11/06/2026
I forrige uke fikk vi oppleve magiske toner fra Åshild Wetterhus si kraviklyre under samlingen vår, og nå har du mulighet til å bygge en selv! Bli med på Folkemusikksenteret sine helgesamlinger der du får lære å lage kraviklyre steg for steg!
Bygg di eiga lyre!
I løpet av fire helgesamlingar i haust tek Sverre Heimdal deg trinn for trinn gjennom prosessen frå plank til ferdig bygd kraviklyre. Kurset finn stad på Sigdal ungdomsskule/ Folkemusikksenteret, med plass til 6 deltakarar. Du kjem til å lære om tresortar, verktøybruk, liming, sliping og strenging av lyra.
Når kurset er over, dreg du der frå med eit handlaga instrument – og ei ny forståing for lyd, materiale og handverk.
Kursdagar: laurdag og sundag kl. 10-18:
- 29.-30. august
- 19.-20. september
- 10.-11. oktober
- 24.-25. oktober
Kraviklyra har namnet sitt frå garden Kravik i Nore i Numedal. I 1848 og 1849 var dei kjende nasjonalromantiske målarane Adolph Tidemand og Joachim Frich på tur i Numedal. Då var de mellom anna på Kravik; der teikna dei kraviklyra. På Tidemands teikning står det: ”Gammel norsk Strengeleg. På Gaarden Kravig i Nummedalen. 1 1/8 alen høi, 11 tom. Bred”. Av di lyra vart vist fram for desse kunstnarane er det grunn til å tru at ho vart sett på som ein særeigen og interessant gjenstand.
I 1864 kom lyra til Oldsakssamlinga i Oslo. No er den i Norsk Folkemuseums eige, på Bygdøy.
Mange folkemusikarar har dei siste åra teke kraviklyra i bruk som akkompagnement til song. Musikaren Einar Selvik brukar lyra i det verdskjende bandet sitt Wardruna, og har reist verda rundt med instrumentet frå Numedal.
Det er grovt sett 7 stadium i bygging av ei lyre:
1. Forming av kroppen
2. Lage lok og ljodhol
3. Utskjeringar
4. Liming
5. Lage stillepinnar
6. Lakkering
7. Rigging
Instruktør Sverre Heimdal er instrumentmakar frå Nore i Numedal. Sverre har gjort ein stor innsats når det gjeld å byggje kopiar av lyra og kome med djupare innsikt om instrumentet. Frå 1989 og fram til i dag har han bygd over hundre lyrer.
Pris. 7000,-
(Inkluderar overnatting, frokost, lunsj, materialkostnadar og lån av verktøy. Middag kjem i tillegg.)
Påmelding via mail til [email protected] innan 10. august 2026
Arrangørar: Folkemusikksenteret i Buskerud og Numedal spel- og dansarlag
Takk for økonomisk støtte frå Buskerud Folkemusikklag, Buskerud musikkråd, Arve Kværnums minnefond og Gry Charlotte Ljøterud Andersens minnefond.