Os Internasjonale Skulptursymposium

Os Internasjonale Skulptursymposium Sidan 1999 har Os kulturutvikling skipa til Os internasjonale skulptursymposium anna kvart år. 19. juli 2021 er det igjen klart for skulptursymposiet på Os.

Sidan 1999 har Os kulturutvikling, skipa til Os Internasjonale Skulptursymposium anna kvart år, bortsett frå i 2015, då vart symposiet erstatta med ei stor utstilling i Os sentrum. I år kjem vi sterkt tilbake og gler oss samtidig til å ta i bruk "Nye Vognhallen". Kunstnarane arbeider i marmor og granitt og står utandørs. Publikum som kjem innom kan følgje prosessane på nært hald. Os kulturutviklin

g sel alle skulpturane på førehand, til privatpersonar og bedrifter i Os og elles i bergensområdet. Ingen av kjøparane veit kva skulptur dei får, eller kven som har laga han. Siste dagen vert alle skulpturane stilte ut, og ei loddtrekking avgjer kven av kjøparane som får velja skulptur fyrst. Slik held det fram til alle har valt. Til å byrja med var ikkje skulptørane veldig glade for denne måten å gjera det på, men dei har vel innsett at dette er noko av det spesielle med symposiet i Os. Sidan 1999 har omlag 50 skulptørar frå heile verda delteke, og laga kring 75 skulpturar. Dei fleste skulpturane er laga i marmor, nokre i granitt eller andre steinslag. Mange av arbeida frå symposia er å finna ymse stader i Os. Mellom anna har Os kommune kjøpt fleire skulpturar. Desse kan ein finna ymse stader i bygda, til glede for fastbuande og tilreisande
Arrangementet er gratis for publikum - les meir: www.sculpture.no

10/02/2026
29/06/2025
26/06/2025
26/06/2025
25/06/2025

Sist Gissella skulle jobba på moloen blei ho hindra av reiserestriksjonar under pandemien.

Meir frå moloen
25/06/2025

Meir frå moloen

Utstilling i vognhallen. Opner i kveld kl 18. velkommen innom!
25/06/2025

Utstilling i vognhallen. Opner i kveld kl 18. velkommen innom!

Adresse

Mobergsbakken 1
Osøyro
5200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Os Internasjonale Skulptursymposium legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Os Internasjonale Skulptursymposium:

Del