Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord Storstova for kultur! Operasal, kino, bibliotek, Eid Frivilligsentral, foajé, Gymmen, Eid vgs // www.operahuset.no

Den kulturelle storstova i Nordfjord, samlokalisert med Eid vidaregåande skule og Gymmen scene og studio. Kultursal med 530 sete, kinosal med 105 sete, bibliotek, foajé mm.

21/08/2026

Ta helg med Ingebjørg Bratland si nye låt «Fly fint» og bli med på konserten i Operahuset Nordfjord fredag 30. Oktober🫶🏻✨ Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho har sjarmert nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko✊🏻 Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet. Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum🙏

Ei stor livskrise. Ein endå større draum. Og eit par gyros som skulle endre alt💥🌯Tuva Fellman og Ronny Brede Aase invite...
21/08/2026

Ei stor livskrise. Ein endå større draum. Og eit par gyros som skulle endre alt💥🌯Tuva Fellman og Ronny Brede Aase inviterer til eit slags show om samliv, kjærleik og matskepsis. Om då Tuva blei sjuk, og om korleis dei gjekk frå å snakke om den greske hotelldraumen til faktisk å satse på han🇬🇷❤️

Draumen blei fødd over eit par gyros på Skiathos i 2013. Sidan har vegen vore både bratt, kronglete og full av overraskingar – med oppturar, nedturar og ei imponerande mengd ting som slett ikkje gjekk etter planen. Mange har følgt reisa deira gjennom TV-serien om hotelldraumen i Hellas. No deler dei historiene bak det du såg på TV, det som aldri kom med – og kva som skjedde etter at kameraa blei slått av. Velkommen til ein livleg, morosam og personleg kveld om livet saman, den store draumen og alle dei fine, vanskelege og ganske rare opplevingane undervegs. Bli med Tuva & Ronny i Operahuset Nordfjord laurdag 24. oktober✨✨

Opera Nordfjord presenterer sitt eminente kunstneriske team for Carmen 2026🥀Dirigent Per Kristian Skalstad, regissør Mar...
20/08/2026

Opera Nordfjord presenterer sitt eminente kunstneriske team for Carmen 2026🥀
Dirigent Per Kristian Skalstad, regissør Marit Grytnes Dullaert, scenograf Åse Hegrenes, kostymedesignar Jenny Hilmo Teig, lysdesignar Ovar Holmen, koreograf/regiassistent Simen Gloppen, maskør Maria Sierra Zahl og rekvisitør/scenografiasisstent Anndi Bergset. Vi gler oss til å ta inn vakker scenekunst med auge, øyre og hjarte🎭❤

Torsdag 10. september er det klart for jazzkveld i Gymmen med besøk fra eit kollektiv beståande av landets mest sentrale...
19/08/2026

Torsdag 10. september er det klart for jazzkveld i Gymmen med besøk fra eit kollektiv beståande av landets mest sentrale unge jazzmusikarar🎷💥 Flukten er som Flukten gjer; eit frihetsprosjekt full av gode låtar og eventyrlyst🕊 Bli med✊🏻

"Flukten flykta aldri. Nå er de tilbake med overskudd og leken improvisasjon" - Dagsavisen

Flukten flykta aldri. Nå er de tilbake, med overskudd og leken improvisasjon.

18/08/2026

Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok – Herborg Kråkevik trio på turne med stopp i Operahuset Nordfjord 2. september📔♨

For nokon av oss er det songar og bilder me har vokse opp med og er glade i, for andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærleg kjende med skattane🙏🏻 Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld. Billettane flyr unna, så sikre deg gode plassar no🎫😇

17/08/2026

Riksteatret kjem til Operahuset Nordfjord laurdag 3. april 2027 med framsyninga «1984 dub»💡🙏🏻

«Tankeforbryting», «Storebror ser deg», «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå George Orwell, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei urolege 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av å avsløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein straum av politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgre. Kor finst, og finst eigentleg, sanning og fridom når ideologisk kamp tar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å få eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å angje eller kansellere våre nærmaste?

Frå ei anna uroleg tid, nemleg vår eiga, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny musikalsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege universet hans. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984, beveger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.

15/08/2026

Bli med Emil Solli-Tangen på ei nær og magisk julekonsert i Operahuset Nordfjord laurdag 12. desember🎄💫 Med si kraftfulle stemme, varme formidling og ekte nærvær skapar Emil ein kveld som går rett i hjarte – der tradisjon møter fornying, og julestemninga får blomstre🙏🏻

Opera Nordfjord gler seg stort til igjen å gi liv og form til den fantastiske CARMEN🌎💃🏼 Med eit stort oppbod av framifrå...
14/08/2026

Opera Nordfjord gler seg stort til igjen å gi liv og form til den fantastiske CARMEN🌎💃🏼 Med eit stort oppbod av framifrå solistar og dyktige, lokale songkrefter under leiing av eit kunstnarisk team frå øvste hylle, lovar det godt for nypremieren av Carmen i Operahuset Nordfjord 30. september🥀 Det blir til saman 8 framsyningar, den siste 11. oktober✨🎭

Operaen er så heldig å ha fått tak i mezzosopran Lilly Jørstad som Carmen, Simen Bredesen som Don José, Cleo Lee-McGowan som Micaëla, Magnus Dorholt Kjeldal som Escamillo, Elisabeth Gimmestad som Frasquita, Cecilia Lund Tomter som Mercedes, Erlend Tvinnereim som Remendado, Lars Eggen som Dancaire, Espen Langvik som Morales og Trond Gudevold som Zuniga🙏🏻 Og som ikkje det var nok har Opera Nordfjord sikra seg ein av Spanias beste og mest kjende flamencodansarar, Gabriel Aragú González🇪🇸😮 Det er dermed duka for heit lidenskap og dampande scener i operasalen i haust🎫✨Sikre deg gode plassar no!

Adresse

Sophus Lie-vegen 3
Nordfjordeid
6770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Operahuset Nordfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Operahuset Nordfjord:

Snarveier

Del