Lydia - Forum for levande musikk i Kvam

Lydia - Forum for levande musikk i Kvam Du kan tinga medlemskap i Lydia for kr 250 per år. Frå hausten 2017 har me reetablert Lydia - forum for levande musikk i Kvam.

Dette gjev mellom anna rett til:
- Rabattar på arrangement
- Kjøp av billettar før ordinært billettsal

Ta kontakt på [email protected] for å opprette medlemsskap. Lydia er ein lokal konsertarrangør som har som føremål å fremje jazz, blues og roots og å gje publikum gode konsert opplevingar. Foreininga ynskjer å støtte og inspirere det lokale musikkmiljøet gjennom samarbeid, speleoppdrag og utve

ksling av erfaringar. Me har opparbeidd eit nært samarbeid mot jazzmiljøet i Bergen og vil halda fram med mellom anna Jazz Cafe-arrangementa i Norheimsund den siste laurdagen i månaden kl. 14:00. Arrangementa finn stad på Thon Hotel Sandven som stiller lokale til disposisjon.

Åsmund Nesse - EntusiastMusikkvideo til Åsmund Nesse sin singel Entusiast. Filma og regissert av Thomas Mortveit/Shady S...
17/04/2026

Åsmund Nesse - Entusiast
Musikkvideo til Åsmund Nesse sin singel Entusiast. Filma og regissert av Thomas Mortveit/Shady Shades Official Takk til Lillesund skole i Haugesund for utlån til filming. Takk til alle dei fantastiske skodespelarane, med Emma i spissen som den strenge "Frøken dings".
https://www.youtube.com/watch?v=vrS7rhwlmsM&list=RDvrS7rhwlmsM&index=1
Lydia kl.17:00 Kulturnaustet hardanger Fartøyvernsenter laurdag 18.april.

58 likes. "Åsmund Nesse - Entusiast"

https://www.youtube.com/watch?v=DhzL6HOCO0c&list=RDEMm7a49gnXnXpVnS289bw5YQ&start_radio=1Åsmund Nesse f. 06.03.1981 i Ha...
15/04/2026

https://www.youtube.com/watch?v=DhzL6HOCO0c&list=RDEMm7a49gnXnXpVnS289bw5YQ&start_radio=1

Åsmund Nesse f. 06.03.1981 i Haugesund er ein norsk musikar og låtskrivar. Han vaks
opp på Bømlo, ei øy ytterst i havgapet i Sunnhordland. Interessa for å skriva songar og
musikk kom tidleg, frå dei tidlege ungdomsåra var han svært aktiv på fritida med å spela
i ulike band, alle med originalt materiale der han var sterkt involvert i låtskrivinga. På
denne tida var Nesse bassis
Å skriva songar som kan gje meining og livskraft, og lengselen etter å formidla eit
positivt bodskap står sentralt i Nesses musikalske etikk. Tekstane er folkelege, han
skriv slik han snakkar, på sin ”bømlo-dialekt”, og det er stor spennvidde i uttrykket frå
rolege, vare viser til melodiar som kostar av garde i full trav.

Åsmund Nesse - Gje meg ei lysningFørste singelen til albumet "Lysning" med releasedato 27 november 2015. (CD og vinyl.) https://www.aasmundnesse.com https:/...

På Kulturnaustet hjå Hardanger Fartøyvernsenter hadde me gleda av å ha bandet Bare Folk på besøk. Dei vart nyleg nominer...
08/03/2026

På Kulturnaustet hjå Hardanger Fartøyvernsenter hadde me gleda av å ha bandet Bare Folk på besøk. Dei vart nyleg nominert til Spelemannsprisen i viseklassen for den første plata si og det er klasse i seg sjølv. No er dei i gang med innspeling av oppfølgaren og me fekk oppleva songar frå begge platen. Alle songane og tekstane har dei skrive sjølve. Det vart ei veldig fin stund og me kryssar fingrane for spelemannsjuryen likar dei like godt som oss🤞

BARE FOLK kjem til Kulturnaustet laurdag 7. mars. Billettar på TicketCo.
01/03/2026

BARE FOLK kjem til Kulturnaustet laurdag 7. mars. Billettar på TicketCo.

09/02/2026

ÅRSMØTE
Lydia sitt årsmøte vert halde tysdag 3 mars kl. 19:30 i lokala til Grannehjelpa i Norheimsund.
Saker må meldast inn til styret seinast ei veke før årsmøtet. Utover vanlege årsmøtesaker er det kun saker som er meldt inn på førehand som kan handsamast

Adresse

Sandvenvegen 56
Norheimsund
5600

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lydia - Forum for levande musikk i Kvam legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lydia - Forum for levande musikk i Kvam:

Snarveier

Del