Manger Musikklag

Manger Musikklag Brassband frå Manger i Alver. Nasjonale MOT-ambassadørar. Eigar av BrassWind-festivalen. Noregsmeistrar 2025🏆 Manger Musikklag er nasjonale MOT-ambassadørar.

Manger Musikklag frå Nordhordland har i over 40 år vore eit av dei leiande brassbanda både nasjonalt og internasjonalt. Bandet har høg aktivitet med svært ulike repertoar gjennom sesongen, og ingen brassband i landet har urframført meir musikk enn Manger Musikklag. Berre sidan 2004 har MML urframført over 115 nye verk for mediet. Musikklaget eig og driv også musikkfestivalen BrassWind. MML har bas

e på Manger i Alver kommune, og rekrutterer hovudsakleg frå brassbandmiljøet i Nordhordland, Manger Folkehøgskule og Bergen og omegn. Manger Musikklag har vunne nasjonale og internasjonale konkurransar som Noregsmeisterskapen, EM for brassband (EBBC) og WMC (World Music Contest).

10/08/2026

TB til Stavanger konserthus når Tormod på slagverk var sporty nok til å ta ansvar for solo på "The Swan" (av Saint-Saëns i eit arr av Espen Haukås) når den eigentlege solisten var sjuk. Me tenkjer at Tormod og hans crew gjorde ein god jobb 🤩

EI VEKE TIL SESONGSTART 💥💥💥

09/08/2026

Medan me ventar på ny sesong - endå eit lite klipp frå Stavanger i juni! 🛣️💃🏼 Her er "Asfalt Tango" av komponist Adrian Sical, fyrst framført av Fanfare Ciocarlia 🥳

I sommar vart Norsk Ungdomsbrassband starta opp igjen. Dette er eit supert initiativ og me er takksame for alle eldsjele...
08/08/2026

I sommar vart Norsk Ungdomsbrassband starta opp igjen. Dette er eit supert initiativ og me er takksame for alle eldsjeler som legg opp til slike fantastiske opplegg for våre unge lovande. Manger Musikklag hadde mange folk frå eigne rekker som deltok i år; Erling og Olav som har spelt med oss i år, og Niklas, Marie, Rafael, Emma, Oliver og Tallak som skal spele med MML komande sesong. Me er glade for at det er nokon som ynskjer å bringe vidare tradisjonen, og stolte av medlemmane våre som vel å utfordre seg sjølv.

Me oppmodar alle som har moglegheit til å melde seg til NUBB ved fyrste høve! 💚

🎺 Fleire store dirigentnamn til Manger Musikklag! 🎶I tillegg til Kjetil Djønne og David King, skal Manger Musikklag få s...
05/08/2026

🎺 Fleire store dirigentnamn til Manger Musikklag! 🎶

I tillegg til Kjetil Djønne og David King, skal Manger Musikklag få samarbeide med fleire store dirigentar i løpet av det komande året. Dette er noko me verkeleg gler oss til!

På BrassWind og Julekonserten skal me bli betre kjende med Margie Antrobus. Margie har tidlegare spelt i Manger Musikklag og kjenner på mange måtar laget godt – men denne gongen skal ho stå framfor MML og leie oss som dirigent. Det vert eit spanande gjensyn i ei ny rolle som me gler me oss stort til! 🎶

Til våren kjem Andreas Hansson att. Andreas er ein anerkjend dirigent, både i inn- og utland, og var innom Manger Musikklag for nokre år sidan. Då vart me einige om at dette måtte me gjere igjen – og no får me endeleg høve til det! 👏

Ikkje minst får me eit nytt møte med den franske maestroen Florent Didier. Han har òg vitja laget tidlegare, og me gler oss til å møtast igjen og skape ny musikalsk magi saman 🇫🇷🎺

Og eit anna, særs gledeleg gjensyn: Even Skatrud skal igjen leie Festaftan i Radøyhallen! Med Even på podiet veit me at det vert energi, trombonespel frå himmelen, vitser, skrøner og – ikkje minst – musikalsk kvalitet på høgt nivå. Dette vert garantert ein kveld å sjå fram til! 🎶🔥

Me er utruleg takksame for alle desse dyktige dirigentane som kjem den komande sesongen. Det ligg an til å bli ein sesong med mange store musikalske møtepunkt – og me gler oss til å dele dei med publikum!

🚀🚀
04/08/2026

🚀🚀

Manger Musikklag has confirmed its conducting team for the forthcoming season with Prof David King and Kjetil Djonne.

🎺 Nye dirigentkrefter i Manger Musikklag! 🎶Manger Musikklag er utrolig stolte og glade for å kunne dele at Kjetil Djønne...
03/08/2026

🎺 Nye dirigentkrefter i Manger Musikklag! 🎶

Manger Musikklag er utrolig stolte og glade for å kunne dele at Kjetil Djønne har sagt ja til å ta jobben som vår faste dirigent i tida som kjem! Kjetil skal leie Manger Musikklag på fleire av våre store konsertar, mellom anna oppstartskonserten i Manger kyrkje og festkonserten under det Svenske meisterskapet i november. Han skal også vere med oss når vi deltar i Siddis Brass, og ikkje minst førebu laget til David King kjem for å dirigere NM. Me gler oss stort til eit spanande samarbeid med ein dirigent som allereie har vist med fleire ulike ensemble kva han kan få til. Det skal bli ekstremt kjekt å sjå kva me kan skape saman!

