Lått

Lått Kultursamskipnaden Lått skal utvikla, produsere og arrangera revyar og andre sceniske eller kulturelle prosjekt i Kvam.

Etter å ha øvd på kontoret til HF i sidan starten av advent, har revygjengen no flytta seg til mellombelse lokale på Lid...
19/01/2026

Etter å ha øvd på kontoret til HF i sidan starten av advent, har revygjengen no flytta seg til mellombelse lokale på Lidarende. Onsdag flyttar me inn på Thon Hotel Sandven og gjer dei siste førebuingane til "Kvammarevyen 2026: Noko kjem til å koma».

Om du er utan billett, men har lyst til å sjå revyen, kan me lokka med nokre ledige billettar til generalprøven torsdag kveld. Dei har redusert pris, sidan det i teorien kan verta nokre stopp undervegs. Men ver snøgg – det minkar!

Øvinga til «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» er godt i gang. Kven har havna oppi dekka? Og kvifor? Det finn du...
07/01/2026

Øvinga til «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» er godt i gang.

Kven har havna oppi dekka? Og kvifor? Det finn du ut om du har kjøpt billett til revyen.

Dei som ikkje har billett, kan framleis få med seg generalprøven torsdag 22.1.

Fekk du ikkje tak billett til premieren fredag eller framsyninga laurdag kveld? Klarte du ikkje å kjøpa til ekstraframsy...
23/12/2025

Fekk du ikkje tak billett til premieren fredag eller framsyninga laurdag kveld? Klarte du ikkje å kjøpa til ekstraframsyninga heller? Eller ynskjer du å sjå revyen to gonger? Då kan me kanskje hjelpa kvarandre. Me treng å øva framfor folk og ynskjer eit begrensa antal publikummarar i salen torsdag kveld.

Billettar til generalprøven finn du på TicketCo og lått.no

18/12/2025

Sit du og undrar på kva du skal kjøpa til naboen til jul?

Dagens tips: Kjøp ein av dei 18 billettane til «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» som framleis er i sal. Dei siste billettane finn du på lått.no

14/12/2025

Øver dei? Fortel dei morosame historier? Studerer dei barten til Per? Eller ventar dei berre på å få lov å gå heim? Svaret får du kanskje 23. og 24. januar når du ser «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!».

Har du ikkje kjøpt billett enno? Då må du kjappa deg. Det er snart utselt. Leit deg fram til lått.no og sjå om det framleis er mogleg å skaffa seg billett.

Ekstraframsyning!Både premieren og laurdagsframsyinga av «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» vart utselde to mån...
26/11/2025

Ekstraframsyning!
Både premieren og laurdagsframsyinga av «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» vart utselde to månadar før me går på scena. Det hadde me ikkje trudd. Tusen takk til alle som har kjøpt billett!

Til dei som ikkje rakk å kjøpa før det var tomt, har me no rydda plass til ei ekstraframsyning laurdag 24. januar klokka 15:30.

Billettar finn du på lått.no

Denne gjengen gler seg vilt til 23.–24. januar, for då skal dei dela ein revy med deg på Thon Hotel Sandven. I alle fall...
23/11/2025

Denne gjengen gler seg vilt til 23.–24. januar, for då skal dei dela ein revy med deg på Thon Hotel Sandven.
I alle fall med deg som har kjøpt billett (og det er det mange som har gjort; premieren vart nemleg utseld allereie laurdag!).
Torsdag hadde dei fleste som er med, det aller fyrste fellesmøtet i damesalongen på hotellet. Heldigvis var også mennene velkomne.
Til veka byrjar ensemblet så smått med å førebu seg og øva.

UTSELT!Det er framleis nokre billettar att til laurdagsframsyninga av «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!», men p...
22/11/2025

UTSELT!
Det er framleis nokre billettar att til laurdagsframsyninga av «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!», men premieren får du ikkje med deg om du ikkje allereie har handla.
Dei billettane som er att finn du på lått.no

Treng du julegåvetips? Ein revybillett er perfekt til dei som har "alt". Besøk lått.no og gjer unna handelen i dag!
16/11/2025

Treng du julegåvetips? Ein revybillett er perfekt til dei som har "alt". Besøk lått.no og gjer unna handelen i dag!

Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar. Trur me. «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!»  ser du på Thon Hotel Sa...
02/11/2025

Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar.
Trur me.
«Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» ser du på Thon Hotel Sandven i Norheimsund.
Vil du gå glipp av det?
Me tilrår det ikkje.
Billettar i sal no.
Les meir om revyen på http://xn--ltt-ula.no/

07/09/2025

Set av helga 23.–25. januar 2026. Billettsalet kjem til å starta snart.

Adresse

Hardangerfjordvegen
Norheimsund
5610

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lått legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del