Teaterlaget i BUL Oslo

Teaterlaget i BUL Oslo Vi er ei amatørteatergruppe som held til i Teatersalen i hjarte av Oslo med medlemmar i alle generasjonar.

Dei siste åra har vi hatt to teateroppsetjingar i året, og er omlag 20 aktive medlemmar. Meir info om Teaterlaget og korleis du kan bli medlem finn du på nettsida vår: https://www.bul.no/teaterlaget/

Alle stykka blir spelt på nynorsk eller dialekt.

Trur du ikkje også sjølvaste Dovregubben har fått brev frå kongen om at han kan vinne prinsessa og heile halve kongerike...
15/06/2026

Trur du ikkje også sjølvaste Dovregubben har fått brev frå kongen om at han kan vinne prinsessa og heile halve kongeriket? Kongeparet må verkeleg vere desperate etter å få gifta bort dottera.

I Dovregubbens spelebule kosar trolla seg med poker og etekonkuransar. Men storetar Gunn, Olle Bolle, som er Dovregubbens høgre hand, og det søte vesle rampetrollet er ikkje så søte lenger når det står kristenmannsblod på menyen.

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19.juni, Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Eit uventa venskap oppstår når Trollet under brua og Pannekaka blir vikla inn i ei rekke dramatise og eventyrlige hendin...
14/06/2026

Eit uventa venskap oppstår når Trollet under brua og Pannekaka blir vikla inn i ei rekke dramatise og eventyrlige hendingar. Ikkje nok med at dei må bale med vondsinna gjetebukkar og svoltne skrikarungar, men etter å ha slått seg sammen med Espen Arne, Asbjørnsen og Mo risikerer dei til og med å ende i grytene til Dovregubben.

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19.juni, Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Premieredag! No er det ikkje mange timar før teppe går opp på Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL! Premiera...
13/06/2026

Premieredag! No er det ikkje mange timar før teppe går opp på Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL! Premiera og framsyninga i morgon er utseld🤯 Ikkje nøl med å bestille billettar måndag, onsdag eller fredag neste veke for å få med deg moroa!

No er det like før det er premiere på Folkeeventyra – The Musical, og vi gler oss som berre det! Det gjer publikum også ...
09/06/2026

No er det like før det er premiere på Folkeeventyra – The Musical, og vi gler oss som berre det! Det gjer publikum også for framsyninga på sundag er nesten utseld og på laurdag går billettsalet unna. Tenk så leit det er å komme i døra og måtte tusle heim fordi det var fullt? Frykt ikkje! Førehandskjøp billettar no ved å bruke lenka i kommentarfeltet.

Kva gjer ein når pengekassa er tom og skrivesperra ikkje gjev seg? Dei to heltane våre, den lystige Asbjørnsen og meir m...
06/06/2026

Kva gjer ein når pengekassa er tom og skrivesperra ikkje gjev seg? Dei to heltane våre, den lystige Asbjørnsen og meir molefonkne Moe, legg ut på den norske (lands)bygda for å hente inspirasjon.

Men kven skulle trudd at musene deira skulle vise seg og vere ei pannekake på rømmen, eit troll med ei lita identitetskrise, og ein ungut med raud sykkelhjelm?

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19.juni, Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Aaaaa, dei er nokre moroklumpar, mors augesteinar og Espen Arne sine brør Pål og Per. Nå har dei også fått brev frå kong...
29/05/2026

Aaaaa, dei er nokre moroklumpar, mors augesteinar og Espen Arne sine brør Pål og Per. Nå har dei også fått brev frå kongen og legg i veg for å stå i kø for å fri til prinsesse Margrethe.

Men er dei så tøffe og kule som dei trur dei er, eller vil lufta gå ut av ballongen når dei står andlet til andlet med prinsesse Margrethe.

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19.juni, Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Etter mannen si ville forlysting og tragiske død i hønsehuset har Revtsjenka gått inn i ein djup depresjon. Ho har murt ...
27/05/2026

Etter mannen si ville forlysting og tragiske død i hønsehuset har Revtsjenka gått inn i ein djup depresjon. Ho har murt seg inne mellom husets fire veggar og dagane går stort sett i kebab, is og såpeseriar. Ho har rett og slett blitt ei ganske sær og krevjande husfrue for tenestejenta Korsje.

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.-19. juni i Teatersalen, Nynorskens hus Kjøp billett her: https://bul.ticketco.events/no/nb

Mor til Espen Arne blir neppe kåra til årets mor. Ho er ikkje særleg fornøgd med den eventyrlystne sonen sin. Ti år på k...
24/05/2026

Mor til Espen Arne blir neppe kåra til årets mor. Ho er ikkje særleg fornøgd med den eventyrlystne sonen sin. Ti år på kostskule skal nok få evenyrgrillene ut av skolten til guten!

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19. juni Nynorskens hus Teatersalen Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Gunnar fekk i dag eit uventa brev frå kongen vår. Der står det at førstemann til mølla får gå ned på kne og fri til prin...
21/05/2026

Gunnar fekk i dag eit uventa brev frå kongen vår. Der står det at førstemann til mølla får gå ned på kne og fri til prinsessa. Etter å ha kasta eit kjapt blikk i spegelen og konstatert at: Jo da, det er litt av ein sjarmør som kikka attende på han, legg han i veg. ..
Ikkje nok med at ho må ta seg av mann brand og gamlefar, så har ho også klart å produsere sju skrikerungar som ho må halde liv i. Den som istaden kunne ha slappa av i ei hengekøye på Bahamas med ein parasolldrink i handa....

Folkeeventyra – The Musical // Teaterlaget i BUL 13.- 19. juni, Nynorskens hus Teatersalen Rosenkrantzgate 8. Kjøp billett i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Vi gler oss til å ta dykk med på ei eventyrleg reise med song, dans og ein heil bråte med finurlege og morosame karakter...
30/03/2026

Vi gler oss til å ta dykk med på ei eventyrleg reise med song, dans og ein heil bråte med finurlege og morosame karakterar. "Folkeeventyra - The Musical" har premiere laurdag 13. juni og allereie no kan du skaffe deg billettar! Klikk her for meir info og billettar: https://www.facebook.com/events/1419109986186074/

Adresse

Rosenkrantz' Gate 8
Oslo
0159

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Teaterlaget i BUL Oslo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Teaterlaget i BUL Oslo:

Del