05/03/2023
No er det over to år sidan eg hørte to nydelige sInglar frå bandet Restore To Past. «The Lily» som ligg i americanalandskap med nydelige vokalharmoniar og lekker «steeling» og «To late», ein skikkelig lekker poplåt. Vokallyden kler låta uendelig bra.
Kom litt brått på meg, men no er ei heil plate utgitt, og den er berre magisk. Den startar opp roleg og akustisk i valsetakt. Kan ikkje gå galt det. Låta bygges opp og når neste rakker av ein låt, M18, kjem på gir gitarlyd oss herlige assosiasjonar til den drømmande surfemusikken frå vestkysten.
«How I Met your Mother», som er mitt nye favorittspor på plata, luskar groovy avgårde med fine tangent(trekkspill?)-detaljer. Samme «effekten» kjem også igjen på ein herleg finurleg måte på den vakre «The Best».
Innimellom disse låtane finn vi en låt med enda ein gang magiske vokalharmonier og litt, men ikkje ubetydeleg, gitarspel som heilt klart får mitt hjerte i chill-modus.
Så kjem allerede nevnte singlar og «The Final» oppsummerer det heile med tung tromming, magisk gitarlyd og følsom vokal. For et album. Høyr, høyr
Onar