Galdhøpiggen Klatrepark

Galdhøpiggen Klatrepark Flott aktivitet for både vaksne og born!

25/06/2023

10 tips til kule familieaktivitetar -i og kring Lom og Jotunheimen 👨‍👩‍👧‍👦👶👣

Bygda og fjellheimen er ei perfekt "base" for ein gøyal, smakfull og barnevenleg sommarferie for heile familien.

Her er 🔟 gode ferietips:

1️⃣ Zipline over Prestfossen:
Få deg eit skikkeleg adrenalinkick ved å suse i zipline over den brusende Prestfossen i Lom sentrum. Prestfosstraversen har drop-in kl. 10-17 i sommar, og startar rett utanfor Norsk fjellsenter.

2️⃣ Oppdagingsferd i blåisen:
På brevandring kjem du tett på bresprekkar, grotter og istårn i isen, trygt ivaretatt av ein erfaren breførar, og lærer om korleis isbreane har forma landet vårt gjennom tusenvis av år. Mogleg for barn frå 6 år.

3️⃣ Tett på skattar frå isen:
“Frose i tid” er Norge si største utstilling av unike funn frå isen i fjella – på Norsk fjellsenter i Lom. Her finn Norges eldste sko og best bevarte skipar, ein 500 år gammal hund og andre unike og ekstremt vel bevarte funn. Ope kvar dag kl. 9-19 (9-17).

4️⃣ Til fjells på hesteryggen:
Opplev fjella og naturen frå hesteryggen. Fjelleventyret i Skjåk tilbyr rideturar til fjells (aldersgrense 12 år) og leieturer for dei minste (fra 5 år). Raubergstulen turisthytte har 1-3 timers rideturar ved foten av Galdhøpiggen.

5️⃣ Stein-jakt:
I «gratistippen» utanfor Fossheim steinsenter blir det dagleg fylt på med sjeldne og fargerike steinprøvar som barna kan plukke med seg heilt gratis! På steinsenteret finn du dessutan landets største utval av mineraler og smykkesteinar.

6️⃣ Test fiskelykka:
Ta med deg fiskestanga og kombiner en kort eller lang fjelltur med ørretfiske i et fjellvann. Midt i nasjonalparklandsbyen Lom kan du dessuten fiske med stang, oter eller snøre i elva.

7️⃣ Utfordre høgdeskrekken:
La ungane få utløp for energi i klatre- og aktivitetsparken i sentrum, eller i den spektakulære Galdhøpiggen klatrepark som ligg ved foten av Galdhøpiggen.

8️⃣ Utforsk istunnelen og Galdhøpiggen:
I Klimapark 2469 kan du vandre 70 meter inn i isen - 7000 år tilbake i tid, og utforske isskulpturer og arkeologiske skattar. Ope kvar dag frå midten av juni. I same område, frå Juvasshytta går det daglege guida turar til Norges tak; Galdhøpiggen. Aldersgrense: 7 år.

9️⃣ Norges beste kanelboller?:
Bakeriet i Lom er viden kjent for sine luftige kanelbollar. I områda i og kring Lom kan du oppleve den rike og unike matkulturen gjennom alt frå husmannskost og gastronomi i verdensklasse - til lokalmatutsalg og kafear med smørbrød, kaker og smårettar.

🔟 Stå på ski:
Ved foten av Galdhøpiggen kan du stå på ski på ein isbre 1850 meter over havet. Galdhøpiggen sommerskisenter har ein t-krokheis og er ope kvar dag kl. 9-15.

🔗Du finner flere tips, inspirasjon og informasjon på nettsida vår:
www.visitjotunheimen.no

Velkomen til oss i sommar! 🌱🌿

To nye og luftige ruter i Galdhøpiggen klatrepark! Velkomne!
25/06/2023

To nye og luftige ruter i Galdhøpiggen klatrepark! Velkomne!

25/06/2023

Open kvar dag frå 10-17(15 siste frammøte)
fram til 19 august!

13/06/2023
07/07/2022

🔟 T I P S TIL
🔹 K U L E 🔹F AM I L I E A K T I V I T E T A R🔹
- i områda rundt Lom og Jotunheimen 🏃‍♀️🏃

Bygda og fjellheimen er ei perfekt «base» for ein gøyal, smakfull og barnevennleg sommarferie for heile familien.

