18/05/2026
DENNE VEKA PÅ SENTRALBADET:
📅 Torsdag 21. mai: Motstandskraft + BIFF: "You Need This" (dokumentarfilm)
📅 Fredag 22. mai: Bare Egil Band (konsert)
🤑 Eg kjøper, difor er eg…
I serien vår Motstandskraft, og i samarbeid med BIFF, viser vi dokumentarfilmar som handlar om den felles motstandskrafta vår. På torsdag inviterer til visning av dokumentarfilmen “You Need This" (2025); ein tankevekkjande og underhaldande film som rettar eit kritisk søkelys mot forbrukarpropagandaen som gjennomsyrer kulturen vår. Filmen tvinger oss til å sjå på våre eigne forbrukarmønstre med nye auge. Ubehageleg? Ja. Viktig? JA! Frå produsenten av “Don’t look up”.
🎸 På fredag blir det konsert med Bare Egil, kjent for ei humoristisk og ironisk tilnærming til musikk, med tekstar som spenner frå det absurde til det politiske. Bare Egil lover ei variert konsertoppleving, men dette er sjølvsagt ei grov overdriving. Det blir som vanleg akustisk gitarspel og ein songstil som spenner frå mumlesynging til skriking. Men underhaldande blir det! Ganske!
Billettar på sentralbadet.com.