Samstundes er me svært glade for at professor David King nok ein gong vel å ta turen heilt frå Australia til Noreg for å leie MML når me skal konkurrere i NM Brass 2027🇳🇴 David har ein heilt eigen evne til å få fram det beste i laget. Med sine musikalske idear, sitt engasjement og sin erfaring vert det alltid noko ekstra ved dei konsertane me skapar saman i Grieghallen.

Me er utrolig takksame for samarbeidet som kjem med både Kjetil og David komande sesong, og gler oss til ein sesong med musikk, konserter og nye musikalske opplevelser!

Velkommen, Kjetil – og velkommen tilbake, David! 👏

NYE MUSIKANTAR I MML 2026Det er snart sesongstart og me gler oss til å spele SESONGOPNING 26 i Manger kyrkje saman med M...
02/08/2026

NYE MUSIKANTAR I MML 2026
Det er snart sesongstart og me gler oss til å spele SESONGOPNING 26 i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag. Men før den tid kjem, er me glade for å kunne presentere fleire nye medlemar i MML frå hausten 2026. Det er eit par tidlegare musikantar som kjem tilbake til laget, i tillegg til at me har ein del nye ansikt som me gler oss til å ta i mot.

SOPRAN - TOMIN TOLLEFSEN
Tomin har tidlegare spelt i korps som Kleppe Musikklag og Tertnes Brass, og skal no sitje på sopranplassen i MML. Tomin seier følgjande: eg fekk ei «smaksprøve» på Manger Musikklag som vikar førre sesong, som resulterte i fine konsertopplevingar. Eg er og svak for ei god bakrekke som kan melde når det gjeld, og som toler dei dårlege vitsane mine. Eg ser også heilt klart fram til det fellesskapet som eg opplever at bandet har, både utad og internt.

KORNETT - AMELIA LERØY HELLESUND
Amelia kjem frå tre sesongar i Flesland Musikklag og er i tillegg musikant i Minde Skoles Musikkorps. Ho seier at ho gler seg mest til å spele kjekk musikk på eit høgt nivå i Manger Musikklag.

ALTHORN - OLIVER SOMA
På horn får vi med oss Oliver, som kjem fra Stavanger og skal studere i Bergen. Han har tidlegare spelt i Musikkorpset Gjallarhorn, Krohnengen Brass Band og gått på Manger FHS. Oliver seier han ser fram til å kome inn i kulturen til MML som han har høyrt mykje bra om, og til å oppleve brass band på det aller høgste nivået.

BARITON - TAGE CHRISTOPHER SUNDAL
Tage skal spele 1. bariton i MML. Han vaks opp med å spele i skulekorpset Ulriken Janitsjar, og har spelt i korps som Alvøens Musikkforening, Laksevåg Musikkforening, Sola Brassband og Stavanger Brassband. Han har også studert euphonium i Stavanger, og gler seg til å spele og jobbe på eit høgt musikalsk nivå. Tage ser og fram til å vere ein del av eit korps som stadig testar grensar og innoverer.

BARITON - AGNES MARIA FJERMESTAD
Denne hausten kjem også Agnes inn. Ho har vore med på fleire prosjekt før, og skal no ta plass på 2. bariton. Agnes har bakrgunnen sin frå korps som Flesland Musikklag og Oslo brass Band. No ser ho fram til å komma vestover att og spela mykje gøy med musikklaget.

EB-TUBA - BJØRN TJØRSTAD LILLEAAS
Bjørn er eit kjend fjes som returnerer til MML etter nokre år i andre korps. Han begynner siste året med master på UiB og driv med styrkeløft på fritida. Bjørn har tidlegare spelt i Tasta Skolekorps, Sola Brass Band, Gjallarhorn, Ila Brass Band og Tertnes Brass Band. Han gler seg til å møte gjengen igjen og til å skape gode minne og musikalske opplevingar.

SLAGVERK - TALLAK BERTIN
Tallak har også spelt i MML før, og me er glade for å sjå han att. Han kjem frå Askøy og har spelt i korps som Hop Skoles Musikklag, Ravnanger Brass, Smørås Skolemusikk og Follesø Musikklag. Hausten 2025 flytta han til Stavanger for å studere utøvande i klassisk musikk, men skal no ha eit pauseår for å gå på Manger FHS og spele med MML.

Me er veldig glade for å sjå returnerande og nye fjes i musikklaget og ønskjer dei alle varmt velkomne💚Vidare kjem meir informasjon om dirigentar og konsertar.

Stay tuned!👀

Foto av Tallak: Magnus Skrede

28/07/2026

Festkonserten i år starta med "Gøta" av Peder Karlsson i nok eit arrangment av vår eigen Tina Kvamme! Det er få ting som er så gøy som å spele slike festkonsertar, og som ein kan høyre er stemninga på topp frå fyrste stund! 🥳🍬

24/07/2026

Så er det allereie ein månad sidan me spelte festkonsert på NM skulekorps brass i Stavanger. Og medan me ventar og gler oss til ny sesong om få veker, vil me dele litt frå konserten! Her får du "Fix you" av Coldplay i eit arrangement av Tina Kvamme. Solotrombonist Eivind Straume har solo, og er undervegs gjesta av Frida på flygelhorn og Åshild og Steinar på trombone. Enjoy 🪄💫🕯️

11/07/2026

In 2013 Manger Musikklag were crowned World Champions from a field of 6 bands with The Cory Band being placed 2nd.

Adresse

Manger

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Manger Musikklag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Manger Musikklag:

Snarveier

Del