18/05/2021
OPERA & BOBLER – Denne laurdagen, 22. mai, gjer 23/7 scene comeback, og det til sjøs! Me tek med oss to fantastiske operasongarar og ein strålande pianist og reiser ut på Nærøyfjorden, med herlege bobler (med eller utan alkohol) inkludert i prisen! For dei som vil gjera ein heilaftan utav det, er det skaldyrkveld på Fretheim hotell etterpå, men det er òg mogleg å berre bestille båtturen.
Musikken blir ei herleg blanding av norsk klassisk (tenk Sivle og Grieg) og superhits frå operaverda. Ein del blir på utanlandsk, men ganske mykje blir òg sunge i moderne, nynorske omsetjingar, som gjev ein ekstra dimensjon på opplevinga.
Turen går på den vakre båten Legacy of the Fjords, og arrangørane har teke strenge grep for å sikre smittevern ombord. Bruk lenkje i bio, for å kjøpe billett!
Utøvarane:
Nora Oleanne Sårheim – sopran
Johan Olsson – tenor
Andreas Løken Taklo – piano