13/07/2026
På Landskappleiken i år var det plateslepp av ‘Løynde slåttar - Speletradisjon i Evje og Hornnes’. Denne utgjevinga er eit uttrykk for læring, fordjuping og vidareføring av tradisjon, eit møte mellom ung spelemannsglede og levande musikkarv. Med dette markerer Endre Stulien Robstad og Vidar Lande seg som tradisjonsberarar som tek vare på og fører vidare tradisjonen frå Evje og Hornnes.
Desse slåttane har nært vore gløymd bort, difor er det eit viktig bidrag å tørke støv av dette materialet og få dei opp og fram i lyset, ein viktig dokumentasjon for området sin kulturarv både for notida og framtida.
Fleire bidreg på denne utgjevinga, bl.a Stein Austrud, Harald Stulien Robstad og Inger Lise Stulien. Roald Råsberg har vore lydteknikar, miksa og mastra produksjonen. MTG Music er utgjevar av CDen som blir gjeven ut fysisk i tillegg til alle digitale strøymetenester.
For dei som bur i Setesdal er plata for salg på Syrtveit Gard, Setesdalsmuseet, Norli på Evje, på Hovdestøylen og Hovden kunstgalleri.