14/06/2026
Det svinga i hotellhagen
Mange var spente på om regnet skulle hølja ned under konserten i hotellhagen, men utruleg nok kom det ikkje ein regndrope under framføringa til Jan Eggum og bandet Gefylen, som består av bassist Erik Are Oanes Andersen, Haakon-Marius Pettersen på tangentar, trommeslagar Andreas Bratlie og gitarist Markus Bastø. (kjelde: Jan Eggum sin Facebook-profil)
Eggum hadde solid og presis musikalsk støtte i eit særdeles velspelande band. Det svinga skikkeleg frå scena i hotellhagen, med musikarar frå øvste hylle.
Publikum fekk høyra gamle travarar, som «En natt forbi», «På `an igjen», «Ta meg med», «Heksedans», «De skulle begrave en konge stor» og «Alarmen går», men også låtar frå hans siste plate, «Observatør».
– Dei to første låtane høyrer til mellom dei eg har hatt og brukt ei stund, og skal eg tippe så blir det sikkert fleire av dei, skal eg gjette...
– Men allereie no tek me ein sjanse, for no skal me spele ein låt frå mi siste plate. Men ikkje bli redd, ikkje bli fortvila, for eg opererer med noko som kallast «belønningsprinsippet». Det betyr at når me no spelar ein song som er ganske så ny og ikkje så veldig kjent, så spelar eg rett etterpå ein veldig kjent song som belønning! sa den folkekjære artisten.
Den tørrvittige humoren, skråblikket, livsvisdomen og kontakten med publikum var det ikkje noko å seia på.
Tekst: Lars Arvid Oma/Hardingtonar
Foto: Lars Arvid Oma og Sondre Fagerheim Lunestad