Lærdal kino

Lærdal kino Lærdal kommunale kino ynskjer å gi publikum eit variert filmtilbod med gode og aktuell filmar. Kinoen har lange tradisjonar i bygda med drift sidan 1938. NB!

Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus! Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus!Kinoen har lange tradisjonar i bygda med drift sidan 1938. Lærdal kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyningar kvar søndag og enkelte torsdagar. Kinoprogrammet finn du her på faceb

ooksida vår (under Hendingar), i aktivitetskalendaren på kommunen si heimeside, Helg & Kvardag, på skjermen i kulturhuset og i plakattavlene på rådhuset. Billettar kan tingast på førehand ved å sende ein sms til tlf. 905 84 198, skriv kva namn tinginga skal stå på, kor mange billettar og kva dato og film. Teknisk I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har elles topp moderne 7.1 lydanlegg; QSC hovudhøgtalarar og JBL basshøgtalarar og surround, QSC surround prosessor og forsterkarar. Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar. Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova. Som kino er me lovpålagt å handheve aldersgrensene på filmane. Du kan bli spurt om å syne legitimasjon på filmar med aldersgrense, er me i tvil og du ikkje har med gyldig legitimasjon vert du nekta inngang. Me godtek bilete av ID sida i pass på mobil som legitimasjon. Aldersgrenser på kino:
A – tillate for alle
6 år – alle born i fylgje med vaksne
9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne
12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne
15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne
18 år – absolutt aldersgrense

Billettprisar på kino Vaksne kr. 120,- Born kr. 80,-
Eigne prisar for einskilde premierer og spesielle framsyningar. Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis. Det er høve til å kjøpe gåvekort på kinoen når me har framsyningar, og elles i servicesentralen på rådhuset. Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino. Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa. Kinostyrar: Øyvind Hamre
Tlf: 905 84 198
E-post: [email protected]

08/06/2026

Hei folk!

No kommande søndag, 14.06. kl. 19:00, byr kinoen på ny sci-fi film frå Steven Spielberg!

Aldersgrense 9 år.

Om du fann ut at me ikkje er åleine i universet, om nokon faktisk kunne bevise det, ville det skremt deg?

Hei folk!Kommande torsdag, 11.06. kl. 19:00, byr kinoen på lokal dokumentar om krafthistoria i Aurland.Trailer: https://...
07/06/2026

Hei folk!

Kommande torsdag, 11.06. kl. 19:00, byr kinoen på lokal dokumentar om krafthistoria i Aurland.

Trailer: https://vimeo.com/1174766442

Kva skjer når ei heil bygd står mot storsamfunnet? Når naturvernaren og kraftingeniøren kjempar om det same fjellet? Og når utfallet avgjer framtida til ein heil kommune?
Aurlandsutbygginga (1969–1985) var Norges første store miljøkamp — ein kamp som rista stortingssalen, utløyste demonstrasjonar og for alltid endra korleis Norge tenker på kraft og natur.
“Kampen alle vann” fortel historia bak krafteventyret: dramatikken, konfliktane, det politiske spelet — og menneskja midt i det heile. Dei som bygde, dei som kjempa, og dei som berre ville at bygda deira skulle overleve.

This is "Trailer "Kampen alle vann"" by Filmprodusentane AS on Vimeo, the home for high quality videos and the people who love them.

07/06/2026

Minner om framsyninga i kveld, 07.06. kl. 19:00, av The Mandalorian and Grogu!

Aldersgrense 12 år.

06/06/2026

Minner om framsyninga i dag, 06.06. kl. 16:00, av Diplodocus og den magiske hokus pokus!

Aldersgrense 6 år.

04/06/2026

På kinoen no laurdag 06.06. kl. 16:00!

04/06/2026

På kinoen no søndag 07.06. kl. 19:00!

02/06/2026

Hei folk!

No kommande søndag 07.06. kl. 19:00 byr kinoen på eit nytt Star Wars-eventyr frå Lucasfilm!

Aldersgrense 12 år.

Mandalorian og Grogu legg ut på sitt mest spanande oppdrag hittil. Det vonde imperiet har falle, men imperiet sine krigsherrar er framleis spredt utover heile galaksen. Den nye republikken jobbar for å beskytte alt som opprørarane kjempa for, og får hjelp av den legendariske mandalorianske dusørjegeren Din Djarin (Pedro Pascal) og den unge lærlingen hans Grogu.

02/06/2026

Hei folk!

No kommande laurdag, 06.06. kl. 16:00 byr kinoen på eventyrleg familiefilm om ein liten dinosaur som må berge foreldra sine.

Aldersgrense 6 år.

Diplodocus er ein nysgjerrig liten dinosaur. Når foreldra hans forsvinn under mystiske omstende, må han, saman med ein trollmann og to eksentriske vitenskapsmenn, legge ut på ei reise gjennom fantastiske stader for å redde dei.

Adresse

Øyraplassen 14
Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lærdal kino legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lærdal kino:

Del

Type