Kvennberget

Kvennberget Her kan du se rester etter kvernsteinproduksjonen som var på Lalm. Informasjon:
Her kan du se rester etter kvernsteinproduksjonen som var på Lalm. Eksport.

Det er en stor parkeringsplass ved starten av Kvennberget. Det er en tydelig sti som leder inn og det er bare å følge den. Du kan lese deg opp på den informasjonen som finnes underveis. Fra inne i selve kvennberget kan man komme ned til en benk og en turkasse, der det ligger en gjestebok. Skrive gjerne en hilsen. Følger man stien videre derfra, kommer man ned på Kvennbergvegen. Den følger man tilb

ake til parkeringen. Utstilling:
Se utstilling på Lalm Samfunnshus. Ta kontakt på telefon 90261947 hvis du vil se utstillingen. Mer informasjon:
Ta kontakt med Vågå kommune på 61293600 hvis du vil vite mer om Tolstadkvennberget på Lalm. www.vaga.kommune.no

Freda:
Kvennberget (Tolstadkvennberget) vart freda i medhald av lov om kulturminne, i 1987. Formålet med fredinga var å ta vare på verknadene av dette fornminnet i landskapet, og verne dei vitenskaplege interessene som knyter seg til dette. Det var ei lokal tilsynsnemd for Kvennberget som tok initiativ til fredinga. Årsaka var at området nord for Kvennberget var planlagt til industriformål, og ein frykta at nye tiltak kunne få negative verknader for dette kulturminnet. Tolstad-kvennberget på Lalm - ei 600 år gamal industrihistorie

Tekst: Terje Kleiven

Det er stilt i Tolstad-kvennberget i dag. Men enda kan gruvebrot, store slagghaugar, og gamle kvennsteinar, fortelja ei 600 år lang kulturhistorie - om den gongen dette var den viktigaste industriarbeidsplassen i Gudbrandsdalen. Så langt attende som 1464 er Tolstadkvernberget nemnt i skriftleg materiale, i samband med sal av Tolstad på Lalm. Alf Knutson, sannsynlegvis den største private jordeigarane som har vore her til lands, kjøpte da opp både garden og kvennberget. Men det har truleg vore drift her sidan tidleg mellomalder. Også fleire andre stader i Vågå og Sel, kan ein sjå spor etter uttak av kvennstein, men det var nok einast i Tolstadkvennberget at det var storproduksjon. Tolstad-kvennberget finn du ca ein kilometer opp for den vesle tettstaden Lalm i Vågå kommune i Gudbrandsdalen, like ved det som i dag er industriområde. Krongods under kongen. Alf Knutson eigde Tolstad i meir enn 100 år, og hadde forskjellige bygselsmenn til å drive garden for seg. Da den siste ætlingen, Gyrvil Fadersdotter, vart gamal, gav ho mest alt ho åtte til kongen. Kongen fekk skjøte på Tolstad med kvennberget i 1586. Med unntak av nokre få år på 1640-talet, var garden krongods heilt fram til byrjinga av 1660. Da vart Tolstad selt til hollendaren Celius Marcelius. I 1685 selde son til Marcelius, garden med kvennberget til han som da var bygselsmann, Hans Pålson Tolstad. Frå korn til mjøl. Som namnet seier vart det hogd ut kvennsteinar - for å male korn om til mjøl. I førstninga var det håndkvenner som vart brukt. Det gjekk for seg på den måten at den nedste steinen var fast, medan den øvre vart dratt rundt ved hjelp av muskelkraft. Kva tid bekkekvennene overtok er det delte meiningar om, men truleg kom det i gang rundt 1300. Men det skaut særleg fart utover på 1600-talet, da det fanst kvenner mest i kvar ein bekk. Ofte gjekk fleire gardsbruk saman om eitt kvennbruk. Denne utviklinga førte til større etterspørsel etter stein, og aktiviteten auka. Det synest også som om etterspurnaden var stor på 1800-talet, da folketalet tok til å vekse. Særleg kring 1830 var det mange som hadde vinterarbeid, og det hadde nok ikkje så reint lite å seia for dei som budde på dei minste bruka. Kvar tredje eller fjerde stein i leige. Oftast var det slik at andre gardbrukarar fritt kunne hogge stein, mot at kvar tredje eller fjerde (det varierte litt etter som tida var) stein gjekk åt grunneigaren i leige. Ein kan lesa om fleire rettssaker - om rettane til å ta ut stein, krangel om leige osv. Det viser vel berre kor viktig denne verksemda var. På 1600-talet kunne ein få så mykje for ein kvennstein at det svara til verdien av 3-4 kyr. Granatglimmerskifer. Bergarten som er glimmerskifer er ljos grå eller grå-brun med tydeleg lagdeling. Det som gjer denne steinen spesielt egna er dei små raud-brune granatane som sit tett i tett. Granatane er jernhaldige og er så hard at han kan ripe i glas. Etterkvart som steinane blir sliti kjem det fram stadig nye granatar. Steinen vart hogd ut med hjelp av hamar, meisel og spett. Kor mange mislykka emne som laut kasserast for kvar vellykka stein, kan vi berre tenkje oss til. Dei store skrothaugane vitnar om at det vart mykje avfall og vrakstein frå produksjonen. Det vart eksportert kvennstein over heile Austlandet, ja ei tid heilt til Holland og Belgia. Det var særleg store steinar som vart eksportert utanlands. Steinen vart frakta på vinterføre med hest nedover til Kristiania for vidare transport med båt. Under Storofsen i 1789 vart det gamle brotet øydelagt av ras, men det vart starta opp att på den plassen som vi kjenner i dag med Kvennbergsholo som sjølve hovedbrotet. Ei tid sto det ei smie i botnen av gruva. Redskapen laut sjølvsagt kvessast i blant. Men utpå 1870-talet var det slutt, sjølv om det vart hogd ein del steinar heilt fram til 1890. I denne tida var det ”trongt” i bygdene med stor utvandring til Amerika. Berre på nokre få år vart 40-50 bruk fråfløtte berre i Vågå. Østerdalsbana vart bygd og kvennsteinproduksjonen i Selbu overtok meir av marknaden. Selbu-steinen vart også rekna for å vera av betre kvalitet. Etterkvart vart det også bygd større møller som erstatta dei små kvennhusa. Eit 600 års langt industrieventyr på Lalm var over. Kjelder:
Iva Kleiven ”I gamle dågå”
Jakob Brekken i ”Årbok for Gudbrandsdalen 1980”
”Tolstadkvennberget” (brosjyre utgjeve av tilsynsnemnda for Kvennberget)

