Den Mangfaldige Scenen

Den Mangfaldige Scenen Den mangfaldige scenen er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6-26 får lære, skape og spele teater i samarbeid med profesjonelle kunstnarar.

DMS as er eigd av Det Norske Teatret, Noregs Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Oslo. I 1913 etablerte Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og Noregs Ungdomslag (NU) Det Norske Teatret (DNT). Eit teater som skulle vere døropnar inn til eit språkleg og kulturelt mangfald. 100 år seinare bygger DNT, BUL og NU opp eit nytt norsk barne- og ungdomsteater, Den mangfaldige scenen. 260 barn og unge, 30 vaksne kunstnarar og mellom anna Norsk kulturråd, Kunsthøgskolen i Oslo og Fritt Ord støttar prosjektet. Dette er eit scenekunsttilbud der unge mellom 6-28 år med ulik kulturell bakgrunn og interesser, kan ta i bruk skapande evner. Vi vil ha eit teater som viser dagens kulturelle rikdom. Vi vil få fram nye kunstuttrykk i møte mellom unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. Hovudscenene er Teatersalen i Rosenkrantz' gate 8 og på Det Norske Teatret.

Kjære kong Harald
Sjela di lever evig

O du som bar Noreg i ditt hjarte,
i fred som i storm
du vandra blant folket, du s...
28/08/2026

Kjære kong Harald
Sjela di lever evig

O du som bar Noreg i ditt hjarte,
i fred som i storm
du vandra blant folket, du såg oss i augene
du lytta til både unge og gamle,
og du var for alle
ein far, eit symbol og eit minne.

Eg sørger over deg, O hjartekonge,
ikkje fordi du har gått bort,
men fordi vi lærte av deg
at storhet ligg i ydmykhet,
og at majestet ligg i barmhjertighet.

Kvil i fred, Harald, for folket du elska
skal bere fakkelen etter deg,
blad etter blad...
som høstløv fell,
for å gi plass til ny vår 
 
Varm klem,

forfattar Shwan Wahed 

med Den Mangfaldige Scenen

❤️

🎉Hurra! I 2027 har DMS 20-årsjubileum🎉 Vi startar feiringa allereie no i haust med mykje som skjer - og DU er invitert t...
20/08/2026

🎉Hurra! I 2027 har DMS 20-årsjubileum🎉
Vi startar feiringa allereie no i haust med mykje som skjer - og DU er invitert til festen!

Mellom anna har vi starta opp ein ungdomsredaksjon som skal gje ut tidsskrift i 2027. Prosjektet har motteke stønad frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner gjennom Noregs Ungdomslag!🌟Vi takkar for støtta og gler oss til fortsettinga!

I tillegg har vi det siste året intervjua fleire aktørar som er del av DMS si historie. Desse aktørane skal de få bli betre kjende med gjennom hausten✨ Følg med!

🎭Den mangfaldige stemme, Den mangfaldige festivalen og Kulturdag er nokre av fleire arrangement som også skjer i haust! Gå inn på nettsida vår for datoar og meir informasjon.

Oppdateringar vil kome både her og på nettsida vår mangfaldige.no undervegs!😊

I dag markerer vi nynorskdagen! DMS ønskjer å vere ein stad der alle språk er velkomne - og vi vil halde fram med å frem...
12/05/2026

I dag markerer vi nynorskdagen!

DMS ønskjer å vere ein stad der alle språk er velkomne - og vi vil halde fram med å fremje nynorsken alle dagar i året!

🎶Vil du vere med og synge saman - på forskjellige språk? Ta turen til Nynorskens Hus fredag 20. mars for å vere med i st...
12/03/2026

🎶Vil du vere med og synge saman - på forskjellige språk?

Ta turen til Nynorskens Hus fredag 20. mars for å vere med i startfasen av det spennande prosjektet "Mangfaldige Klang"🎶

Gullfebla 2026🎭 WOW - For ein gjeng, og for ein innsats!DMS vil takke og gratulere både dei på og av scena for den gode ...
11/03/2026

Gullfebla 2026🎭

WOW - For ein gjeng, og for ein innsats!
DMS vil takke og gratulere både dei på og av scena for den gode innsatsen, og ikkje minst for det fantastiske resultatet🙌🏼

Takk til skodespelarane:

Olivia Omara Thrane Storsve
Amanda Desiré Liden Halvorsen
Martha Johanne Lindkvist 
Eira Øyen Evans
Billie Marie Martinsen
Johan Eritsland Anker
Pippi Kyllo-Leraand
Sevim Ay

Og takk til kunstarleg lag:

Regi og koreografi: Jon Werede Hope i samarbeid med Erlend Samnøen
Idé og manus: Erlend Samnøen
Regiassistent: Justina Brazaite
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Jørann Normann

📸Sjå fleire bileter på nettsida vår: mangfaldige.no

Foto: Tori Flaatten Halvorsen

Dette er noko av det som har skjedd i det siste!🎭🎶
06/03/2026

Dette er noko av det som har skjedd i det siste!🎭🎶

No er det berre få dagar igjen til premieren av Gullfebla! Denne gjengen gler seg til å ta imot fleire skular gjennom De...
06/02/2026

No er det berre få dagar igjen til premieren av Gullfebla! Denne gjengen gler seg til å ta imot fleire skular gjennom Den Kulturelle Skolesekken i Oslo, 🎭

Bileta er tatt under øving med teknisk gjennomgang🎤

Skodespelarar:
Olivia Omara Thrane Storsve
Amanda Desiré Liden Halvorsen
Martha Johanne Lindkvist
Eira Øyen Evans
Billie Marie Martinsen
Johan Eritsland Anker
Pippi Kyllo-Leraand
Sevim Ay

Kunstarleg lag:
Regi og koreografi: Jon Werede Hope i samarbeid med Erlend Samnøen
Idé og manus: Erlend Samnøen
Regiassistent: Justina Brazaite
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Jørann Normann

På nettsida vår kan du lese meir om teateret: mangfaldige.no

02/02/2026

Hels på nokre av våre FANTASTISKE skodespelarar som gjer seg klare til teaterstykket Gullfebla🌟
Vi ønskjer dei lukke til i den siste innspurten før premiere til helga!

Vi er i gang med «Ein dag i Nynorskens hus»-framsyningane!På nettsida vår kan du lese meir om framsyninga og sjå fleire ...
29/01/2026

Vi er i gang med «Ein dag i Nynorskens hus»-framsyningane!

På nettsida vår kan du lese meir om framsyninga og sjå fleire bilete: mangfaldige.no

Adresse

Rosenkrantzgate 8
Oslo
0159

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Den Mangfaldige Scenen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Den Mangfaldige Scenen:

Snarveier

Del