Sans og Samling

Sans og Samling Handarbeidslaget i Leikanger. Ope for alle!

Handarbeidslaget Sans og Samling skal vere ein organisasjon for alle som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast på Systrond og som ønskjer å bidra til å skape sosiale møteplassar for medlemmane og andre i bygda.

Butikken vår er open i dag frå kl. 11 til kl. 14 som vanleg. Mange fine heimelaga skattar å finne.
02/05/2026

Butikken vår er open i dag frå kl. 11 til kl. 14 som vanleg. Mange fine heimelaga skattar å finne.

Har du lyst til å lære meir om snekring og trearbeid? I pinsehelga inviterer Handarbeidslaget Sans og Samling til snekka...
19/04/2026

Har du lyst til å lære meir om snekring og trearbeid? I pinsehelga inviterer Handarbeidslaget Sans og Samling til snekkarkurs for nybyrjarar, med fokus på meistring og praktisk læring i sosialt lag.

Snekkarkurs for nybyrjarar 19. april 2026 Har du lyst til å lære meir om snekring og trearbeid? I pinsehelga inviterer Handarbeidslaget Sans og Samling til snekkarkurs for nybyrjarar, med fokus på meistring og praktisk læring i sosialt lag. Stad: Leikanger barneskuleDato: fredag 22. mai og laurd...

I dag finn du Handarbeidslaget Sansogsamling på Hanahaug! Vi opnar ikkje butikken i sentrum i dag, men stiller med stand...
18/04/2026

I dag finn du Handarbeidslaget Sansogsamling på Hanahaug! Vi opnar ikkje butikken i sentrum i dag, men stiller med stand i samband med arrangementet til Kjeringi Open på Hanahaug.

Vi satsar på å selje dei flotte heimelaga varene våre ca. mellom 11.30 og 13.30 - kom gjerne innom for ein god handel og ein prat med Ruthild og Grethe :)

Det er mykje som skjer på Hanahaug i dag - både kafé, underhaldning frå scena, ulike salsboder, sykkelritt for ungane og etter kvart målgang for alle deltakarlaga og superkjeringane. Programmet for Kjeringi Open 2026 finn de her:

– Handbakkonkurranse – kven er «sterkast på Systrond?» Systrening inviterer heile bygdi til å prøva seg og deler inn i ulike klassar.

Fantastisk innsats på nett-dugnad på ungdomshuset i dag 🤩 Og i morgon kl. 14 er det rydda og klart for Kvinnedagskafé 8....
07/03/2026

Fantastisk innsats på nett-dugnad på ungdomshuset i dag 🤩 Og i morgon kl. 14 er det rydda og klart for Kvinnedagskafé 8. mars - også på ungdomshuset.

09/01/2026

Godt nyttår! Vi ønskjer å takke alle frivillige, kundar, deltakarar på aktivitetar og kurs og andre for eit veldig fint år! Vi opnar butikke igjen i morgon, 10/1, frå kl.11 til kl. 14 som vanleg.

På den vesle frivillige butikken vår sel vi kvalitetsprodukt som er strikka, sydd, hekla, måla eller på anna måte laga av lokale krefter. I november og desember har vi solgt for nesten 30 000 kroner, så det var nok mange heldige som fekk nye vottar eller sokkar under juletreet i 2025 🧶🧦🪡

Gode tips til julegåver her frå Norges Bygdekvinnelag. Vi er i tillegg så heldige å ha eit utsal av nydelege heimelaga p...
12/12/2025

Gode tips til julegåver her frå Norges Bygdekvinnelag. Vi er i tillegg så heldige å ha eit utsal av nydelege heimelaga produkt her på Leikanger. Her kan alle som ikkje strikkar, syr eller bakar sjølve også finne julegaver som vert sett pris på! Butikken vår er open laurdag frå 11 til 14.

Sjekk ut våre tips til grøne, koslege og nyttige julegåver!

I dag er me på plass på julemarknad på Villmarka frå kl 11 til 15. Her bugnar det av flotte julegåver! Kom-kom 🤩
29/11/2025

I dag er me på plass på julemarknad på Villmarka frå kl 11 til 15. Her bugnar det av flotte julegåver! Kom-kom 🤩

06/10/2025

Hadde ein fin dag med masse sal på fruktbare dagar. No jobbar vi fram mot julemessa og håper de kan lage masse fint som vi kan ta med dit😀

Kanskje kan det friste med strikkekafé på Det gule huset i Sogndal?
22/09/2025

Kanskje kan det friste med strikkekafé på Det gule huset i Sogndal?

Velkommen på strikkekafe onsdagar kl.16-18, oppe i 2.etasje! Kom når du vil innafor denne tida, og ta med deg strikketøy eller anna handarbeid. Kafeen er open med søtt og salt, men du er også velkommen utan å kjøpe noko.

Det vert strikkekafe annkvar onsdag i haust, i partallsveker (17.sept., 1.okt., 15. okt., 29.okt., 12.nov., 26.nov., 10.des.). Vel møtt til trivelege ettermiddagar utover hausten!

Er du glad i å sy? Vi er ein liten gjeng her på Leikanger som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskule annakvar ...
29/08/2025

Er du glad i å sy? Vi er ein liten gjeng her på Leikanger som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskule annakvar tysdag for å sy i lag, diskutere, spørje om råd, inspirere kvarande og skravle. Rommet er stort og lyst, og godt eigna til syprosjekt. Sykveldane startar opp tysdag 16. september, og samlinga er frå kl. 18.00 til kl. 21.00. Alle er velkomne til å delta!

Bli også gjerne med i Facebook-gruppa Sykveldar med Handarbeidslaget Sans og Samling

Sykveldar hausten 2025 29. august 2025 Vi er ein liten gjen som er glade i å sy, og som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskulen annakvar tysdag for å sy i lag, diskutere, spørje om råd, inspirere kvarande og skravle. Rommet er stort og lyst, og godt eigna til syprosjekt. Alle er velk...

Adresse

Riverdalen 2
Leikanger
6863

Åpningstider

11:00 - 14:00

Telefon

+4799044666

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sans og Samling legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sans og Samling:

Del