14/09/2026
FARGELAGDE STREKKODAR - uventa mykje glede😊
I dag har me vore og hengt opp desse to bildene på pauserommet til ein stor kollegagjeng som hadde paint n sip hos meg i sommar. Eg må innrømma at eg sjølv har blitt heilt forelska i desse bildene her, eg blir liksom ikkje ferdig med å sjå på dei. Eg syns dei er både interessante og lekre!
Det har gitt meg uventa mykje glede og inspirasjon å laga sånne collagemaleri med grupper. Resultata har blitt langt betre og meir interessante enn eg hadde drøymt om på forhånd. Det er nesten sånn at eg syns bildene som er laga av berre meg er altfor kjedelige no😂😂
Eg har filosofert mykje over kva det er som gjer at ein stort sett alltid kjenner seg oppløfta av å til dømes rusla ein liten tur ute. Er det det at ein bevegar seg, eller er det noko anna? Eg trur formene og fargane i naturen, alt frå dei store landskapslinjene, til dei små mønstra, som til dømes rytmen i mønsteret på barken på eit tre, kan fungera oppløftande på menneskesinnet. Det er nesten som naturen inneheld heilt spesielle strekkodar som kommuniserer med ein scannar inni oss (nett som på butikken!) Og så skjer det automatiske prosessar som går utanom orda og tanken. I 2019 laga eg ein serie med svart-kvitt bilde som eg kalla “natures barcodes” (naturens strekkodar). Eg utfordra meg sjølv til å verkeleg fordjupa meg i nokre strekkodar eg fann i naturen og laga nokre fine / balanserte bilde med å berre bruka svart og kvit. Og det var verkeleg ei utfordring for meg som lener meg så mykje på FARGE i alt eg gjer. Eg syns bildeserien absolutt funka, eg var svært nøgd med komposisjonane og kjente krafta i strekkodane, samtidig så var det ikkje akkurat min stil å laga bilde heilt uten farge… Så, sju år seinare, landa plutselig ideen i meg til å la andre hjelpa meg å tilføra sin stil og farge på desse strekkodane. Eg får dei trykka opp på store lerret og klipper rett og slett lerretet opp i bitar, og så får kvar deltakar mala sitt vesle lerret.
Som ein kan sjå, blir nokre lerretsbitar finsleg og nøyaktig malt, andre skil seg ut med sofistikerte og nyvinnande fargekombinasjonar, medan andre igjen har satsa på (meir eller mindre ufrivillig) røffare strøk. Mange av dei hadde gjort seg som eit sjølvstendig maleri, faktisk. Men det er den akk så sprikande HEILSKAPEN som verkeleg gjer susen for meg. Ved første augekast kan bildet sjå ganske rotete ut. Men så et den seg innpå deg; Kjensla av at det finst ein orden og eit større, magisk mønster bak alt. At fargane, rotet, kontrastane og ulikskapane likevel går opp i ei slags høgare eining.
Kvart av desse bildene måler 80x80 cm, men eg måtte laga nokre fotomontasjar av korleis dei kan bli i enno større format (bildene med rosa og blå sofa).