04/10/2026
FREDAG 16 0KTOBER
KL 1930
NÅR SKOGEN GULNA OG GRASET ER BLÅTT
VELKOMMEN TIL EIN FLOTT BLUEGRASSKVELD PÅ GRINDLØDA
Me får besøk av bluegrassbandet Misery and Company
Bilettar kr 300
Forhandstinging på telf 48038720
Velkommen
Misery and Company spelar handlaga bluegrass og americana med sterke røter i den amerikanske tradisjonen – fleirstemt song, banjo, fele, gitar og kontrabass, og eigne låtar med både driv, melankoli og glimt i auget.
Bandet har markert seg på konsertscener og countryfestivalar, og vart kåra til «Årets nykommar» av NRK Sogn og Fjordane. I oktober 2026 slepp dei sitt andre album, Our Time in the Sun, ei plate som viser eit band som har funne sitt eige uttrykk innan bluegrass og americana.
Misery and Company består av Silvia Holmøy, Eivind Skjerdal, Sigmund Larsen, Atle Oen og Eirik Haugland. På konserten på Myreløda har dei også med seg Stig Ulv på mandolin, som også medverkar på den nye plata.
På scena handlar det om levande musikk, t***e harmoniar og speleglede – akkurat slik denne musikken skal låte.