekt av.

26. september 2014 kl. 17.15 opnar dei nye dørene til Nynorskens hus med musikk, dans og ord, og med Hav i Teatersalen. Svindseth, Amran, Joof, Johnsen, Fosse, Skagestad, Iversen, Sandegren, Kaur, Bøyum, Løvald, Donya, Nordval og Riise med mange fleire ønskjer velkommen. I 12 veker er det Haustfestival med skisser til kva huset kan romme. Innhaldet i Nynorskens hus vil bli bygd over fire år av folk frå fleire miljø og gjennom samtalar av ulike format: debatt, framsyningar, læring og forsking. Sjå www.nynorskenshus.no for informasjon om programmet og framtida.

Hulda Garborg er klar til å møte Nynorskens hus 🎭 Og det er 6. klassingane i Oslo også 🙋🏽‍♀‍ Vi er i gang med DKS-prosje...
10/01/2023

Hulda Garborg er klar til å møte Nynorskens hus 🎭 Og det er 6. klassingane i Oslo også 🙋🏽‍♀‍ Vi er i gang med DKS-prosjektet Møt Nynorskens hus, der dyktige forteljararar tar 6. klassingar med på ei ferd gjennom språkhistoria i vårt spennande bygg.

Hausten byrjar å fyllast opp i Nynorskens hus, men vi har nokre ledige dagar til det du måtte ha lyst til å drive med. S...
03/08/2022

Hausten byrjar å fyllast opp i Nynorskens hus, men vi har nokre ledige dagar til det du måtte ha lyst til å drive med. Sjå utleigekalender på www.bul.no. 🎷🎻🎭🩰

Laurdag 2. april kan du få eit innblikk i landbrukshistoria vår, når Teater Vestland spelar det landbrukspolitiske stykk...
01/04/2022

Laurdag 2. april kan du få eit innblikk i landbrukshistoria vår, når Teater Vestland spelar det landbrukspolitiske stykket Bondetinget kl. 19.30. 🎭

Landbruksteateret som “alle” snakkar om: «Bondetinget» hadde premiere hausten 2021. Etter turneen til nesten tretti bygdehus i Vestland blei vi nedringt av folk frå heile landet som lurte på kor dei kunne sjå framsyninga, og fleire av landets teater har spurt om å få «Bondetinget» som gjestespel.

Vi har hala og dratt i timeplanen for å finne rom for å sende skodespelar Kyrre Eikås Ottersen ut på turné i andre landsdelar midt oppi stadig nye produksjonar her på teateret. Og vi har klart det.

«Bondetinget» skal først på ein liten mini-turné til austlandet (Ås, Oslo og Hokksund), og deretter på turné i Møre og Romsdal med Teatret Vårt. På bildet skjenker regissør Torkil Sandsund opp ein kaffitår å styrke seg på fysst.

Billettar: https://teatervestland.no/framsyningsliste/bondetinget-nstsw

På tysdag blir det kulturkalas med stor K i Nynorskens hus. Vel møtt!
19/02/2022

På tysdag blir det kulturkalas med stor K i Nynorskens hus. Vel møtt!

Vi feirar gjenopninga med ein skikkeleg kulturkveld i Teatersalen! Tysdag 22.2 markerer vi Frivilligåret, på fødselsdagen til sjølvaste Hulda Garborg.

Vi kan skilte med føredrag om det blodige teaterslaget, ved Garborgsenteret, og innslag frå Songlaget. I tillegg blir det sjølvsagt dans med dansespel i toppklasse. Lett servering.

Dørene i Rosenkrantz' gate 8 opnar kl. 19, og arrangementet er gratis og ope for alle. Kjem du?

Adresse

Rosenkrantz´ Gate 8
Oslo
0159

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nynorskens hus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nynorskens hus:

Del