Vigelandsparken

Vigelandsparken Lokale portaler Oslo, Vigelandsparken er en del av Frognerparken. Kunst og kultur i oslo

Med Kulturetaten – Jeg ble nettopp anerkjent som en av topptilhengerne! 🎉
09/12/2025

Med Kulturetaten – Jeg ble nettopp anerkjent som en av topptilhengerne! 🎉

09/12/2025
08/11/2025
30/10/2025

30. oktober 1926 – Vigelandsparken

Hulda er i Kristiania denne hausten og stansar ved noko som dreg henne attende: Venen og billedhuggar Gustav Vigelands utkast til den store fontena – det som ein gong skal bli hjartet i Vigelandsparken. Ho blir ståande lenge, i stilla mellom skulpturane. "Der er så mange deilige enkeltheder, at man blir ikke færdig med en gang," skriv ho.

Hulda ser, granskar, vender attende til skulpturgruppene – til alle desse menneska som verkar å vere både jordiske og symbolske på same tid. Det er noko ved måten dei held kvarandre på, ved kroppane som møter, ber, fell, reiser seg. "Jo mer jeg ser på det, jo mere glad blir jeg i grupperne og de enkelte reliefbilleder," noterer ho. Men Hulda undrast på om menneskegruppene verkeleg står naturleg på den stive kanten av fontena. Det er noko "brudt i tanken der", skriv ho. Ho ser for seg ei anna løysing – ei meir levande, ujamn grunn, som ei skogbotn der formene kunne ha vakse fram av mold og mose, slik tre og røter gjer. Men straks veit ho også kva som då ville gått tapt: relieffa. Og dei, slår ho fast med styrke, "vilde jeg igjen ikke for alt miste!"

Frå fontena fører vegen hennar vidare til kunsthandler Blomqvist, der ho ser Gustavs Petter Dass-skulptur. Her finn ho noko ho kallar "djerved og ægte Vigelandsk kraft". Ho ser figuren stå i storm over havet, reist rett opp frå klippegrunn, som om han er sjølv ein del av landskapet han forkynner for – eit bilete av norsk tru, natur og vilje. Ansiktet verkar først "fremmedartet", men ho held att dommen: det er noko i det uferdige som enno ikkje let seg fange. Likevel kjenner ho krafta, og ho skriv med overtyding: "Men figuren og det hele måtte bli et prægtigt og sjeldent virkningsfuldt monument."

For Hulda er kunsten ei livskraft. Ho ser ikkje berre granitten og bronsen, men den skapande viljen bak. I Gustavs arbeid skimtar ho noko av same trua som driv hennar eige virke: trua på det norske som noko vilt, rotfast og i stadig rørsle.

The Vigeland Museum
Nasjonalt Garborgsenter
Asker Museum
Oslo kommune

22/10/2025
02/06/2025
12/05/2025

Adresse

Nobels Gate 32
Oslo
0268

Telefon

+4795748654

Nettsted

https://www.facebook.com/Frogner.LP

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vigelandsparken legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vigelandsparken:

Del

Type