Velkomne til minikonsert med Mads Erik Odde og Geir Thorud i Kvennberget torsdag 24.juni kl. 19.00 😊🎵🎶 Gå gjerne turen f...
14/06/2021

Velkomne til minikonsert med Mads Erik Odde og Geir Thorud i Kvennberget torsdag 24.juni kl. 19.00 😊🎵🎶 Gå gjerne turen frå parkeringsplassen og innover stigen, der du kan lesa informasjon om det freda kulturminnet. Konserten er gratis.

01/06/2020
31/05/2020
Kassa er reparert, boka limt sammen og penner på plass igjen. Samt en rull med søppelsekker, så kan man ta med søppelet ...
31/05/2020

Kassa er reparert, boka limt sammen og penner på plass igjen. Samt en rull med søppelsekker, så kan man ta med søppelet sitt tilbake hvis man vil raste i Kvennberget.

Når man kjeder seg, så er det å ødelegge den beste medisin tydligvis, trist at det vi prøver å ha i orden, blir ødelagt ...
31/05/2020

Når man kjeder seg, så er det å ødelegge den beste medisin tydligvis, trist at det vi prøver å ha i orden, blir ødelagt av andre. Bok og kasse blir reparert idag og nye penner blir lagt ut igjen.

Et flott turområde :)
31/07/2019

Et flott turområde :)

Nå er det ny turkasse i Kvennberget, nymalte informasjonstavler/skilt og ryddede stier. Tusen takk til Vågå kommune og M...
30/07/2019

Nå er det ny turkasse i Kvennberget, nymalte informasjonstavler/skilt og ryddede stier. Tusen takk til Vågå kommune og Mona Sveen. Nå er det bare å gå seg turer i Kvennberget :)

Bedre skilting inn i Kvennberget på plass. Dette er inngangen ved Eidefoss sitt lager. Skiltene synes godt fra veien. Hå...
16/06/2018

Bedre skilting inn i Kvennberget på plass. Dette er inngangen ved Eidefoss sitt lager. Skiltene synes godt fra veien. Håper mange tar seg en tur inn i Kvennberget i sommer :) God sommer :)

30/09/2017

Kvernsteinsproduksjon basert på granatglimmerskiferen i Tolstadkvernberget går tilbake til 1426 eller tidligere og varte frem til slutten av 1800-tallet, en periode på opp mot 500 år.

Gjennom denne tiden har landskapet endret seg ikke bare med mengden stein som de lokale bønder og husmenn brøt ut fra berget, men også i takt med måten bruddene ble drevet på.

Det som i dag fremstår som de mest iøynefallende bruddene, ’Storgruva’ og et mindre, tilsvarende brudd litt vest, stammer fra siste del av driftshistorien men er ikke representativ for kvernsteins-driften som helhet. Denne perioden, som trolig varte fra utpå 1700-tallet, var egentlig en nedgangstid i Tolstadkvernberget, med dalende produksjon på grunn av konkurransen fra de store kvernsteins-bruddene i Selbu i Sør-Trøndelag.

Endelig nye skilt. Ble veldig bra.
04/09/2017

Endelig nye skilt. Ble veldig bra.

ETTERLYSNING!! Noen som vet hvor dette skiltet er?? Det er sporløst borte. Ble tatt ned etter åpningen på 80 tallet, for...
28/08/2017

ETTERLYSNING!! Noen som vet hvor dette skiltet er?? Det er sporløst borte. Ble tatt ned etter åpningen på 80 tallet, for å bli rettet på, men etter det er det ingen som har sett det. Kontakt Mona Sveen i Vågå kommune eller Rune Borgan Isaksen hvis noen vet hvor dette skiltet er. På forhånd takk.

Adresse

Kvennbergvegen
Lalm
2682

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvennberget legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvennberget:

Del