Her er våre 10 beste aktivitetstips:

▪ 1: Utfordre høydeskrekken | La ungane få utløp for energi i klatre- og aktivitetsparken i sentrum eller i den spektakulære Galdhøpiggen klatrepark som ligg ved foten av Galdhøpiggen.

▪ 2: Test ut fiskelykka | Ta med deg fiskestonga og kombiner ein stutt eller lang fjelltur med aurefiske i eit fjellvatn. Midt i nasjonalparklandsbyen Lom kan du dessutan fiske med stong eller oter i elva.

▪ 3: Til fjells på hesteryggen | Opplev fjella og naturen frå hesteryggen. Fjelleventyret i Skjåk tilbyr rideturar til fjells (aldersgrense 12 år) og leieturar for dei minste (frå 5 år). Raubergstulen turisthytte har 1-3 timars rideturar (frå 8 år) og leieturar for dei under 8 år, ved foten av Galdhøpiggen.

▪ 4: Besøk steinsenteret | På Fossheim steinsenter finn du landets største utval av mineralar og smykkesteinar. I «gratistippen» utanfor steinsenteret blir det dagleg fylt på med sjeldne og fargerike steinprøver som ungane kan plukke med seg heilt gratis!

▪ 5: Ta deg ein bolle! | Bakeriet i Lom er viden kjent for sine luftige kanelbollar. I Lom kan du oppleve den rike og unike matkulturen gjennom alt frå husmannskost og gastronomi i verdsklasse - til lokalmatutsal og kaféer med smørbrød, kaker og smårettar.

▪ 6: Zipline over Prestfossen | Få deg eit skikkeleg adrenalinkick ved å suse i zipline over den brusande Prestfossen i Lom sentrum. Prestfosstraversen har drop-in i sommarsesongen, og startar rett utanfor Norsk fjellsenter.

▪ 7: Utforsk blåisen | På brevandring kjem du tett på bresprekkar, grotter og tårn i isen, trygt ivareteke av ein erfaren breførar. Du kan krabbe gjennom istunellar, bli fira ned i ein sprekk eller klatre med isøks i ein isvegg.

▪ 8: Istunnelen og Galdhøpiggen | I Klimapark 2469 kan du vandre 70 meter inn i isen - 7000 år tilbake i tid, og utforske isskulpturar og arkeologiske skattar. Ope dagleg frå midten av juni. I same område, frå Juvasshytta, går det daglege guida turar til Norges tak; Galdhøpiggen. Aldersgrense: 7 år.

▪ 9: Bli bergtatt | Norsk fjellsenter kombinera lek og læring gjennom utstillinga «Bergtatt». Få tåke, lyn og torde rett i fletta i vêrrommet, form dine eigne landskap i sand og vatn, bygg fjell og oversvøm dei i sandmodellane - eller test ut rebusløypa for barn.

▪ 10: Vilt og vått i vatnmassane | Det høve for rafting og aktivitetar knytt til vatnsport både i Skjåk, på Sjoa og i Vågå.

💡Fleire tips, inspirasjon og informasjon på nettsida vår: https://bit.ly/OpplevLomJotunheimen

🌸🌸🌸
Håpar vi sjåast i bygdene og fjellheimen i sommar. Lag dykk ein riiiiiiktig god ferie, folk!

PS: Turistinformasjonen vår er ope kvar dag (mondag- laurdag) frå kl. 09 - 21 og søndag kl. 10-18) Du finn oss midt i Lom sentrum!

25/06/2022

Ope kvar dag frå 10-17 (siste oppstart kl 15)
fram til 13 august

fortsattt mogleg kjøpe seg gavekort!
22/12/2021

fortsattt mogleg kjøpe seg gavekort!

Myke pågang om dagen, for å være sikra plass så bestill billett på www.aktivilom.no!
23/07/2021

Myke pågang om dagen, for å være sikra plass så bestill billett på www.aktivilom.no!

Aktiv i Lom ynskjer deg velkommen med på tur, aktivitet og opplevingar i Nasjonalparklandsbyen Lom og Jotunheimen. Familieferien byrjar her!

26/06/2021

Ope kvar dag frå 10-17.00(siste oppmøte kl 17.00

Adresse

Galdhøpiggvegen 453
Lom
2687

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Galdhøpiggen Klatrepark legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Galdhøpiggen Klatrepark:

Del