20/08/2026
20. august 1962: Ein sommardag ein aldri får for mange av
I dag i 1962 skriv Dag Solstad om sommaren, sunnheita og mennesket sin evige kamp mot vêret. Teksten står i "Sleng på byen," redigert og utstyrt med etterord av Jan Erik Vold. Dagen før hadde vêret vore strålande, medan denne måndagen er våt. «En av disse dagene som man aldri får for mange av», skriv Solstad om søndagen som nettopp er over (1983:218). Denne dagen i Arendal er ikkje for varm og ikkje for kald, og byr på sol, skugge, kaffi og kanskje ei kald pils. Menneske kan bevege seg fritt mellom lyst og ly, varme og smeig. Solstad skriv at gårsdagen burde vore tilbrakt «ved sjøen i en gammeldags sjekte som tøffer skjærgårdsaktig» men ei medviten førestilling om korleis eit perfekt sommarliv skal sjå ut.
Forteljaren avslører at gårsdagem, som var sundag vart feira i nært samarbeid med almanakken. Det fine vêret kom akkurat då folk hadde fri, og difor kunne dei gjere noko ekstra ut av dagen. Minna om den vellukka sundagen skal takast fram seinare, når regnet kjem og nakken treng å rettast opp: «All right, så har man da et godt minne å tenke på.» Men bak den lette sommarskildringa ligg ei uro for kroppen. Forteljaren og fellesskapet han liksom talar på vegne av, er blitt opptekne av å leve sunt. «Sunnheten opptar oss svært for tiden. Spesielt vår sunnhet» (1983:218). Gjentakinga gjer sjølvopptattheita synleg og komisk. Sunnheita er ikkje eit allment ideal, men eit personleg prosjekt, knytt til ein kropp som skal haldast i orden.
Solstad har lese at ein bør drikke sju glas vatn kvar dag, men hans forsøk på dette blir mislykka: «Det falt ikke heldig ut. Vi ble så dårlig i magen av det» (Ibid.) Problemet er både fysisk og mentalt. Kanskje er glasa for store. Kanskje toler han rett og slett ikkje vatn. Den høgtidelege helseretorikken blir broten ned av kroppen si prosaiske motstandskraft. Tankane går vidare til teikneseriehelten Stålmannen, sjølve biletet på kraft og sunnheit. Men også han blir ramma av den same ironien. Bladet «har gått inn, tegneserien kunne ikke bare leve av Stålmannens kraft og sunnhet» (Ibid:219). Den perfekte kroppen er ikkje nok til å halde interessa oppe.
Så vender teksten tilbake til måndagen og regnet. Den klare sundagen er forbi, og naturen har skifta: Hausten er igang men forfattaren klarer ikkje å fornye seg sjølve, trass i vatnkurar og gode forsett: «Vi er ingen værgud.» Det blir ein dag for å innsjå grensene. Man kan telje vassglas og drøyme om Stålmannens styrke, men regnet kjem når det vil. Solstad gjer si avmakt både trist og komisk; og nettopp difor svært menneskeleg.