11/06/2026
KORSET - Den kristne tru sitt fremste symbol. Kristi kors veit vi ikkje eksakt korleis såg ut, men kunsthistoria har vist oss fleire døme. Korssymbolet har to retningar, to vegar; frå Gud til oss og frå oss til resten av skaparverket. ✝️ Eg lagar kors i fleire former, mange fargar. Kvar form og kvar farge fortell om Guds kjærleik, Jesus som er sterkare enn døden og eit livssyn som trur på Guds nærvær i liv og i død.