18/04/2026
Korpset: Vår aller største superkraft – og vi har plass til deg!
Som dirigent og musikant sidan 1992 har eg sett og kjent det mange gonger: Den magiske augneblinken når ein nervøs 10-åring og ein stødig 70-åring finn same tone og smiler til kvarandre. Etter det fantastiske jubileumsåret vårt i Kviteseid Hornmusikk i fjor, sit eg att med ei tydeleg erkjennelse: Det vi driv med er ekte vare.
Vi har alle høyrt dei: Dei slitne Hollywood-vitsane om «this one time at band camp» og liknande kommentarar som prøver å gjere korpsmusikken til ein litt teit spøk. Men la oss leggje dei ballane daude ein gong for alle. Det vi driv med i korps er nemleg alt anna enn ein vits – det er fellesskap, handverk og råtøff innsats!
I ei tid der mykje blir generert av algoritmar og AI, representerer korpset noko av det mest menneskelege som finst. Ein tone i Kviteseid Hornmusikk kan ikkje «lastast ned». Han blir skapt her og no, av levande menneske som pustar i takt. Bak kvar note ligg det ekte innsats, samhald og ei unik nerve som berre oppstår når vi er saman.
Det mest fantastiske med korpset vårt er at vi er ein av dei få stadene i bygda der generasjonar møtest som likemenn. For dei unge som byrjar gjev dette ein heilt unik tryggleik. Her får dei vaksne vener og mentorar som ikkje er foreldre eller lærarar, medan vi vaksne får ta del i den herlege energien til dei unge. Det er fantastisk å sjå korleis felles musikkglede viskar ut aldersskilje. Dette samhaldet gjer Kviteseid og alle andre bygder med generasjonskorps varmare og sterkare.
Det vi driv med er nevrobiologisk magi! Forsking viser at det å spele eit instrument aktiverer nesten kvar einaste del av hjernen samtidig. Det styrker problemløysing og kreativitet. Når vi meistrar noko saman, frigjer hjernen oksytocin – «tryggleikshormonet» som byggjer djupe band mellom oss. Denne ballasten er gull verd når ungdommen vår flyttar ut for å studere. Instrumentet er verdas beste flyttelass; det gjev deg ein ferdig «familie» og ein snarveg til inkludering i ein ny by, uansett om du hamnar i Bø, Oslo eller Trondheim.
Når vi dreg på oss uniformene, gjer vi det med stolthet. Uniforma er vår lagdrakt. Ho fortel ei historie om disiplin og tradisjon. Det krev eit heilt eige mot å ta på seg uniforma og stille seg opp for bygda si. Det viser barn og ungdommar som tør å stå for noko og som tør å vere synlege. Hyll dei som tør!
Vi i Kviteseid Hornmusikk vil gjerne ha med fleire på laget. Har du spela før og har lyst til å børste støv av instrumentet? Eller har du ein draum om å lære noko heilt nytt? Vi har plass til både store og små. Her får du ikkje berre ein hobby, men ein familie, ein hjerne-boost og eit analogt fellesskap som varer livet ut.
Kom og bli med oss – vi byggjer menneske, hjernar og lokalsamfunn, éin ekte tone av gongen!